Norsk kringkastingshistorie

1. Radiobølgjer og teknologiutvikling
Søk og finn på nett.
Italienaren Guglielmo Marconi og canadiaren Reginald Fessenden var to av pionerane som eksperimenterte med å overføre lyd over store avstandar ved hjelp av radiobølgjer. Men det var også fleire som jobba med radiobølgjer.
Bruk ulike søkermotorar på Internett til å lage ei oversikt over forsøka i perioden 1880–1920 på å distribuere innhald over ein viss distanse på radiobølgjer. Oversikta skal innehalde fakta om:
- Når hendinga fann stad.
- Kven som utførte eksperimentet.
- Kva for distanse sendinga gjekk over.
- Kva slags teknisk utstyr som blei brukt.
2. Endring av teknologi og programformat
Lag ein presentasjon for klassen om norsk radiohistorie. I presentasjonen skal du leggje vekt på følgjande:
- den tekniske utviklinga
- korleis programformata har endra seg
- korleis målgruppa har endra seg
Bruk bilete og lydklipp frå NDLA eller andre nettstader som eksempel.
3. Offentleg kringkastingsmonopol
Skriv eit essay der du greier ut om desse punkta:
- dei viktigaste årsakene til at Stortinget i 1933 valde å etablere eit offentleg kringkastingsmonopol i Noreg
- kva for intensjonar som låg bak den oppmjukinga av NRK-monopolet som regjeringa gjennomførte hausten 1981
- korleis resultatet blei i forhold til intensjonane
4. Digitalisering og mediekonvergens
Du er invitert til å halde eit føredrag for pensjonistforeninga på heimstaden din om medieutviklinga i dag med hovudvekt på digitalisering og mediekonvergens.
- Lag eit manus med moment du vil ha med i føredraget.
- Lag ei powerpointframsyning med tekst, bilete, lyd og video som støttar opp rundt den munnlege presentasjonen.