Hopp til innhald

Fagstoff

Hinduismen – estetiske uttrykk

Førsteinntrykket av hinduismen er gjerne eit mylder av fargerike gudar. Gudane blir gjerne sett på som ulike uttrykk av den eine Gud. Kvar einaste gud gjer seg dessutan tilgjengeleg på fleire måtar. Her skal vi først og fremst sjå på Gud i antropomorf (menneskeliknande) form.
Fargerike gudefigurar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Historisk bakgrunn

Det er mykje som tyder på at hinduismen som tempelreligion blei til under inspirasjon frå buddhismen, og ikkje omvendt. I begge religionane byrja ein å byggje tempel eller hogge dei ut i fjellholer rundt 500 e.Kr. Omvandrande handverkarar fekk arbeid hos fyrstar i økonomisk og militær medvind, og rike fyrstedømme synleggjorde seg sjølv ved å byggje store tempelanlegg. Ein nordleg byggjestil (nagara) voks fram til forskjell frå ein sørleg (dravida), men forskjellane blei mykje større frå 1000-talet av, då nordlege delar av India kom under islamsk overherredømme.

Ei nyvinning i nord, som kom saman med islam, var illuminasjonskunsten. Han medførte ein heilt ny biletkultur, som lever vidare i dag, om enn på litt andre vilkår. På same tid byrja ein i Sør-India å produsere små metallfigurar som førestilte dei mest kjende gudane. Denne utviklinga kan forståast i lys av bhakti-fromheita, kjærleikens veg, som blei toneangivande på denne tida.

Øvst er to leiarar som underviser elevar, og nedst er det ein tekst. Rundt kanten er ei blomelenkje. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Murti

I templa er gudane til stades i form av murtiar, det vil seie bilete eller statuar som ser rett på den som tilber. Dei er representasjonar av Gud, på same tid som dei er gudar eller aspekt av Gud. Darshan betyr «å sjå og bli sett» av gudane. Det er eit ritual som høyrer med under tempelbesøk, men som like gjerne kan gjerast heime framfor eit alter med bilete eller figurar.

Eit særtrekk ved bhakti-fromheita er at tilbedaren kan gå inn i ei rolle som inneber eit svært personleg og nært forhold til ein gud. Døme er korleis ein i rolla som Ramas hjelpar (Hanuman), bror (Lakshmana) eller hustru (Sita) kan oppleve ein større nærleik til Gud (Rama). Eit anna døme er rolla som Radha, Krishnas kjæraste. Nærleiken til Gud blir styrkt gjennom nærleiken til den menneskelege forma hennar.

Ifølgje sentrale hinduiske tekstar om kunst skal ein murti vere vakker. Han skal gi både sanseleg og åndeleg nyting. Sidan han kan vere laga av stein, metall, tekstil eller papir, høyrer han heime i det materielle. Fordi han på same tid representerer Guds nærvær på jorda, fungerer han som ein kanal mellom to verder. Omgrepet symbol kjem frå det greske verbet symballein, som betyr å føre eller føye saman noko. Ein murti er i så måte eit symbol som føyer saman himmel og jord.

Geometri

Symmetrisk figur med geometriske mønster. Illustrasjon.

I ein upanishade som handlar om design heiter det blant anna: «Den som kjenner sirkelen og linja, er ein skulptør.» Dette utsegnet blir gjerne tolka som eit uttrykk for at geometri ligg til grunn for figurasjon – eller sagt på ein annan måte: Den som skal lage eit bilete eller ein figur til religiøst bruk, må først lage det geometriske mønsteret som biletet skal byggje på. Eit bilete kan til dømes delast i ei viss mengde flater, som så blir reserverte for himmelske og jordiske vesen. Midt i biletet, og gjerne i større målestokk enn dei andre figurane, blir den sentrale guddommen plassert.

Eit sitat frå same tekst er: «Frå kosmisk bevisstheit kjem symbolet. Frå symbolet si form kjem biletet.» Viss vi held saman begge desse utsegna med det som står om symbol ovanfor, får vi følgjande skjema der murtiane blir ei bru mellom den åndelege og den materielle verda. Som murtiar gjer gudane seg tilgjengelege for menneska. Det gjer dei også som geometriske mønster (yantra) eller lyd (mantra).

Rasa

Andre tekstar om kunst inneheld til dømes oversikter over kva for fargar som passar saman med ulike rasaer. Ein rasa er ei form for energi eller kvalitet som gjer seg gjeldande innanfor alle kunstartar, også musikk, dans med meir. Han kan korrespondere med ei viss tid på døgnet, ei årstid, ein livsfase, ein toneart eller ein mudra (gest eller handstilling). Det er vanleg å rekne med ti rasaer: kjærleik, glede, sorg, vreide, begeistring, frykt, avsky, forundring, fred og ømheit.

Teikning av mann med avmerkingar som viser ulike proporsjonar målte i "tala". Illustrasjon.

Desse føringane gjeld også korleis heile bilete skal komponerast. Naturen som omgir ein person, skal til dømes reflektere sinnsstemninga og personlegdommen hans eller hennar. Personane skal også plasserast i relasjon til kvarandre etter visse reglar.

Dei gamle tekstane gir også reglar for korleis ansikt, augebryn, lepper, osv. skal formast når guddommelege personar blir framstilte figurativt. Førebileta er henta frå naturen: Ansiktet si ovale form tilsvarer egget si, skuldra hentar forma si frå elefanten, og så vidare. Ansiktet sin storleik er for øvrig ei grunnleggjande måleeining for kroppen sine øvrige proporsjonar. Denne måleeininga blir kalla tala, og ein legg tilsvarer til dømes to talaer.

I moderne plakatkunst blir ikkje nødvendigvis slike reglar følgt så nøye. Men fordi motiva stort sett er dei same som for 1500 år sidan, ber dagens bilete med seg ein gjenklang frå dei gamle teoriane.

Viktige omgrep

  • nagara
  • dravida
  • illuminasjon
  • murti
  • darshan
  • rasa
  • mudra
  • tala
CC BY-SASkrive av Geir Winje.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2022

Læringsressursar

Hinduismen