Hopp til innhald
Nynorsk

Emne

Arkivert 2026

Fagstoff

Blåkveite

Blåkveita er ein arktisk fisk som ikkje finst i vatn med høgare temperatur enn fire gradar. Ho liknar kveite, men blindsida er litt lysare enn augesida. Blåkveita lever av fisk, blekksprut og krepsdyr og er kjend for å kunne vandre langt.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Utbreiing og eigenskapar

Blåkveite finst i Nord-Atlanteren og andre nordlege farvatn. Hannfisken blir sjeldan over 70 cm og 4 kg, hofisken sjeldan over 100 cm og 13 kg.

Gyteområda for blåkveite strekker seg langs eggakanten mellom Vesterålen og Spitsbergen. Arten blir seint kjønnsmoden – hannen ved fire–fem-årsalderen og hoa først ved ni–ti-årsalderen. Oppvekstområdet er hovudsakleg ved Svalbard. Som vaksen, kjønnsmoden fisk lever han langs eggakanten ved 600–1200 meters djup, men han kan også finnast på grunnare farvatn.

Sesongen strekker seg over heile året, men blåkveita blir sjeldan seld fersk i sommarmånadene.

Fangst og fangstreiskapar

Fisket etter blåkveite går føre seg frå eggakanten nordover til Prins Karls Forland på Svalbard. Bestanden har variert opp gjennom åra, og fisket er strengt regulert og har i periodar vore stansa i eit forsøk på å auke bestanden. Blåkveite blir fanga med botntrål, linje eller garn.

Bruk

Blåkveite blir mest seld røykt, heil og i skiver. Røykt blåkveite passar best til koking eller i omnsbakte rettar. Ho blir gjerne servert med lys saus og kokte grønsaker.

Næringsinnhald

Innhaldet av omega-3-feittsyrer varierer med årstidene. Blåkveite er òg ei god kjelde til vitamin D.

Sjå Matvaretabellen frå Mattilsynet for nærare opplysningar om næringsinnhaldet.

Med andre ord

Latin: Reinhardtius hippoglossoides

Engelsk: Greenland halibut

Fransk: Flétan noir

Tysk: Schwartzer Heilbutt

Relatert innhald

Rettshavar: Norges sjømatråd.
Sist oppdatert 22.01.2025