Meir om type 1- og type 2-diabetes
Her kan du lese meir om dei to typane av diabetes.
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

| Type 1-diabetes | Type 2-diabetes |
|---|---|
| Insulinavhengig diabetes | Ikkje-insulinavhengig diabetes |
| Rammar ofte barn og unge. | Rammar sjeldan før 40-årsalderen, ofte seinare. |
| Tydelege symptom gjer at sjukdommen blir oppdaga. | Diffuse symptom gjer at ein kan ha sjukdommen utan å vite om det. |
| Symptom er tørste, stor urinmengd, høgt blodsukker, vekttap og nedsett allmenntilstand. | Symptoma er dei same som ved type 1-diabetes, men dei er ikkje så tydelege. Tidlege symptom kan vere at ein er trøytt og uopplagd. Somme blir deprimerte. |
| Sjukdommen utviklar seg raskt. Dersom ein ikkje får behandling, kan ein utvikle diabetisk koma. | Sjukdommen utviklar seg langsamt. |
| Sjukdommen kjem av at dei insulinproduserande cellene i bukspyttkjertelen har slutta å produsere insulin. | Sjukdommen kjem vanlegvis av at insulinet verkar for dårleg, eller at produksjonen er nedsett. |
| Sjukdommen er alvorleg og må behandlast. Ubehandla diabetes aukar risikoen for mange tilleggssjukdommar. | Sjukdommen er alvorleg og må behandlast. Ubehandla diabetes aukar risikoen for mange tilleggssjukdommar. |
| Personar med type 1-diabetes må ha tilførsel av insulin i form av injeksjonar. Insulinet blir øydelagt av fordøyingsvæskene i mage og tarm og kan difor ikkje takast som tablettar. | Type 2-diabetes kan til ein viss grad behandlast berre ved å leggje om livsstilen. I tillegg må dei fleste ta tablettar for å senke blodsukkeret. Somme type 2-diabetikarar må også ta insulin. |
Livsstil er viktig: Riktig kosthald med umetta feitt, grove kornprodukt og få raske karbohydrat er viktig. Det er også viktig med regelmessige måltid og fysisk aktivitet. | Livsstil er viktig: Riktig kosthald med umetta feitt, grove kornprodukt og få raske karbohydrat er viktig. Det er også viktig med regelmessige måltid og fysisk aktivitet. |