Etikk og service

Kva er service?
Med service meiner vi den totalopplevinga ein kunde har i samhandling med verksemda og oss som servicemedarbeidar.
Når du blir tilsett som lærling, er ein stor del av jobben din å yte service. Det vil seie at du skaper gode opplevingar for kundar og brukarar.
Etisk forsvarleg service
Servicebransjen er eit samleomgrep for bransjar der service er ein viktig del av produktet som blir levert. Det å yte service er derfor ein stor del av jobben. Butikkmedarbeidaren som hjelper kundar med å kjøpe klede, yter service. Det gjer òg vektaren som har ansvaret for vakthald. Til dømes er eit sikkert kjøpesenter ein del av den gode handleopplevinga.
Når du yter service, må du sørgje for at du behandlar kundane dine på ein måte som er etisk forsvarleg. Med etisk forsvarleg meiner vi at handlingane dine er lovlege, og at dei ikkje er i strid med verdiane i samfunnet og det vi meiner er rett og riktig.
Vanskelege val
Nokre gonger kan du komme i ein situasjon der du er usikker på kva som er rett å gjere. Det finst inga enkel løysing. Du er då i ein situasjon som vi kallar eit etisk dilemma.
Årsaka til at vi kjem i slike etiske dilemma, kan vere at konsekvensane av det vi vel, medfører fordelar for nokre og ulemper for andre.
Nokre gonger blir det gale uansett kva vi gjer. I slike situasjonar må du vurdere kva som er viktigast eller mest rett.