Hopp til innhald

Fagstoff

Heilage tekstar – perspektiv og lesemåtar

I dei fleste kulturar finst det mytar om korleis universet og menneska er blitt til. Korleis skal vi forstå desse forteljingane i dag?
Jente held opp solbriller føre ansiktet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Innanfrå- og utanfrå-perspektiv

Dersom du tilhøyrer ein bestemt religion, vil du truleg sjå dei grunnleggjande mytane i religionen med eit «innanfrå»-blikk. Mytane inngår som ein del av den overtydinga du deler med trusfellane dine, og du les og forstår dei i lys av den religiøse heilskapsforståinga du har blitt opplært i i den fellesskapen du tilhøyrer.

Når vi les mytar som er blitt til i andre kulturar og religionar, bruker vi ofte eit kritisk eller avslørande blikk på forteljingane, det vi kan kalle eit «utanfrå»-blikk. Då forstår vi kanskje ikkje like godt den religiøse djupna i forteljinga, men vi får betre innsikt i kva forteljinga seier om den kulturen han blei til i, og kva likskapar og forskjellar som finst mellom mytar i ulike religionar.

Sjølv om det er vanskeleg, kan det vere lurt å øve seg i å sjå på alle religiøse fenomen både med innanfrå- og utanfrå-blikk. Det gir deg større forståing for korleis andre menneske tenkjer og kanskje også eit betre fundament for eiga overtyding.

Fundamentalistisk lesemåte

Fundamentalisme er ei nemning på ei oppfatning om at det finst ei absolutt og objektiv sanning. Denne sanninga blir gjerne knytt til religiøse skrifter eller utsegn frå religiøse leiarar. Kreasjonistane les Bibelen ordrett og forstår derfor skapingsmytane som historiske forteljingar om korleis universet og mennesket faktisk blei til for ca. 6000 år sidan. Dei avviser naturvitskaplege teoriar, men underbyggjer likevel oppfatninga si med det som blir omtalt som «arkeologiske bevis».

Blant anna hevda den amerikanske amatørarkeologen Ron Wyatt (1933–99) å ha funne restar etter Noahs Ark på fjellet Ararat som ligg i grenseområdet mellom Tyrkia og Armenia:

Ron Wyatts fortelling om Noahs Ark

Ein gut kikkar inn i eit bur på ein dinosaur med langt horn. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I Kentucky i USA er Noahs ark rekonstruert som eit bevis på sanningsverdien til myten. Museet er svært populært, men somme stiller også kritiske spørsmål til det som blir formidla der:

En vitenskapsmann besøker et kreasjonistmuseum

Fundamentlistisk lesemåte er spesielt utbreidd blant konservative kristne i USA, men somme kristne i Noreg tolkar også skapingsmytane på denne måten. Ein liknande lesemåte finst blant fundamentalistiske muslimar og jødar.

Allegorisk lesemåte

Ein allegori er ei biletleg framstilling. Når vi les mytane som allegoriar, er vi på jakt etter å avsløre den eigentlege meininga bak den biletlege framstillinga. Er slangen som frista Eva til å ete eplet frå kunnskapens tre verkeleg ein slange, eller er han eit bilete på noko anna? Er det den vonde (Satan) som fristar Eva til å vere ulydig mot Gud? Eller er slangen eit bilete på seksuelle drifter og eigenkjærleik, slik forteljinga blei forstått av leiande psykoanalytikarar?

Konstruktivistisk lesemåte

Konstruktivistane meiner at mytane er forteljingar som er konstruerte av menneske i fellesskap ut frå eit behov for å skape meining i tilværet. I alle kulturar finst det derfor mytiske forteljingar om korleis universet og livet på jorda er blitt til.

Viss du prøver å førestille deg korleis urtidsmenneska opplevde naturfenomen som regnboge, vulkanutbrot, torevêr eller jordskjelv, så er det ikkje så vanskeleg å tenkje seg korleis mytar kan ha oppstått. I gresk mytologi finn vi forteljingar om guden Zevs som kastar lyn og tore frå skyene med torekilen sin. I norrøn mytologi er det guden Tor som rir over himmelen med bukkane sine spente framfor vogna. Tora er ramling frå vogna, og lyna gnistrar frå hjula.

Fire hestar trekker ei vogn der ein mann står med ein fakkel i handa. Freske.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I vår tid har vi andre kollektive forteljingar om korleis ting heng saman, som til dømes forteljinga om "The Big Bang" på Norsk Romsenter. Også det moderne mennesket treng å halde seg til vedtekne strukturar og felles førestillingar om korleis verda er, for å fungere. Mytane er derfor uttrykk for menneska si vilje til meining.

Historisk-kritisk lesemåte

Når vi bruker ein historisk-kritisk lesemåte, betraktar vi mytar som kva historiske dokument som helst og forsøkjer å finne ut kva opphav dei har og kva rolle dei spela i den kulturen dei oppstod i. Det gir oss ei djupare forståing av det mytane fortel om. Ordet kritisk betyr ikkje å underkjenne denne forteljinga, men å forsøkje å etterprøve ulike tolkingar med vitskaplege metodar, til dømes studiar av ulike kjelder.

Hermeneutisk lesemåte

Hermeneutikken er oppteken av at forteljingar må fortolkast for å få fram den eigentlege bodskapen i ein tekst. I eldre tider tenkte teologane at dersom dei følgte spesielle reglar i fortolkingsarbeidet, ville sanninga i teksten komme til syne utan å vere påverka av menneskeleg førforståing.

Men sidan vi alle har vakse opp i ein kultur som har forma måten vi tenkjer og handlar på, kan vi ikkje unngå å bere med oss ei førforståing. På same måten er historiske forteljingar prega av dei førestillingane dåtidas menneske hadde om samanhengane i tilværet. Når vi skal fortolke skapingsmytane, må vi derfor vere klar over førforståinga til dei som i si tid skapte teksten. På same tid må vi vere medvitne vår eiga førforståing for å forstå kva teksten eigentleg vil formidle.

«Den hermeneutiske sirkelen» er eit omgrep som viser til at vi alltid må ha ei førestilling på førehand om heilskapen for å kunne tolke dei enkelte elementa i ei forteljing. På same tid gir desse enkeltelementa oss ei djupare forståing av heilskapen.

Dersom du ønskjer å setje deg nærmare inn i den hermeneutiske sirkelen, kan du sjå denne danske videoforelesinga på YouTube: Den hermeneutiske cirkel.

CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Metodar for utforsking