Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Skrifta

Juhashinee er hindu og besøkjer Ahmadiyya-muslimen Amandus Amadeus i moskeen for å snakke om dei heilage skriftene.

Før du ser videoen

  • Kvifor er Koranen viktig for muslimar?
  • Kjenner du til nokon heilage tekstar som er viktige for hinduar?

Etter at du har sett videoen

  1. Kva er dei største forskjellane og likskapane mellom skrifttradisjonen til dei to religionane? Stemte det med det du tenkte før du såg videoen?
  2. Ser du nokon forskjellar og likskapar når det gjeld korleis Yuhashinee og Amandus Amadeus stiller seg til dei heilage skriftene?
  3. Amandus Amadeus held Koranen i hendene – i staden for å leggje han på golvet. Kvifor trur du det er så viktig for muslimar å behandle Koranen med respekt?
  4. Undersøk: Kva for reglar er knytte til behandling og oppbevaring av Koranen?
  5. Undersøk: Amandus Amadeus seier at han tilhøyrer Ahmadiyya-trussamfunnet. Ahmadiyya reknar seg som ei retning innan islam, men har ein teksttradisjon knytt til ein eigen profet. Finn ut kva som gjer Ahmadiyya særeigen samanlikna med sunni- og shiaislam.
  6. Undersøk: Kva handlar Bhagavadgita om, og kva er hovudbodskapen i forteljinga?
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 14.08.2019

Læringsressursar

Hinduismen