Hopp til innhald
Nynorsk
Fagstoff

Måleur

Måleuret kan ha same målenøyaktigheit som mikrometeret. Det blir blant anna brukt til utmåling av lagerklaringar, måling av kast i lager og akslingar og innstilling av innsprøytingstidspunkt på dieselrotorpumper osv.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Det finst både mekaniske og digitale måleur. Dette mekaniske måleuret har ei målenøyaktigheit på 1/1000 mm = 0,001 mm.

Praktisk bruk av måleuret

  • Handter måleuret forsiktig, då det er ømtolig for slag, støv og hakk.
  • Eit måleur skal oppbevarast sikkert, gjerne i eigen koffert.
  • Kontroller og kalibrer måleuret (sjekk og justering) jamleg. Dette følgjer visse årlege intervall.
  • Pass på at måleuret er godt festa, og at det står på ein trygg plassering.
Skrive av Industriskolen.
Sist oppdatert 06.09.2018