Hopp til innhald
Nynorsk

Fag

Fagstoff
Video

YouTube-generasjonen

YouTube er ein populær kanal blant barn og unge. Fleire youtubarar er blitt førebilete for barn og unge. Dette medfører ofte ein enorm tillit, ein tillit som kan seiast å vere til sals når han blir brukt i marknadsføringssamanheng. NRK-klippet nedanfor (lengde 01:47) frå 2016 tek opp tematikken.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Tenk over

Selma (15) vel å tru på at YouTube-heltane hennar berre tilrår dei beste produkta.

  • Kor mykje kan følgjarane eigentleg stole på innhaldet når youtubarane har fått betalt for å annonsere?

Klippet ovanfor er eit utdrag frå ein dokumentar ved namn Youtube-generasjonen. Du kan sjå heile dokumentaren nedanfor (lengde 57:33).

Skrive av Elisabeth Thoresen Olseng.
Sist oppdatert 11.01.2021