Hopp til innhald

Fagstoff

Kjønn i hinduismen

Kjønn blir forstått på mange ulike måtar i ulike tradisjonar innanfor hinduismen. Mens hinduistiske tekstar særleg uttrykker eit mannleg perspektiv, har kvinner i dag og historisk hatt sentrale roller i ulike typar religiøs praksis.
Kvinne i tradisjonell indisk klesdrakt legg blomstrar på ein steinfigur. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heilage tekstar

I indisk klassisk litteratur er det hovudsakleg mannlege stemmer og perspektiv som kjem til syne, og det mannlege kjønnet blir forstått som normativt. Det er få bidrag frå kvinner og lågare kastar i desse tekstane, som ofte er forfatta av og for menn frå presteklassen. Eit døme er teksten Manus lover, ei lovbok som inneheld reglar og plikter knytte til menn frå dei fire samfunnsklassane. Manus lover beskriv kvinner ut frå forholdet deira til menn, og kvinner har ifølge Manu tre roller i livet: dotter, kone og enke, under vern av høvesvis faren, ektemannen og sønene.

Dei mange historiene til hinduismen om gudar og gudinner har òg forma hinduar si forståing av kjønn. Slik som menneska har gudane òg familieforhold. Dei kan vere gifte og ha barn eller vere åleine. Eigenskapar som lydnad og anstendigheit blir tradisjonelt sette høgt hos hindukvinner, eit ideal som òg går igjen i forteljingsuniverset til hinduismen. Sita frå eposet Ramayana er eit kjent døme på ei hustru som trufast følger ektemannen sin Rama i eksil. Ho blir sett på som personifiseringa av den perfekte kona, og Rama blir sett på både som den gode ektemannen og den ideelle sonen som ofrar alt for æra til faren. Men innanfor ekteskapet blir òg kvinna vurdert som ei gudinne, som har gudinna Lakshmi sine eigenskapar: fruktbarheit og lykke.

Mann sit  på ei trone med ei kvinne på fanget. Rundt står fleire menn. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Fordjuping: Andre versjonar av forteljingane om Rama og Sita

Krlepodden.com: Ramayana

I filosofiske tekstar frå den innverknadsrike Samkhya-tradisjonen finn vi idéar om ein dualistisk (todelt) kjønnstanke som har hatt stor påverknad på ei rekke hinduistiske tradisjonar. Brahman, det guddommelege verds-altet, har to polar: ein passiv mannleg pol som blir identifisert med bevisstheit og ein kvinneleg, aktiv og skapande pol som blir identifisert med materien eller skaparverket. Eit ordtak seier at utan den kvinnelege motparten sin Shakti (gudinna), er Shiva eit lik, og viser til at energien og skaparkrafta til gudane (shakti) blir rekna som kvinneleg.

Dette synet finn vi òg i Tantra og tantrisk litteratur, som reknar det kvinnelege som guddommeleg.

Fargerike statuar av gudar med ein stor kvinnestatue med mange armar i midten. Ein mann legg fram gåver ved føtene hennar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Historiske endringar

Sidan det stort sett er mannlege perspektiv som blir skildra i tekstane, veit vi lite om faktiske historiske forhold når det gjeld kvinner. Dette må rekonstruerast frå kjelder som både er få og ofte stereotypiske.

I Upanishadene (frå ca. 700 fvt.) blir det fortalt om kvinner som ønskte å oppnå frelse og leve som skogbuarar. Dette viser at kvinner i tidlege tider sannsynlegvis kunne ha status som asket og guru (lærar) og oppnå frelse. Slike kvinnelege asketar med stor innverknad finst òg i dag, sjølv om overvekta er menn. Men desse kvinnene har måtta kjempe eller gjere seg fortent til ein slik posisjon.

Amma

Mata Amritanandamayi, gjerne berre kalla Amma (mor), er eit døme på ein moderne kvinneleg guru. Ho er svært populær både i India og Vesten. Videoen under er frå ei reise ho gjorde i Europa i 2019.

På den tida då Manus lover blei forfatta (200 fvt.–200 evt.), var situasjonen forverra, og kvinner blir nemnde i same kategori som kastelause i fleire tekstar. Verken kvinner eller menn frå låge kastar kunne ifølge Manu lære om eller initierast i Veda, dei tekstane som er openberra i hinduismen. Dette er i forandring i dag, og i enkelte byar er det oppretta skular som utdannar kvinnelege prestar som blir skolerte i Veda.

