Utforsk kva som verkeleg eksisterer
I desse oppgåvene skal du utforske kva verda består av ifølge ein religion eller eit livssyn. Vel eit trus- eller livssynssamfunn og svar på oppgåvene under:
Kva er det som verkeleg eksisterer ifølge dette trus- eller livssynssamfunnet?
Ofte kjem synet på kva som verkeleg eksisterer til utrykk i bygningar, kunst, ritual, levereglar og etikk i ulike religionar. Finn nokre konkrete døme på dette.
Korleis kjem dette trus- eller livssynssamfunnet fram til eit svar på kva som verkeleg eksisterer? Kva er kjeldene til innsikt? Er det til dømes heilage tekstar, openberringar, personlege erfaringar eller vitskap?
I denne oppgåva skal du samanlikne ulike tilnærmingar til eksistensielle spørsmål:
Kva for kjelder blir brukt til å svare på eksistensielle spørsmål i filosofi?
Kva for kjelder blir brukt til å svare på eksistensielle spørsmål i religion?
Diskuter kva som er likskapane og forskjellane mellom filosofiske og religiøse tilnærmingar til eksistensielle spørsmål.
Fordjuping:
Utforsk korleis Platons filosofi var med på å påverke fleire delar av verkelegheitsbiletet til kristendommen.
Relatert innhald
Det finst mange ulike kjelder til svar på eksistensielle spørsmål.
Introduksjon til filosofi. Kva er filosofi samanlikna med religion og vitskap?