God nok – haldningskampanje i sosiale medium

God nok
Det finst mange eksempel på at sosiale medium bidreg til at unge får eit negativt syn på eigen utsjånad. I dette læringsoppdraget skal du bidra til det motsette.
Tenk deg at du jobbar i eit reklamebyrå som får i oppdrag å lage ein haldningskampanje i sosiale medium.
Målgruppe: ungdommar
Oppdragsgivar: ein ideell organisasjon
Bodskap: Ungdom er gode nok som dei er. Dei har ein verdi heilt uavhengig av utsjånad og respons i sosiale medium.
Gangen i arbeidsoppdraget
Les aktuelle fagtekstar og gjer research. Diskuter med medelevar korleis de trur ungdom i dag blir påverka av sosiale medium. Lag eller bruk ei undersøking for å finne ut:
Kva for sosiale medium bruker ungdom?
Kven følgjer dei, og kva likar og mislikar dei med desse profilane?
Forsøk å finne fram til konkrete eksempel. Gjer også generelle søk på «ungdom og sosiale medium».
- Frisk opp kunnskapen din om retoriske verkemiddel.
- Vel deg ein ideell organisasjon som skal vere avsendar. Det kan vere organisasjonar som Raudekrossen, Du bestemmer eller ein fiktiv organisasjon.
- Formuler ein bodskap for å treffe målgruppa. Bruk det du kan om retoriske appellformer, og innsikt frå research-fasen til å utvikle ideen din.
- Skisser plan for to til tre medieuttrykk.
- Lag ein kommunikasjonsplan for ein haldningskampanje. Han bør beskrive målgruppe, bodskap, kommunikasjonstiltak og tidsplan. I tillegg må du forklare korleis retorikk og verkemiddel skal brukast for å nå gjennom med bodskapen til målgruppa.
- Arbeidet kan etter avtale presenterast munnleg eller skriftleg, med eller utan ferdigproduserte medieuttykk.