Hopp til innhald

Fagstoff

Observasjon av kompleks samhandling

Systematisk observasjon handlar også om å registrere kva som skjer og blir sagt i samspel mellom menneske i ei gruppe. Å observere og beskrive det komplekse i handlingar og kommunikasjon er krevjande.
To personer som snakker sammen inne i hver sin boble. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Komplekse og tvitydige handlingar

Vi menneske er samansette vesen, og det er ikkje alltid ein klar samanheng mellom dei handlingane vi utfører, eller mellom ord og handling. Ofte opptrer vi tvitydig.

Kanskje har du høyrt bestemor seie: "Eg har ikkje vore sjuk i heile vinter – men bank i bordet!», og observert at ho kakkar lett med knoken i matbordet.

Kva er det du har vore vitne til? Kvifor seier ho det ho seier, og kvifor gjer ho det ho gjer?

Åtferda du nettopp har vore vitne til, har røter i eldgamle førestillingar om at vonde ånder kunne hemne seg på menneske som hadde vore spesielt heldige i livet.

Men kvifor bankar bestemora di, som aldri har trudd på åndsvesen, i bordet for at det ikkje skal gå troll i ord? Slik åtferd er spennande å observere, men ikkje alltid like lett å forklare, verken for den som utfører handlinga, eller for deg som observatør.

Kommunikasjon som kompleks samhandling

Når du observerer ein kommunikasjon mellom to eller fleire personar, må du både beskrive sjølve kommunikasjonssituasjonen, kva roller dei ulike personane har, og korleis samspelet mellom desse rollene er.

I ein samtale skiftar deltakarane på rolla som sendar og avsendar. I ei forelesing eller preike er det gjerne éin person som vi tydeleg kan kallast avsendar, mens dei øvrige har rolla som mottakar.

Prøv å observere både kva som blir sagt, og korleis det som seiast, blir sagt. I tillegg er det viktig å leggje merke til kva det ikkje blir snakka om. Ofte vil kroppsspråket avsløre kva for kjensler personane har rundt det kommunikasjonen dreier seg om.

Kommunikasjon i kontekst

All kommunikasjon skjer i ein kontekst, ein samanheng. Viktige kontekstar er normer og verdiar, språk, kultur og religion.

Studer dette klippet frå Linn Skåbers humorserie "Hjerte til Hjerte". Karakteren Linn Skåber (spela av Linn Skåber) har fått jobb i forlaget Gyldendahl, men det er no avslørt at ho har plagiert andre forfattarar i den boka ho nettopp har redigert. Ho er derfor innkalt til møte med direktøren og staben hans:

Sjå videoen og noter ned det du observerer.

  • Beskriv dei fysiske omgivnadene for kommunikasjonen (stad, innreiing, gjenstandar).
  • Kva er føresetnaden for kommunikasjonen?
  • Kva er hensikta med kommunikasjonen?
  • Kva roller inngår i denne kommunikasjonen?
  • Korleis vil du beskrive samspelet mellom rollene?
  • Er det noko underliggjande som ikkje blir sagt?
  • Beskriv kroppsspråket til dei ulike personane. Kva kjem til uttrykk gjennom det?
  • Kva for normer og verdiar dannar bakteppe for det som skjer i kommunikasjonen?
CC BY-SASkrive av Ragna Marie Tørdal.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Metodar for utforsking