Eit verktøy som er nyttig i arbeidet med religionar er Ninan Smarts inndeling i sju dimensjonar. Ved hjelp av dimensjonane kan du analysere ein religion og vise korleis dei ulike dimensjonane påverkar kvarandre. Dimensjonane er også nyttige når du skal samanlikne religionane.
IMI-modellen gir deg eit reiskap for å forstå korleis religionar utviklar seg over tid. Du kan også bruke han til å påvise grunnleggjande forskjellar eller likskapar mellom religionar.
I dette emnet lærer du også korleis du kan skaffe deg kunnskap gjennom systematisk observasjon av menneskeleg åtferd og estetiske uttrykk.
Å kunne lese i faget religion og etikk inneber mellomanna å kunne tolke og reflektere over religiøse og filosofiske tekstar og bilete. I faget lærer du å nærme deg slike tekstar ut frå ulike lesemåtar.