Hopp til innhald

Fagstoff

Bruk av kjelder til religionar og livssyn

Når du skal jobbe med religionar og livssyn, kan det hende du finn mange svært forskjellige typar kjelder. Det er ikkje sikkert at det er dei objektive kjeldene som er mest nyttige og relevante. Det kjem heilt an på kva du er ute etter.
Tre unge personar sit rundt eit bord og arbeider. På bordet er det PC-ar, bøker og notatblokkar. Ein noterer, ein ser på mobiltelefonen og ein les i ei bok. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kven er avsendar?

Uansett kva du søkjer svar på, må du alltid vite noko om kven som står bak kjelda. Viss dette ikkje er mogleg å finne ut, bør du ikkje bruke kjelda. Viss du ikkje veit noko om avsendaren, er det umogleg å vite noko om kjelda er skriven frå eit innanfråperspektiv eller eit utanfråperspektiv, eller om ho er objektiv eller subjektiv. Dette er heilt grunnleggjande opplysningar som du må ha kontroll på når du jobbar med kjelder til religionar og livssyn.

Dei einaste unntaka frå denne regelen kan vere tekstar som blir rekna som heilage. Dei har ofte eit uklart opphav, men dei er viktige kjelder, sidan dei er viktige for dei som reknar dei som heilage.

Viss ei kjelde har eit innanfråperspektiv, betyr det at ho beskriv religionen eller livssynet frå innsida. Eit døme kan vere ein hindu som fortel om sine eigne tankar og kjensler rundt religionen sin. I eit utanfraperspektiv beskriv ein religionane og livssyna med ein ståstad utanfor. Eit utanfråperspektiv kan vere både subjektivt og objektivt. Ein subjektiv vurdering tek utgangspunkt i eigne meiningar, erfaringar og interesser. Å vere objektiv vil seie at ein er nøytral og upartisk. Objektivitet er eit ideal i blant anna vitskap og journalistikk. I praksis er dette eit ideal som er tilnærma umogleg å oppnå heilt, sidan ein alltid til ei viss grad vil vere påverka av eigne meiningar, kjensler og interesser.

Innanfrå- eller utanfråperspektiv?

Religionar og livssyn har sin eigen måte å forstå verda på som skil dei frå andre religionar og livssyn. Derfor er det avgjerande om den som står bak kjelda sjølv tilhøyrer religionen eller livssynet. Eit innanfråperspektiv kan vere minst like nyttig som eit utanfråperspektiv. Det kjem an på kva ein er ute etter.

Når du skriv eller fortel om religonar og livssyn, skal du ha eit utanfråperspektiv. På same tid er det viktig å prøve å forstå religionane og livssyna frå eit innanfråperspektiv. Det vil seie at dersom du til dømes skal seie noko om kristendommen sitt syn på Jesus, bør du tydeleggjere at dette er eit innanfråperspektiv ved til dømes å seie "ifølgje kristendommen..."

En hånd holder en rund, hvit skive. Bak et lite beger med rød vin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Undersøk: innanfrå eller utanfrå?

  1. Kva for eit av desse sitata om Jesus trur du er skrive frå eit innanfråperspektiv?
  2. Kva er det som avslører at kjelda har eit innanfråperspektiv?
  3. Sjekk kjeldene og sjå om du hadde rett!

Kjelde 1:

Jesus reknast som utgangspunktet for kristendommen og er kristendommen sin sentrale skikkelse. Han var frå byen Nasaret i Palestina, men blei ifølgje tradisjonen fødd i Betlehem. Det er liten tvil om at Jesus har levd og er ein historisk person. Dei viktigaste kjeldene til Jesu liv er evangelia, forteljingane om Jesus i Bibelen. Vi veit ikkje kven som har forfatta dei, men dei byggjer på historier og sitat som var overleverte munnleg. Evangelia gir ulike bilete av Jesus og viser dermed at det var eit mangfald av korleis dei første kristne forstod Jesus.

Kilde

https://snl.no/Jesus

Kjelde 2:

Jesus er ein historisk person. Han er ikkje berre nemnd i Bibelen, men i fleire andre bøker frå hans tid og litt seinare. Det er faktisk betre bevisføring for at Jesus har levd enn for at Cæsar har levd. Jesus er eit menneske i kong Davids og Abrahams slekt. Det viser slektstreet hans som du kan lese om i byrjinga av Matteusevangeliet. Dette er viktig fordi Det gamle testamentet lover at Gud skal velsigne heile verda gjennom Abrahams ætt, og at det skal komme ein evig konge frå Davids ætt. (Matt.1,1–16) Jesus er Gud. Dei fleste religiøse leiarar peikar ikkje på seg sjølv, men guden dei representerer. Slik et det ikkje med Jesus. Han peikar på seg sjølv. Heile læra hans handlar om at han sjølv er svaret på menneska sin hunger etter «noko meir». Han seier at det å sjå han, er det same som å ha sett Gud. Disiplane tilbad Jesus som Gud og forkynte dette. (Joh. 20,28)

Kilde

https://itro.no/serie/hvem-er-jesus-2/

Kven representerer kjelda?

