Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Konvertering

Konvertering vil seie å gå frå ei religiøs tilhøyrsle til ei anna, men kan også brukast om det å bli religiøs og slutte seg til ein religion.
Mann med blå hud og langt svart hår og gullkrone som held ei fløyte og kvinne kledd i grønt med gullkrone. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I podkasten nedanfor møter du Gustav. Som 18-åring blei han ein del av Hare Krishna-rørsla (ISKCON). Han hadde ingen religiøs bakgrunn. Hare Krishna-rørsla byggjer på ein hinduistisk tradisjon og reknar Krishna som Gud.

I oppgåva skal du jobbe med å utforme og teste hypotesar. Er du usikker på kva ein hypotese er, og korleis du testar ein hypotese, kan du lese meir om det her: Hypotetisk-deduktiv metode.

Oppgåve 1: Før du høyrer podkasten

Kva trur du skal til for at ein vanleg norsk ikkje-religiøs gut skal totalt forandre synet sitt på verda og bli med i Hare Krishna?

  1. Kva slags situasjon trur du Gustav må ha vore i for å vere mottakeleg for ei slik endring? Formuler ein hypotese.
  2. Kva trur du medlemmene av Hare Krishna-rørsla gjer for å få folk som Gustav til å tru på det dei sjølv trur på? Formuler ein hypotese.
  3. Kva for dimensjonar ved Hare Krishna-rørsla trur du er viktigast for at Gustav skal endre verdsbiletet sitt? Lag ei rangert liste med det du tenkjer er viktigast øvst:
    • Det læremessige/filosofiske (gudetru, verdsbilete og menneskesyn)
    • Det rituelle (religiøse handlingar)
    • Religiøse/åndelege opplevingar (kontakt med Gud, åndeleg utvikling)
    • Det sosiale (fellesskap, sosial organisering)
    • Det mytiske (forteljingar frå dei heilage skriftene)
    • Det etiske (kva som er rett og gale, eller godt og vondt)
    • Det estetiske (musikk, dans, kunst)

Oppgåve 2: Mens du høyrer på podkasten

Noter ned ting du meiner vil vere relevant for hypotesane dine.

 Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten "Heilt personleg". Foto.
Heilt personleg

Konvertering

Som 18-åring blei Gustav ein del av Hare Krishna-rørsla (ISKCON). Han hadde ingen religiøs bakgrunn. I denne podkastepisoden vil du høyre om eit møte Gustav hadde med ein munk, og om korleis han blei ...

0:00
-0:00

Oppgåve 3: Etter at du har lytta til podkasten

  1. Gå systematisk gjennom hypotesane frå oppgåve 1 a og b og vurder om du fikk dei bekrefta eller avkrefta gjennom Gustav si historie.
  2. Sjå på lista du sette opp i oppgåve 1c. Er det noko du vil endre på i denne lista etter at du har høyrt Gustav si historie?
  3. Kva overraska deg mest ved Gustav si historie?
  4. Gustav si historie vil sikkert i nokre tilfelle stemme godt med hypotesane du har sett opp, mens ho i andre tilfelle stemmer dårleg. Kva betyr det for ein forskar når ein hypotese blir bekrefta eller avkrefta?
  5. Når ein fortel om seg sjølv har ein ofte ein tendens til å konstruere ei historie som er samanhengande og logisk, og som passar godt med den ein er no. I kva for grad trur du at du kan stole på Gustav si historie?

Oppgåve 4: Konklusjon

  1. Skriv ein konklusjon på 3–4 setningar som summerer opp korleis Gustav si konvertering føregjekk og kva som var dei viktigaste årsakene og drivkreftene bak denne prosessen.
  2. Du har no høyrt berre éi historie om konvertering. Andre historier kan vere heilt annleis. Kan likevel Gustav si historie vere nyttig for å få ei betre forståing av kva konvertering er? Grunngi svaret.
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Metodar for utforsking