Hopp til innhald

Fagstoff

Hinduisme – ritual og høgtider

For mange hinduar er religiøse handlingar den viktigaste delen av religionen. Bøn, meditasjon, song og ofring til gudar er vanlege element i livet til ein hindu. Det er kva ein gjer, og ikkje kva ein trur, som er det avgjerande.
Mann kledd i kvitt står med ryggen til. I bakgrunnen er det fleire bål og andre menneske. Dei står ved breidda av ei stor elv. Foto.

Puja - tilbeding av gudar

Dei fleste hinduar har eit lite hustempel heime. Der plasserer dei bilete eller statuar av gudar som er viktige for familien og dei sjølve. Med ei lita klokke vekkjer dei gudane si merksemd om morgonen og tilber dei. Dei tenner røykjelse og resiterer vedaskrifter. Det er også vanleg at dei legg fram ferske blomar og frukt, som ei gåve til gudane. Alle desse handlingane blir kalla puja. Puja er eit uttrykk for respekt og gjestfridom, anten han blir praktisert i heimen eller i tempelet.

Det er også vanleg at hinduar har kontakt med ein åndeleg lærar, ein guru. Guruen kan vere både lærar og rollemodell for eit betre liv, særleg på det åndelige planet. Det er vanleg at guruar lever svært asketisk. Ofte eig dei berre ein vandringsstav, ei tiggarskål og eit lendeklede. Slik viser dei i praksis at dei er frigjorde frå materielle ting.

I templa går puja føre seg i ein større målestokk. Her held brahminane, eller presteskapet, til. Dei bur gjerne like ved tempelet og er behjelpelege med å vekkje opp gudane og avatarane om morgonen, stelle dei om dagen og leggje dei til kvile om kvelden.

Her kan du sjå eit lite utdrag frå puja-ritualet i tempelet for guden Murugan på Ammerud i Oslo:

Ein mann bøyer seg mot skulpturar av kvinneskikkelsar og dyreskikkelsar. Foto.

Yoga

Eit anna ritual med hinduistisk opphav er yoga. Mange hinduar utfører systematiske kroppslege øvingar – strev for å oppnå ei foreining med det guddommelege. Yoga kan også bety bestemte teknikkar for å kontrollere sinnet og kroppen.

Yoga har særleg blitt populært også utanfor India, sjølv om få knyter yogaøvingar til ønsket om å oppnå kontakt med det guddommelege i Vesten. Her blir yoga oftast brukt ikkje-religiøst, meir i samband med fysisk trening og velvære.

Overgangsritual

I hinduismen er menneskelivet i stor grad ritualisert. Dette blir spegla ved at livet er delt i fire stadium, som blir markert av ulike ritual. Dei to første stadia omhandlar utdanning og familieliv, mens stadium tre og fire handlar om livet i bøn, meditasjon og askese. Desse stadia gjeld særleg for dei høgaste kastane.

Totalt finst det 16 overgangsritual som markerer alle store hendingar i livet frå før fødselen til døden. Dei fleste hinduar praktiserer ikkje alle 16, med unntak av nokre få konservative brahminar. Det er særleg rituala som markerer overgangen til eit nytt livsstadium som oftast blir praktiserte.

Upanayana, den heilage tråd-seremonien, er eit innviingsritual som markerer når eit gutebarn er kvalifisert til å lære vedatekstane. Barnet blir barbert på hovudet, får den heilage tråden og lærer eit mantra det må resitere kvar dag. Barnet er no klart for det første av dei fire livsstadia, elevstadiet. Pliktene i dette stadiet er å tileigne seg kunnskap, lydnad og sjølvdisiplin.

Utdrag frå eit upanaya-ritual.

Vimeo: Saish’s Munj

Vivaha, ekteskapsritualet, markerer steg to av livsstadia, nemleg familieforsørgjarstadiet. Her blir det lagt vekt på pliktene ved å stifte og forsørgje familie, oppsede og utdanne eigne barn og bidra økonomisk og materielt til samfunnet ved å produsere mat og velstand.

Samnyasin, innviingsritualet til asketstadiet, markerer overgangen til det siste livsstadiet. På dette stadiet har ein blitt gammal, fått grått hår og barnebarn og dermed utført samfunnsplikta si. Den nye plikta omhandlar no å bruke all tida på å oppnå frelse, eller åndeleg frigjering (moksha). Det er ikkje uvanleg at både menn og kvinner som tidlegare har levd eit vanleg familieliv, forlèt familien i 50-årsalderen for å gå i kloster eller vandre aleine til heilage stader i India.

Antyesti, det siste offeret, er kremeringsritualet. Helst skal den døde kremerast same dagen, og ritualet inneber vanlegvis at liket blir vaska, barbert og brent. Detaljane i ritualet varierer utifrå alder, kjønn, kaste, og stad.

Overgangsritane som er nemnde over ved innviing, giftarmål og død blir ofte feira i mindre fellesskap innanfor familien.

Kloster og ashram

Det finst mange kloster i India. Her lever kvinner og menn, kvar for seg, eit asketisk liv i bøn, religiøs song og ofring. Dei blir ofte sett på som heilage, og ein skal vise dei stor respekt.

Ashram er eit senter for bøn og meditasjon og kan også minne om eit kloster. Her kan vanlege borgarar over kortare eller lengre tid trekkje seg attende og leve eit liv vigd til bøn og studier i vedaskriftene og upanishadane. Heilage menn, sadhuar, knytte til dei ulike ashramane, fungerer då som gode rettleiarar.

Høgtider og festivalar

Den hinduiske kalenderen har ikkje nokon kviledag eller heilagdag ein gong i veka. Derimot finst det mange dagar som er viktige høgtidsdagar. Høgtidene kan markere mytologiske hendingar, til dømes korleis ein demon blei overvunnen av ein gud, eller meir daglegdags, ein fest for å feire at avlinga er hausta inn.

Kumbh mela er ein svært populær religiøs badefestival som er blant verdas største religiøse festivalar. Festivalen blei tradisjonelt feira av asketar, men er i dag open for alle hinduar. Han blir feira på omgang mellom byane Nasik, Haridwar, Ujjain og Prayag.

I videoen under får du nokre visuelle inntrykk frå Kumbh mela i Allahabad i 2019.

Divali er ein lysfest som blir feira i overgangen mellom oktober og november til minne om gudane Ramas og Sitas sin heimkomst til Ayodhya etter fjorten år i eksil. Det er også ei feiring av det gode sin siger over det vonde, lys over mørke, kunnskap over vankunne.

I videoen under har Yuhashinee besøk av jødiske Yael under divali-feiringa i hindutempelet på Ammerud i Oslo.

Viktige omgrep

  • puja
  • brahminane
  • yoga
  • elevstadiet
  • vivaha
  • familieforsørgjarstadiet
  • asketstadiet
  • moksha
  • kremeringsritual
  • sadhu
  • kumbh mela
  • divali
CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 03.05.2022

Læringsressursar

Hinduismen