Oppgåve
Presenter deg sjølv for andre
Føremålet med oppgåva er å bli medviten om korleis bilete kommuniserer. Ein kan også bruke oppdraget som ein del av eit bli-kjend-opplegg i klassen, der du fortel litt om deg sjølv og interessene dine.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Oppdrag 1: Lag eit sjølvportrett
Biletet skal ikkje berre vise fjeset ditt, men det skal også fortelje noko om deg som person.
Oppdrag 2: Lag ein biletserie om fritida din
Fotografer ein biletserie på fem til ti bilete som handlar om fritidsaktivitetane dine.
Etter opptak skal du laste bileta over til PC/Mac og etterbehandle dei i eit biletbehandlingsprogram. Bruk tid på å prøve ut ulike moglegheiter i programmet.
Presenter portrettet og biletserien for klassen din.