Hopp til innhald

Fagstoff

Hinduisme – utvikling og utbreiing

Hinduismen blir rekna som verdas eldste religion. Han er opp mot 4000 år gammal og har ingen kjend grunnleggjar. Hinduar kallar trua si sanatana dharma, den evigvarande orden. Hinduismen er ein nasjonalreligion, uløyseleg knytt til India, og derfor er han tradisjonelt ikkje misjonerande.

For ca. 3500 år sidan trengde folkegruppa ariarane seg inn frå dagens Iran til India. Det førte til både ei kultur-, språk- og religionsblanding som fekk konsekvensar fram til vår eiga tid. Dravidane, som til då var den dominerande folkegruppa i India, blei fortrengd til dagens Sør-India og Sri Lanka. I møtet med ariarane oppstod Vedaskriftene, hinduismens heilage skrifter. Språket i Vedaene er sanskrit, eit no utdøydd språk.

Tidleg hinduisme

Religionar i India gjennomgjekk ei dramatisk endring ca. 500 f.Kr., då shramana-rørsla oppstod. Denne rørsla kom som ein reaksjon mot at mange religiøse ritual var blitt for formalistiske, det vil seie låste i faste mønster og kontrollerte av presteskapet, brahminane.

Ein mann står ved ei elv og held ei skål med eld. På elva er fleire menneske ute i båt. Sola står lågt på himmelen. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

No blei merksemda retta mot at den enkelte skulle praktisere askese og leve enkelt. Askesen og sjølvransakinga skulle føre til ei djupare innsikt og vise veg til det endelege målet, moksha, eller frelse frå atterføding. Det er på denne tida at religionane buddhismen og jainismen oppstår. Dei har begge opphavet sitt i tidleg hinduisme og reaksjonen frå shramana-rørsla.

No blir Vedaskriftene supplerte med Upanishadene, det vil seie tekstar som beskriv ulike meditasjonsteknikkar og yogaøvingar. Upanishadene drøfter også meininga med at menneske har karma, det vil seie ein ballast frå tidlegare, som dei kan påverke i sitt noverande liv. Karma dannar grunnlaget for kven du blir i det neste livet ditt.

Hinduismen har alltid hatt ei stor evne til å ta til seg andre tenkjemåtar og religionar. Men i byrjinga av tidsrekninga vår ekspanderte buddhismen sterkt i India, på hinduismen si rekning. Kong Ashoka (275–235 f.Kr.) gjorde buddhismen til landets religion. I ein periode var det fleire i India som var buddhistar enn hinduar.

Som ein reaksjon på frammarsjen til buddhismen utvikla det seg på 500-talet ei folkeleg retning innanfor hinduismen som dyrka truskap, eller kjærleikens veg, bhakti, overfor gudane. No fekk lekfolk, dei som ikkje tilhøyrde prestekasten, ei meir aktiv rolle i religionsutøvinga. Ekstatiske songar og bruk av mantra, heilage ord, skulle hjelpe den truande til eit betre liv ved neste atterføding. Det viktigaste heilage ordet er «om», som ved gjentaking set den enkelte i ein tilstand av djup kvile og konsentrasjon.

To personar på kvar sin hest er vende mot kvarandre. Rundt dei er fleire soldatar. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Shankara (788–820)

På 800-talet fornya den indiske filosofen Shankara hinduismen. Han kom med nye tolkingar av upanishadene, Bhagavadgita og Brahmasutra. Inspirert av mahayana-buddhismen videreutvikla han læra om advaita, som er eining eller ikkje-dualisme. Advaita-læra seier at det berre finst éi ytste verkelegheit. Denne verkelegheita blir som regel kalla brahman. Det vi sansar rundt oss, finst eigentleg ikkje, det er maya – ein illusjon.

Mennesket si sjel, eller «sjølvet», heiter atman på sanskrit. Atman kan forståast som identisk med brahman. Ved erkjenninga av at eins eiga atman er lik brahman, oppnår ein frelse, moksha. Shankara la også vekt på gamle pilegrimsmål og heilage byar.

Hinduismens møte med islam og kristendom

Dei første muslimane kom på 800-talet og etablerte statsdanningar i Nord-India på 1100-talet. I dei muslimske statane i India fekk muslimane særfordelar, blant anna skattelettar og andre goder. Mange hindutempel blei rivne og erstatta med moskear.

Ein mann med kvite klede held hendene sine opp med handflatene mot kvarandre. Foto.

Under mogulriket (1526–1858) var det ei rekkje samtalar og møter mellom dei styrande muslimane i India og leiarane for hinduane. Keisar Akbar (1542–1605) prøvde å foreine islam og hinduismen og hadde som mål å lage ei felles tru. Fleire av konene hans var praktiserande hinduar. På denne tida fekk kastesystemet innpass i islam i India. Systemet deler samfunnet inn i ulike grupper, med ulik status.

Først då dei europeiske kolonistane kom til India, fekk kristendommen eit varig fotfeste i landet. Som eit resultat av dette kultur- og religionsmøtet har fleire hindutempel også teke inn bilete av sentrale kristne skikkelsar, blant anna Jesus, Maria og Josef. Dei kristne i India var motstandarar av kastevesenet. Kristendommen har hatt stor innverknad på hinduiske reformatorar, til dømes Mahatma Gandhi (1869–1948). Det store prosjektet hans var å frigjere India frå det engelske kolonistyret.

Hinduismen i dag

I striden mot det engelske kolonistyret i India oppstod det motsetnader mellom hinduar og muslimar, noko som førte til at det blei oppretta to sjølvstendige statar i 1948: India med eit hinduisk fleirtal og Vest-Pakistan og Aust-Pakistan (seinare Bangladesh) med ei muslimsk befolkning.

Talet på hinduar i verda er ca. ein milliard i 2018. Av dei bur 97 prosent i India. Men vi har også store grupper hinduar på øya Bali i Indonesia og i Nepal (ca. 90 prosent av befolkninga). På Sri Lanka er 15 prosent hinduar, og i Bangladesh ca.10 prosent. I vestlege land er det særleg USA, Canada og Storbritannia som har større folkegrupper med hinduismen som sin religion. I Noreg er det registrert ca. 9000 hinduar i 2018, mange av dei er frå Sri Lanka. Dei har eigne tempel i Oslo, Slemmestad, Trondheim og Bergen.

Viktige omgrep

Vedaene

sanskrit

shramana-rørsla

brahminer

moksha

Upanishadene

karma

bhakti

mantra

advaita

maya

brahman

atman

CC BY-SASkrive av Clemens Saers og Knut Dæhli. Rettshavar: Kommuneforlaget
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022

Læringsressursar

Hinduismen