Hopp til innhald

Fagstoff

Observer, analyser og tolk

Ei enkel innføring i korleis du kan trene deg på å observere, og korleis du systematiserer og analyserer informasjon som du samlar inn gjennom systematisk observasjon.
Eit skulpturhovud plassert midt i ein åker med hovudkål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Lær deg å sjå

Til dagleg blir vi bombarderte med synsinntrykk, og hjernen vår har derfor lært seg å sile ut ein del av denne informasjonen. Det gjer oss «kvardagsblinde» – vi ser først og fremst det som skil seg ut frå det vi forventar, det som er framandarta. Derfor må vi øve på å observere daglegdagse hendingar og situasjonar vi sjølv regelmessig opptrer i.

Tenk deg at eit romskip frå ein fjern galakse landar på skuleplassen, og at ei gruppe romvesen entrar skulebygget.

  • Kva ville dei ha observert når dei opna døra til klasserommet ditt?
  • Korleis trur du dei ville ha tolka det dei såg?

Diskuter dette med ein medelev, og noter det de kjem fram til.

Eit slikt utanfrå-perspektiv kan det vere nyttig å ta med seg når du skal jobbe med systematisk observasjon i omgivnader du er kjend med frå før.

Formuler ei problemstilling som du vil ha svar på

Når du observerer, må du ha ei klar formeining om kva det er du vil søkje informasjon om. Derfor må du starte med å lage ei konkret, presis og spissa problemstilling. Det er ei god øving å formulere det du ønskjer å finne svar på i éin, kort setning.

  • Er det fleire menn enn kvinner som går på raudt lys?
  • Er det stort sett berre menn som går i moskéen på fredagar?
  • Har alle menn som går inn i synagogen kippa på hovudet?

Registrer og systematiser det du ser

Du kan registrere det du observerer ved hjelp av notat eller videoopptak. Neste skritt er å systematisere den informasjonen du har samla inn.

Du ønskjer å finne ut om det stort sett berre er menn som går i moskéen på fredagar, og oppsøkjer den lokale moskéen din fire fredagar på rad. Då kan du til dømes samle dataa i ein slik tabell:

Observasjonmennkvinnertotalt
1.mars21324
8. mars141024
15. mars18725
22.mars23427

På bakgrunn av denne oversikta kan du seie noko om kor mange som møtte opp på fredagar i moskéen og om forholdet mellom talet på menn og kvinner.

Analyser og tolk for å forstå det du ser

Når du har registrert og systematisert det du har observert, blir neste spørsmål: Kva betyr det du har sett? Kvifor handlar folk som dei gjer? Kva for meining har ei bestemt åtferd for dei som utfører henne?

Å analysere betyr å gå gjennom den innsamla informasjonen og diskutere kva svar datamaterialet kan gi. Dette er eit tolkingsarbeid der du forsøkjer å forstå kva betydning det du har sett har for dei spørsmåla du ønskte svar på.

Ei hand held ein rund, kvit skive. Bak eit lite beger med raud vin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva betyr det vi ser?

Tenk deg at det romvesenet vi har snakka om tidlegare, kjem inn i ei norsk luthersk kyrkje under nattverden. Romvesenet ser at ei gruppe personar gå fram til ei halvsirkelforma innretning der dei kneler ned og får eit lite beger i handa. Ein person i kvit kappe gir dei ei kvit skive som liknar papp og seier at dette er Jesu lekam. Dei som kneler, svelgjer denne skiva. Deretter blir det helt opp ei raud væske i begera, og dei som kneler, drikk denne. Personen i kvit kappe seier at dette er Jesu blod, og at Jesus Kristus no har gitt lekamen sin og blodet sitt til soning for alle sine synder.

Kva for spørsmål trur du romvesena stiller seg når dei skal danne seg ei meining om det dei har observert? Kanskje desse:

  • Kven er denne Jesus?
  • Kvifor deltek folk i eit ritual der dei tilsynelatande et kroppen til denne personen og drikk blodet hans?
  • Er det kanskje ei form for kannibalsk ritual der dei som deltek trur at dei tileignar seg den døde personen sine eigenskapar eller krefter?

Teoretiske perspektiv gir det du ser meining

Du har no sett korleis observasjonar kan tolkast av ein som ikkje kjenner til den samanhengen handlinga blir utført i. Når du tolkar det du har sett og registrert, må du derfor støtte deg til teoretiske perspektiv som kan gi observasjonane dine meining.

For å forstå nattverdsritualet er det til dømes viktig å kjenne til kristen teologi, relgionsvitskap og kyrkjehistorie. På same måten må vi ha teoritisk kunnskap om andre religionar og livssyn for å forstå den eigentlege meininga i dei rituala som blir utførte der.

Ofte kan data tolkast på ulike måtar, alt etter kva teoretisk perspektiv vi vel. Då er det viktig å vere open for det, og ikkje låse seg til ei forståing som passar med dei tankane du har gjort deg på førehand eller med dine eigne fordommar.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Metodar for utforsking