Oppgåve
Kinesisk film – studiespørsmål
Denne sida er arkivert. Innhaldet kan vere utdatert.

Lǐ Lìhuá spelte i over 120 filmar i løpet av den 38 år lange karrieren.
Dette er studiespørsmål du kan arbeide med etter å ha lese artikkelen Kinesisk film. Bruk Internett og eventuelt andre hjelpemiddel til å finne svar på spørsmåla. Diskuter i klassen.
Tradisjonell kinesisk film har vore tett knytt opp mot den turbulente politiske historia i landet gjennom det 20. hundreåret. Leit opp informasjon om divaen Lǐ Lìhuá 李丽华 som eit eksempel på ein turbulent karriere.
- Kvifor har kvinnelege kinesiske filmskaparar hatt så store problem med å nå ut både i Kina og i utlandet?
- Viss du nyleg har sett ein kinesisk film, har du vore klar over kvar og korleis han har blitt produsert?