Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Åndelegheit

Kva inneber det å ha ei anna verkelegheit å rette seg etter? Kva betyr det å vere religiøs, i kvardagen? Korleis kan ein personleg oppleve noko åndeleg?
Foto av kvinne som ber i solnedgang.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Før du lyttar til podkasten

  • Skriv ned nokre stikkord om ulike måtar ein kan få kontakt med det åndelege på.
  • Kva er forskjellen på ein person som er religiøs og ein person som er åndeleg/spirituell? Er det eigentleg det same?
Raud notatbok med papir stikkande ut. I forgrunnen står teksten "Heilt personleg". Foto.
Heilt personleg

Åndelegheit

Yuhashinee Shankkar er hindu, og Ann Kristin Van Zijp Nilsen er kristen. I denne podkasten snakkar dei med programleiar Marthe Sveberg om forholdet sitt til Gud og åndelegheit.

0:00
-0:00

Etter du har høyrt på podkasten

  1. Korleis beskriv Ann Kristin og Yuhashinee opplevingane sine med Gud?
  2. Korleis definerer dei Gud?
  3. Kva seier dei om moglegheita til å trene opp evna til å få kontakt med Gud?
  4. Kva seier Yuhashinee om Bhakti-rørsla?
  5. Kva seier Ann Kristin om nåde i kristendommen?
  6. Kva handlar religiøsitet mest om, ifølgje Yuhashinee og Ann Kristin?
  7. Skriv ned ei kort liste over dei viktigaste likskapane og forskjellane på Yuhashinees og Ann Kristins oppleving av det åndelege.

Refleksjonsoppgåver

  1. Kva kan vere årsakene til forskjellane på Yuhashinees og Ann Kristins oppleving av det åndelege? Bruk gjerne forkunnskapane dine om kristendom og hinduisme når du forklarer.
  2. Trur du begge opplever det same fenomenet, eller er forskjellane så store at dei ikkje kan samanliknast? Grunngi svaret ditt.
  3. Kva betyding har det om ein har eit innafråperspektiv eller eit utanfråperspektiv når ein skal svare på spørsmål 2? Treng det å ha noka betyding?
CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 22.02.2022

Læringsressursar

Hinduismen