Hopp til innhald

Fagstoff

Intervju

Korleis kan du undersøke kva nokon tenker, kjenner, meiner og trur på? Eit intervju kan vere ein god veg inn til å forstå andre sitt perspektiv på verkelegheita.
Jente med skjema vender seg til ein mann. Ho noterer noko i skjemaet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Korleis opplevast det å leve i eit heilt anna miljø? Kva vil du finne ut når du spør eller observerer folk som er heilt ulike frå deg sjølv? Noko av det mest spennande med eit forskingsprosjekt er å bevege seg ut i samfunnet og finne ut korleis det faktisk ser ut.

Ei vitskapleg undersøking av samfunnet er basert på ei systematisk innsamling av opplysningar og informasjon. Dei opplysningane, kjensgjerningane, meiningane eller observasjonane du samlar inn, blir kalla data. Du kan samle inn data på fleire ulike måtar, og du kan òg kombinere dei ulike innsamlingsmetodane.

Forskingsetikk

Når du skal samle inn data, må du hugse på at

  • du må behandle deltakarane med respekt og til dømes akseptere at dei ikkje ønsker å svare på enkelte spørsmål
  • du må unngå å spørje om sårbare tema som til dømes seksuelt misbruk og vald i nære relasjonar
  • dei som deltek skal vere anonyme, og svara deira skal behandlast konfidensielt

Intervju som metode

I eit intervju stiller du spørsmål. Ofte kan det vere ein god måte å samle inn fyldige og detaljerte skildringar om meiningar, haldningar og erfaringar på. Du kan stille oppfølgingsspørsmål undervegs og be informantane utdjupe viktige og relevante erfaringar. Men det kan vere ei utfordring at du som intervjuar påverkar svara du får, og at du ikkje får god nok kommunikasjon med dei du snakkar med.

Formelle og uformelle intervju

Eit intervju kan vere meir eller mindre formelt.

  • I eit formelt intervju har du på førehand bestemt kva tema og informasjon du er på jakt etter og gjort klare konkrete spørsmål.
  • Eit uformelt intervju liknar meir ein vanleg samtale og kan gå nesten gå føre seg kvar som helst. Denne forma for intervju kan skape ei meir avslappa og trygg stemning og gjere det lettare for informantane å opne seg opp.

Det kan opplevast trygt for den du intervjuar å snakke éin til éin, men det finst òg tilfelle der du kan intervjue fleire personar samtidig. Når du samlar ei gruppe informantar til ein samtale der dei fortel, diskuterer eller deler erfaringar om eit bestemt tema, kallar vi det eit fokusgruppeintervju. I slike intervju kan du ha ei meir tilbaketrekt rolle, og det kan vere lettare for somme informantar å dele erfaringar.

Tips til intervju

  • Avtal intervjuet på førehand.
  • Start gjerne med enkle spørsmål.
  • Still korte spørsmål som er lette å forstå.
  • Ikkje still fleire spørsmål på ein gong.
  • Ikkje still leiande spørsmål.
  • Ver ein interessert lyttar.
  • Observer kroppsspråket til informanten.
  • Forsøk å skape ei trygg og hyggeleg stemning.
  • Be gjerne informantane utdjupe svara sine.
  • Bruk gjerne problemstillinga til å lage ein intervjuguide, ei hugseliste med tema og spørsmål, men ikkje følg ho slavisk.
  • Still oppfølgingsspørsmål viss det dukkar opp noko interessant.
  • Ta opptak av samtalen eller noter undervegs.

Relatert innhald

I kvalitative forskingsprosjekt kan du samle inn data ved å intervjue, observere eller analysere dokument og tekstar som finst frå før.

Kjelder

Andersen, G. (2008). Innsamling og bearbeiding av empiri. Henta frå https://holbergprisen.no/nb/holbergprisen-i-skolen/3-innsamling-og-bearbeiding-av-empiri

Grønmo, S. (2004). Samfunnsvitenskapelige metoder. Bergen: Fagbokforlaget.

Johannessen, A., Tufte, P.A., Christoffersen, L. (2016). Introduksjon til samfunnsvitenskapelig metode (5. utg.) Oslo: Abstrakt forlag.

Mjølvær, K. (2014). Forskning for forskerspirer. Henta frå https://holbergprisen.no/sites/default/files/2019-11/forskning%20for%20forskerspirer%202019_ALT_mindre.PDF

Schiefloe, P.M. (2019). Menneske og Samfunn (3. utg.) Oslo: Vigmostad & Bjørke.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 10.08.2022

Læringsressursar

Metodar for utforsking