Kjeldekritikk
I skulearbeidet er du avhengig av å bruke pålitelege kjelder som har greie på det dei uttalar seg om. Det gjeld både kjelder som du søkjer opp på internett eller på biblioteket, og personar som du bruker som munnlege kjelder.
Når du jobbar med kjelder, må du vurdere kvaliteten til kjelda. Er kjelda truverdig? Er kjelda nøytral? Har kjelda kunnskap om det du treng svar på?
Nettsøk
Internett flyt over av informasjon. Søkjemotorar, som Google, er laga for å hjelpe oss med å finne den informasjonen vi er på jakt etter. Dei fleste av oss er ikkje flinke nok til å bruke søkjemotorane effektivt. Ofte får vi for mange treff, og treffa er ikkje like relevante. Derfor er det viktig å forstå kva ein søkjemotor er, og korleis han fungerer. Men i nokre tilfelle finst det ein enklare veg til målet. I nettleksikon, på offentlege nettsider og i nettaviser kan du raskt finne informasjon med høg kvalitet.
Opphavsrett og gjenbruk
Alle som skaper eit åndsverk, har opphavsrett til sitt eige verk. Det er det grunnleggjande prinsippet bak opphavsretten. Vi lever i ein digital tidsalder der det er enkelt å kopiere åndsverk som andre har laga. Då er det spesielt viktig å kjenne til kva lover og reglar som gjeld på dette området.
Personvern
Personvern handlar om å avgrense andre sin rett til å samle inn og bruke opplysningar som gjeld din person. Personvern handlar også om vern mot krenkjande utsegn, diskriminering og truslar. Både lovverket og pressa sine eigne etiske reglar set grenser for korleis ein person kan bli eksponert i media.
Kjeldetilvisingar
Du kan presentere informasjon frå andre kjelder på to måtar. Den eine er å sitere. Då gir du att ei kortare utsegn eller eit avsnitt heilt ordrett. Den andre er å presentere eit avsnitt eller nokre viktige punkt frå ein tekst med eigne ord. Dette kallar vi å parafrasere.
Eit godt og profesjonelt skulearbeid skal ha ei litteraturliste som tydeleg viser kva for kjelder du har brukt.