Hopp til innhald

Fagstoff

Hinduismen – verdsbilete og menneskesyn

Hinduisme er ei fellesnemning for mange religiøse retningar, men nokre grunnleggjande trekk går att i dei alle. Hinduismen lærer at verda blir skapt, halde ved lag og øydelagd av gudar, at livet går i ein syklus – og at sjela til mennesket er fanga i kroppen.
Eit hovud med tre ansikt. Skulptur.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verda og Brahma

Verda blir skapt, halde ved lag og øydelagd, før ho blir skapt på nytt, og syklusen held fram. Ein slik syklus, kalla mahayuga, tek 4 320 000 år. Verdsordninga blir kalla dharma, og den fysiske verda som mennesket opplever, blir også kalla ein illusjon, eller maya. På same måten som verda har ein syklus, har alle skapningar det same, berre i mindre målestokk. Den personlege guden Brahma skaper verda, men held seg elles passiv. I religiøs kunst blir Brahma framstilt med fire ansikt. Ansikta symboliserer dei fire vedaskriftene og dei fire verdshjørnene. Brahmas kone, Sarasvati, står for kunnskap, dikting og musikk.

Personlege gudar

Figur som dansar. Figuren har fire armar, og står inni ein ring. Skulptur.

Vishnu og kona hans Lakshmi er gudar som tek vare på dharma. Dei held ved lag den kosmiske ordenen. Lakshmi er gudinna for alt som er vakkert, men også for rikdom. Symbolet til Lakshmi er ein lotusblom. Han representerer både skaparkraft og innsikt. Det er vanleg å ofre lotusblomar ved utføringa av religiøse ritual.

Shiva er den tredje viktige guden. Shiva er alt, og han opptrer i mange skikkelsar. Han held ved lag verda, samtidig som han også styrer dei nedbrytande kreftene som til sist fører til at verda blir øydelagd. Parvati er følgjesveinen hans, og saman har dei sonen Ganesha, guden med elefanthovudet. Statuar av Ganesha er ofte det første du møter når du går inn i eit tempel. Ganesha er både kunnskapen og kreativiteten sin gud. Han er den guden hinduar vender seg til i krevjande livssituasjonar, til dømes før ein eksamen.

Kvinnelege gudar

Ein kvinneskikkelse med fire armar. Ho held blant anna eit hovud og står på ein mann. Ved sida av henne er ein fugl og ein hund. Måleri.

Shiva kan oppfattast både som ein mannleg og ein kvinneleg gud. Halvparten av alle personlege gudar i hinduismen er kvinnelege. Ein gud som er ein inkarnasjon av dharma, er Durga. Ho er ein omsorgsfull morsfigur som ein kan be til når ein treng å få trøst og bli beskytta. Durga er særleg kjend for å sigre over vonde krefter og demonar. Ein annan kvinneleg gud er Kali. Som Shiva er også Kali ein gud som både er skapar og øydelegg. Kali blir ofte dyrka i eigne tempel, der geiter blir slakta og ofra til gudinna.

Avatarar

Når gudane vel å gå inn i den fysiske verda, blir dei til fysiske vesen som menneske eller dyr, såkalla avatarar. Vishnu har over ti avatarar. Dei mest kjende er Rama og Krishna. Historiene om Rama handlar om kva som er viktige kvalitetar for å vere ein perfekt son. Rama er i kamp mot demonane, dei vonde kreftene som skadar dharma. Ved å vinne over dei held Rama ved lag skapinga.

Ein stor mannsskikkelse med fire armar sit i midten og held ulike gjenstandar. Rundt han er ti mindre skikkelsar – somme liknar dyr, og andre liknar menneske. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I boka Bhagavadgita trer avataren Krishna fram. Krishna hjelper krigaren Arjuna i førebuingane til ein krig og får han til å forstå at han må handle utan egoistiske motiv. Bhagavadgita er den viktigaste boka for bhakti-retninga innanfor hinduismen, det vil seie kjærleikens veg. Denne retninga fekk også stor betydning i 1930-åra, då Mahatma Gandhi leia ein ikkje-valdeleg motstandskamp mot det britiske kolonistyret i India.

Kven er mennesket?

Hinduismen lærer at atman, eller sjela til mennesket, er stengd inne i kroppen. Det eigentlege mennesket er sjela, mens kroppen er eit bedrag. Vi kallar dette eit dualistisk, eller todelt, menneskesyn. Atman lengtar ut av kroppen til brahman, verdssjela.

Når kroppen døyr, tek atman bustad i ein ny kropp. Dette evige kretsløpet av atterføding, også kalla samsara, gjentek seg heilt til sjela overvinn kroppen og oppnår moksha. Moksha er frigjering og frelse frå alt som er knytt til kroppen. I mange hinduistiske retningar betyr moksha at atman og brahman blir forente og smeltar saman.

Korleis ein blir atterfødd, har med mennesket sin karma å gjere. Karma er summen av ein person sine handlingar. Mennesket kan påverke karmaen sin ved måten å leve på og ved å be til gudane. Det er gudane sitt privilegium å kunne slette ein person sine dårlege handlingar, for på den måten å påverke karma til det betre.

Mann kledd i kvitt står med ryggen til. I bakgrunnen er det fleire bål og andre menneske. Dei står ved breidda av ei stor elv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kastevesenet

Lova om oppheving av kastevesenet i India blei vedteken i 1950. Likevel er systemet med å dele inn folk i ulike lag framleis viktig for identiteten og tilhøyrsla blant både hinduar og muslimar i India, Bangladesh og Pakistan.

Dei fire hovudkastane er:

  1. brahmanar (presteskapet)
  2. kshatriyaar (adel og krigarar)
  3. vaishyaar (bønder og handelsmenn)
  4. shudraar (arbeidarar)

Ifølgje dei vediske skriftene blei desse kastene skapt av ulike delar av kroppen til urmennesket, Purusha. Omtrent ein fjerdedel av hinduane har falle utanfor denne ordninga. Dei blir sett på som ureine og blir kalla dalitar, kastelause. Kastetilhøyrsle definerer blant anna kva for status ein har, kven ein omgåast, og kven ein kan gifte seg med.

Plikter og rettar knytte til kaste, klassar og livsstadium blir kalla for varnashramadharma.

Frelsesvegane

For hinduane finst det tre vegar til frelse. Å bruke den eine vegen utelukkar ikkje bruk av ein annan. Dei tre er:

  1. Jnana-marga (kunnskapens veg)
  2. Bhakti-marga (kjærleikens veg)
  3. Karma-marga, (eller gjerningane sin veg)

Viktige omgrep

mahayuga

dharma

maya

avatarar

Bhagavadgita

atman

dualistisk menneskesyn

brahman

samsara

moksha

karma

kastevesenet

brahmanar

kshatriyaar

vaishyaar

shudraar

Purusha

dalitar

varnashramadharma

Jnana-marga

Bhakti-marga

Karma-marga

CC BY-SASkrive av Clemens Saers. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022

Læringsressursar

Hinduismen