Hopp til innhald

Fagstoff

Videoar og podkastar om hinduismen

Her har vi samla videoar og podkastar som handlar om ulike sider ved hinduismen. Under videoane og podkastane finn de også lenkjer til oppgåver og relevante ressursar.

Hinduismens historie

Her får du ei innføring i historia til hinduismen.

Artikkel: Hinduisme – utvikling og utbreiing

Eg er hindu

Tre hinduar fortel om forholdet dei har til religionen sin.

Religiøst liv

Ein jøde er på besøk hos ein hindu for å snakke om religiøst liv, høgtider og ritual. Dei er med på feiringa av lysfesten divali.

Oppgåver til videoen: Høgtider og ritual

Skrifta

Juhashinee er hindu og besøkjer Ahmadiyya-muslimen Amandus Amadeus i moskéen for å snakke om dei heilage skriftene.

Oppgåver til videoen: Skriften

Artikkel: Hinduisme – skrifter og mytar

Åndelegheit

Yuhashinee er hindu, og Ann Kristin er kristen. I denne podkasten fortel dei om forholdet sitt til Gud og åndelegheit.

Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten "Heilt personleg". Foto.
Heilt personleg

Åndelegheit

Yuhashinee Shankkar er hindu, og Ann Kristin Van Zijp Nilsen er kristen. I denne podkasten snakkar dei med programleiar Marthe Sveberg om forholdet sitt til Gud og åndelegheit.

0:00
-0:00

Oppgåve til podkasten: Åndelegheit

Konvertering

Gustav fortel om vegen sin inn i ISKCON, betre kjent som Hare Krishna-rørsla. ISKCON er ei religiøs rørsle med røter i hinduismen som har spreidd seg over store delar av verda.

 Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten "Heilt personleg". Foto.
Heilt personleg

Konvertering

Som 18-åring blei Gustav ein del av Hare Krishna-rørsla (ISKCON). Han hadde ingen religiøs bakgrunn. I denne podkastepisoden vil du høyre om eit møte Gustav hadde med ein munk, og om korleis han blei ...

0:00
-0:00

Oppgåve til podkasten: Konvertering

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 25.05.2022

Læringsressursar

Hinduismen