Hinduisme – organisering og retningar
I motsetnad til dei andre indiske religionane som buddhisme og sikhisme har hinduismen inga tydeleg byrjing eller felles kyrkjeoganisasjon. I staden for er det snakk om mange ulike tradisjonar utan éin felles kjerne, men likevel med nokre sterke fellestrekk. Fråveret av ein sentral institusjon som styrer retninga til religionen har betydd at mange ulike praksisar og tradisjonar har utvikla seg parallelt over fleire tusen år og påverka kvarandre gjensidig til i dag. Derfor er det så enormt mangfald i hinduismen.
Forenkla kan mangfaldet i hinduismen delast i tre hovudgrupper:
- den brahminske kjernetradisjonen
- hinduismen sine mange organisasjonar som er fokuserte på frelse
- landsbybaserte religiøse tradisjonar i India med svak forbindelse til den brahminske tradisjonen
Den brahminske kjernetradisjonen
Den brahminske kjernetradisjonen, klassisk hinduisme, viser til tradisjonen der menn frå presteklassen (brahmana) og dei heilage Veda-tekstane blir sette på som dei viktigaste autoritetane i hinduismen. Denne forma for hinduisme er den mest einskaplege, og er den som oftast blir framstilt i lærebøker. Her ligg fokuset på den heilage samfunnsordenen, altså kastesystemet (at alle har plikter og rettar baserte på klasse og livsstadium), leiarskapet til prestane av omfattande ritual i tempelet, daglege ritual i heimen, sanskrit som heilag språk, reinleiks- og eteforskrifter, festivalar og pilegrimsreiser, kua sin heilagdom og tilbeding av dei mest kjende hinduiske gudane – som Krishna, Rama, Shiva, Vishnu, Ganesha og Kali. Denne forma for hinduisme er dominerande mange stader i India.
Organisasjonar som fokuserer på frelse
Dei mange organisasjonane som fokuserer på frelsa (moskha), frigjering frå atterføding, utgjer hinduismen si andre hovudform. Fokuset her handlar om kva praksis eller teknikkar som fører til frelse – særeigne ritual eller treningssystem som yoga og meditasjonstradisjonar. Her er det snakk om organisasjonar som både har tilknyting og som står i opposisjon til den brahminske kjernetradisjonen. Somme organisasjonar har særeigne ritual som skil dei ut. Det finst også mange organisasjonar for asketar, som tradisjonelt har vore dei som tek vare på og vidareutviklar dei mange yogatradisjonane i India.
Ei siste gruppe viktige organisasjonar er gururørslene. Gururørsler er organiserte og oftast styrte av ein karismatisk leiar, som tilbyr tilhengjarane sine spesifikke teknikkar eller tolkingar av hinduismen, som ofte er praktiske i kvardagslivet. Somme guruar har i moderne tid hatt stor påverknad i og utanfor India. Dei mest vellykka og internasjonalt kjende er truleg Maharishi Mahesh Yogi, grunnleggjaren av teknikken Transcendental Meditasjon og Bhaktivedanta Prabhupada, grunnleggjaren av Hare Krishna-rørsla (ISKCON).
Landsbybaserte religiøse tradisjonar
Den tredje hovudforma av hinduismen er landsby- eller stammebaserte religiøse tradisjonar som har svak tilknyting til den brahminske kjernetradisjonen. Kjenneteiknet med denne hovudforma er at dei tilber gudar som berre har lokal eller regional utbreiing, og at prestane ikkje tilhøyrer brahmana-klassen. Denne forma for hinduisme blir ofte sett ned på av tilhengjarar frå kjernetradisjonen, og rituala dei praktiserer blir rekna som ureine.
Trass i mangfaldet er det nokre fellestrekk som gjeld for nesten alle hinduar. Dei aller fleste trur på atterføding, karma, éin eller fleire gudar, og at ritual og religiøs trening, slik som yoga og askese, får praktiske konsekvensar for ditt eige liv. Den vanlegaste forma for religionsutøving i hinduismen er bhakti – dvs. tilbeding eller dyrking av éin eller fleire gudar. Vi kan derfor også dele hinduismen i ulike teistiske retningar etter kven som blir tilbedd som hovudgud.
Dei viktigaste teistiske retningane i hinduismen, dvs. dei som tilber bestemte gudar, er vishnuismen, shivaismen og shaktismen. Dei fleste hinduar tilhøyrer éin av desse retningane. Alle desse har eigne organisasjonar, heilage tekstar og særeigne ritual.
Vishnuismen
Vishnuismen er den største retninga og utgjer omtrent 70 % av alle hinduar, ca. 700 millionar menneske. Her er fokuset på å tilbe guden Vishnu, eller ein av hans avatarar (gudenedstigingar), slik som Rama og Krishna. Somme tilber også Krishna og Rama som ein eigen gud og ikkje berre ein avatar av Vishnu. Denne retninga er utbreidd over heile India og er også knytt til omfattande tempelritual.
Shivaismen
Shivaismen utgjer ca. 28 % av dagens hinduar. Alle som tilber guden Shiva eller medlemmar av familien hans – kona hans, gudinna Parvati og sønene Ganesha og Skanda – blir rekna som tilhengjarar. Shiva er guden til asketane og yogiane. Derfor er mange av hinduismen sine asketar også shivaittar. Dette er særleg utbreidd i Sør-India og grenseområda til Himalaya. Dei fleste norske hinduar er shivaittar, fordi ca. 70 % av norske hinduar er tamilar frå Sri Lanka, der shivaismen er utbreidd blant Tamil-hinduar.
Shaktismen
Shaktismen sine tilhengjarar utgjer ca. 2 % av alle hinduar. Heilagstadene til Shaktismen finst over heile India, men retninga er mest utbreidd i Bengal og Assam. Shaktismen har ulike former for gudinnetilbeding. Særleg er trua på Mahadevi, Gudinna som den ytste verkelegheita, svært viktig. Dei andre retningane anerkjenner at Gud har både mannlege og kvinnelege aspekt, men i shaktismen blir det kvinnelige sett på som det viktigaste og høgaste. Ingen annan verdsreligion har så mange heilage forteljingar om gudinner som hinduismen.
Dei siste tiåra har hindunasjonalistiske rørsler fått stadig større oppslutning i India. Desse rørslene ønskjer at hinduismen skal ha større plass i samfunnet og vektlegg hindutva-ideologien. Hindutva definerer hinduismen som både ein religion og eit folk – å vere hindu betyr å rekne India som sitt heilage fedreland. For hindunasjonalistar er hinduismen dermed ein etnisk religion.
Viktige omgrep
- den brahminske kjernetradisjonen
- Brahmana
- kastesystemet
- moksha
- guru-rørsler
- Transcendental Meditasjon
- Hare Krishna-rørsla
- bhakti
- vishnuismen
- shivaismen
- shaktismen
- avatar
- hindutva
Relatert innhald
- Jacobsen, Knut A. (2003). Hinduismen. Pax Forlag A/S, Oslo.
- Jacobsen, Knut A. & Thelle, Notto R. (1999). Hinduismen og buddhismen. Høyskoleforlaget AS.