Prosesshefte
Innhald i eit prosesshefte
Det blir stilt høgare krav til dokumentasjonen frå ein elev på vg3 enn på vg1, og krava vil variere frå oppgåve til oppgåve. Ved å klikke deg gjennom tidslinja under får du oversikt over kva eit fullstendig prosesshefte kan innehalde. Den beste visninga av tidslinja får du ved å sjå henne på full skjerm. Klikk på ikonet øvst i høgre hjørne i presentasjonen under.
Analoge prosesshefte
Eit analogt prosesshefte består av fysiske ark som er sette saman til eit hefte. Slike var det vanleg å bruke før vi fekk digitale verktøy, og det blir framleis brukt i nokre prosjekt. Heftet bør ha ei framside med tittel og namnet ditt på. Ei innleiing som forklarer prosjektet, hjelper den som skal sjå gjennom heftet. Gi ein tittel til kvart ark, og organiser innhaldet oversiktleg og estetisk. Det vil slå positivt ut. Det er lurt å jobbe med prosessheftet parallelt med prosjektet ditt.
Skisser, fargepalett og biletmateriell
Av og til vil det vere best å lime skisser, tekstar, fargepalettar og andre biletdøme på eit ark som skal inn i prosessheftet. Då kan du bruke både originalskisser, kopiar og utskrifter. Andre gonger har du heile ark som kan leggast rett inn i heftet.
Digitale prosesshefte
Digitale prosesshefte er fine når du skal organisere alt innhaldet som skal til for å dokumentere arbeidsprosessen din. Det luraste er å starte på dette med ein gong du får oppgåva, og så oppdatere undervegs. Du skal som regel ha med alt frå kjelder til inspirasjon og det som skjer fram til ferdig kunstverk.
I motsetning til med eit analogt prosesshefte, kan du raskt og effektivt forandre og oppdatere det digitale heftet. Det gir deg meir tid til å jobbe med det oppgåva handlar om. Arbeidet du legg ned i å lage prosessheftet, gir deg trening i å organisere mykje informasjon på ein visuell og estetisk måte. Dette er ein kompetanse du får bruk for vidare i studiar og arbeidsliv.
Digitale prosesshefte er lette å dele med andre
Ein av fordelane med digitalt prosesshefte er at det er lett for læraren å samle dei inn og slik få innblikk i prosessen din. Når alt er samla på ein stad, blir det enkelt for deg å levere inn dokumentasjonen. Det gjer det òg enkelt viss du vil dele med medelevar og få innspel frå andre. Det er sjølvsagt lurt å få innspela før den endelege innleveringa.
Lagre prosessheftet i ei sky
Viss du vel å lagre prosessheftet ditt i ei skyløysing for datalagring, har du tilgang til det uavhengig av stad og tid. Både det prosessheftet du jobbar med akkurat no, og dei du har laga tidlegare, kan lagrast i ei slik løysing. Det kan vere lurt, fordi du beheld tilgangen same kva som måtte skje med datamaskina di.
Det er òg fint å kunne sjå gjennom eigne prosesshefte i ettertid. Ofte vil du kunne sjå noko du vilje gjort det annleis no, enn for eit halvt år sidan. Det skal du ta som eit positivt teikn. Då har det skjedd læring.
Det du vil ta vare på for framtida, bør du kopiere over til ei skyløysing du som privatperson har kontroll over. Då har du tilgang til filene også etter du er ferdig som elev eller student.
Programmet Adobe InDesign
Eit prosesshefte er som ein brosjyre med fleire sider, både skriftleg tekst og bilete, og du kan variere layout på sidene. Du kan bruke programmet InDesign for å lage både prosesshefte, plakatar og presentasjonar. Dette er eit verktøy som blir brukt innan grafisk design og andre kreative bransjar.
Det du treng å kunne i programmet, er å opprette eit nytt dokument, lage fleire sider etter kvart, setje inn bilete, setje inn tekst og til slutt lagre. Du må òg lære å eksportere dokumentet ditt til ei PDF-fil før du leverer. Då sikrar du at kombinasjonen av skriftleg tekst og bilete kjem med slik du har tenkt. Det finst mange andre finessar i programmet InDesign, men dei vi har nemnt her, er meir enn nok til å lage eit flott digitalt prosesshefte.
Blogg og andre nettløysingar
Det finst digitale løysingar for å lage prosesshefte som ein blogg eller noko som liknar ei nettside. Dette kan vere ein fin måte å starte på. Det er lett å bruke, og layouten er ferdig laga. Ei ulempe kan vere at du ikkje får plassert elementa akkurat slik du vil ha det.
Oppgåve
Kva program og digitale verktøy har du på skulen din? Prøv å lage ei framside til eit prosesshefte som har ein tekstboks med tittel, ein annan tekstboks med namnet ditt og til slutt eit foto eller digital grafikk.
Relatert innhald
Eit tankekart er nyttig for å få oversikt over eit tema og for å finne samanhengar og utvikle idéar slik du vil formidle dei.
Eit inspirasjonsark blir òg kalla eit moodboard. Det kan hjelpe kunstnaren å styre prosjektet i rett retning.