Dersom kjelda er skriven frå eit innanfråperspektiv, er det også viktig å finne ut kven kjelda representerer. Er dette til dømes ein personleg blogg eller ei offisiell side for ein religiøs organisasjon? Er informasjonen som kjem fram i kjelda representativ for mange innan religionen eller livssynet?

Derfor er det viktig å finne ut meir om opphavspersonen og kven han eller ho eventuelt representerer. Det er også lurt å bruke fleire kjelder, for å sjå om du finn same opplysningane der.

Ein som bloggar om si personlege tolking av religionen sin kan likevel også vere ei god kjelde, sjølv om ho ikkje representerer ei større gruppe. Dette er eit døme på personleg religiøsitet som også kan vere interessant. Det som er viktig er at du er klar over at kjelda er uttrykk for ei personleg meining, og at ho ikkje representerer eit meir generelt eller offisielt syn på saka.

Undersøk: Døydde Jesus på korset ifølgje kristendommen?

Bruk denne kjelda: Døde Jesus på et kors?

Undersøk nærmare:

  1. Kven står bak kjelda?
  2. Er synet til denne organisasjonen representativ for kristendommen generelt?
  3. Finn ei anna kjelde med innanfråperspektiv som du meiner har eit meir representativt syn på saka.

Er kjelda objektiv?

Kjelder som er skrivne frå eit utanfråperspektiv kan vere både objektive og subjektive. Kjelder som snl.no, læreverk i religion og etikk og artiklar som er skrivne av til dømes religionshistorikarar eller sosialantropologar, har som regel ei objektiv framstilling, så langt det lèt seg gjere. Ein religionshistorikar kan sjølvsagt også vere farga av sitt personlege syn på religion, men i læreverk, oppslagsverk og vitskaplege publikasjonar skal ein ha eit objektivt utanfråperspektiv.

Ikkje alle kjelder med utanfråperspektiv er objektive. Somme kan til dømes vere prega av eit innanfråperspektiv frå ein annan religion eller eit anna livssyn. Ein humanetikar kan til dømes skrive veldig kritisk og usakleg om kristendommen eller omvendt.

Somme er også farga av den politiske ståstaden sin. Høgreekstreme og innvandringsfiendtlege bruker ofte ekstreme og lite representative døme når dei skriv om til dømes islam eller jødedom. Somme spreier også medvitent usanningar for å svartmåle enkelte grupper. På motsett side kan ein finne kjelder med utanfråperspektiv som gir eit rosenraudt bilete av religionar og livssyn, basert på generell synsing og tilfeldige kjelder.

Når du bruker kjelder med utanfråperspektiv, er det altså spesielt viktig å vere medviten på pålitelegheit og objektivitet. I enkelte spesielle tilfelle kan det likevel vere relevant å bruke slike kjelder som ikkje er objektive, viss ein til dømes skal undersøkje fordommar eller andre sitt syn på ulike religionar og livssyn.

Autoritative og heilage tekstar

Når du skal utforske ulike religionar, er det ofte nyttig å søkje til tekstane som blir rekna som heilage eller autoritative i religionane. Ein autoritativ tekst er ein tekst som fungerer som ein autoritet. Dei som bruker han, meiner han inneheld sanningar, reglar og forteljingar som er viktig for dei og som påverkar eller styrer livet deira. Somme autoritative tekstar blir også rekna som heilage. Då reknast dei som regel for å ha eit guddommeleg opphav. Tekstane er gitte av Gud eller inspirerte av Gud.

Handskrevet manuskript skrive på sanskrit (eit gammalt indisk språk). Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Autoritative og heilage tekstar er ofte gode kjelder, men dei må ikkje brukast ukritisk. Det er ikkje sikkert at teksten du har funne blir tolka på same måten av dei som bruker han. Det er ikkje eingong sikkert at teksten er viktig. Du må til dømes vere forsiktig med å bruke ein skriftstad frå Det gamle testamentet for å belyse noko i kristendommen. Det er mykje i Det gamle testamentet som ikkje er viktig for mange kristne, sidan Det nye testamentet er viktigare og på mange måtar overstyrer det gamle.

Når du bruker heilage tekstar, må du også hugse at tekstane blir tolka forskjellig innetter i religionane. Les meir om ulike lesemåter.

Hugs!

  • Kven er avsendar?
  • Har teksten eit innanfrå- eller utanfråperspektiv?
  • Kven representerer kjelda?
  • Er kjelda objektiv eller subjektiv?
  • Når du bruker heilage tekstar:
    • Er denne teksten viktig?
    • Korleis blir han tolka frå eit innanfråperspektiv?

Finn kjelder!

  1. Gjer eit søk på eit tema som handlar om religion eller livssyn.
  2. Finn ei kjelde som er skriven frå eit innanfråperspektiv og ei frå eit utanfråperspektiv.
  3. Bruk lista over til å vurdere dei to kjeldene.

Viktige omgrep

  • innanfråperspektiv
  • utanfråperspektiv
  • subjektiv
  • objektiv
  • autoritative tekstar
CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 26.04.2022

Læringsressursar

Kjeldebruk og kjeldekritikk