Kjønnsroller/praksis i dag

Overgangsritual markerer dei store hendingane i livet og er i hinduismen knytte til læra om livsstadium. Ifølge tekstane er desse rituala reserverte for menn frå dei tre øvste klassane. Dei viktigaste av dei er i dag upanayana, den heilage tråd-seremonien som initierer gutane i studiet av Veda, ekteskapet, som innleier familiestadiet og kremeringsritualet når ein er død. Ekteskapet har tradisjonelt blitt forstått som det viktigaste livsstadiet for ei kvinne og svarer ifølge Manus lover til guten sitt upanayana-ritual. Ei gift kvinne deler dharma (plikter) med ektemannen sin. Nokre grupper har eigne overgangsritual for kvinner, til dømes ved første menstruasjonen. Rolla som kone og mor er ein dominerande sosial identitet for hinduistiske kvinner òg i dag.

Bryllaup

For mange hindukvinner er bryllaup det viktigaste ritualet i livet. I videoen under ser du klipp frå eit bryllaup i Kreala, India.

Ei kvinne flyttar gjerne til mannen sin familie ved ekteskap. Søner blir heime og tek vare på mødrene når dei blir eldre. Dette, og det at ein son er forventa å utføre dødsritual på vegner av faren, speler inn på ønsket om å føretrekke gutebarn. Bandet mellom mor og son er spesielt sterke i hinduistiske samfunn.

Enker har tradisjonelt hatt låg status, og det har ikkje vore tillate med gjengifte. Dette har store konsekvensar når ein mann døyr ung. Sati, enkebrenning, har aldri vore ein vanleg praksis, men er eit ekstremt ideal som fortel noko om synet på enker.

Det er samtidig viktig å hugse på at kjønn berre er eitt av fleire hierarki i hinduismen. Ei kvinne frå ein høg kaste har slik høgare status enn mange menn frå lågare kastar.

Ritual og praksis

Dei fleste former for religiøst liv og rituell praksis er i hinduismen opne både for kvinner og menn, men tradisjonelt har som sagt vediske ritual, slik som ild-offeret (homa eller havan), vore reservert for menn og er det i stor grad framleis. Ei rekke religiøse praksisar som har med familie, heim og fruktbarheit å gjere, blir likevel dominerte av kvinner, mellom anna tilbedingsritual (puja) og ritual som blir utførte i samband med festivalar, heilagdagar og overgangsritual.

Vrata (løfte) er ein rituell praksis som blir utført av begge kjønn, men som gjerne blir knytt til kvinner. Vrata blir utført innan eit spesifikt tidsrom og inneheld asketiske element som å faste. Dette blir gjennomført for å auke spirituell kraft og for velværet til familien.

Likestilling og feminisme i ein hinduistisk kontekst

Dominerande motiv i hinduistiske feministiske diskursar inkluderer vald mot lågkastekvinner, drap på bakgrunn av medgift og abort på jentefoster. Krigar-gudinna Durga blir gjerne sett på som modell for kvinner i kamp mot urett.

Mange indiske kvinner iført rosa sari held ei hand i været og roper slagord. Dei held opp eit stort banner med indisk skrift. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hijra – ein tredje kjønnskategori

India var det første landet i verda som i 2014 formelt anerkjende ein tredje kjønnskategori. Hijraer, som ofte blir omsett med transpersonar, sjølv om dei sjølv føretrekker nemninga "tredje kjønnet", kler seg tradisjonelt feminint og speler ei rituell rolle i å velsigne hinduistiske ritual.

Litteratur:

  • Jacobsen, K. A. (2003) Hinduismen. Pax Forlag.

  • Rhude, C. (2018) The Third Gender And Hijras. Henta 4.5.2022. https://rpl.hds.harvard.edu/religion-context/case-studies/gender/third-gender-and-hijras

  • Rodrigues, H. P. (2016) Introducing Hinduism. Routledge.

CC BY-SASkrive av Ina Marie Lunde Ilkama. Rettshavar: Universitetet i Sørøst-Norge
Sist fagleg oppdatert 02.08.2022

Læringsressursar

Hinduismen