Hopp til innhald

Fagstoff

Hinduisme – skrifter og mytar

Hinduismen er verdsreligionen med truleg dei eldste og flest heilage tekstane. Blant desse finn vi Mahabharata, verdas lengste episke dikt.
Mann held bok med tekst på eit indisk språk. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Teksttradisjonen i hinduismen er gammal, open og enorm. Gammal fordi dei eldste tekstane blei til for 3000–4000 år sidan, så pugga og overlevert munnleg frå lærar til elev, heilt til dei blei skrivne ned mange hundreår seinare. Open fordi det framleis i dag blir produsert nye tekstar som blir rekna som autoritative av fleire hinduar, særleg knytte til nyare guruar (religiøse læremeistrar). Derfor er mengda tekstar i hinduismen også så enorm, fordi tekstproduksjonen har gått føre seg over fleire tusen år.

Innhaldet i dei mange tekstane er svært variert. Det spenner frå klassiske mytar om dei mange ulike gudane, skapinga av universet og verdsordninga, filosofi, dialogar og analysar av kjende indiske omgrep som karma, samsara, atman og brahman, lovbøker som handlar om etikk og politikk, og treningsmanualar for yoga, meditasjon, gudstilbeding og korrekt utføring av ritual.

Mann i bar overkropp held opp levnde lys framom ein gudestatue. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

For å få oversikt over dei mange teksttradisjonane og mytane dei inneheld, kan vi forenkla dele alle tekstane i to ulike typar – openberra og menneskeskapte tekstar.

Shruti – openberra tekstar

Shruti betyr «det som er høyrt», og er alle tekstar som skal ha blitt openberra frå gudane direkte til heilage personar, som så memorerte og vidareførte desse. Slike openberra tekstar kallast også for Veda, som betyr «visse». Desse tekstane er skrivne på sanskrit, eit gammalt språk som nesten ingen hinduar kan i dag. Sanskrit har same status i India i dag som latin har i ein del europeiske kristne land. Sanskrit blir brukt som rituelt og liturgisk språk i hinduismen.

Rigveda

Den eldste blant Veda-tekstane blir kalla Rigveda-samlinga, som iallfall er 3000 år gammal. Desse tekstane inneheld hymner til gamle vediske gudar som toreguden Indra, eldguden Agni og ulike naturfenomen. Nokre hymner frå Rigveda blir framleis brukte i dag i viktige overgangsritual som bryllaup og den heilage tråd-seremonien. Dette gjer truleg tekstsamlinga til verdas eldste religiøse tekst som framleis er i rituelt bruk.

Øvst er to leiarar som underviser elevar, og nedst er det ein tekst. Rundt kanten er ei blomsterlenke. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Upanishadane

Ein annan viktig og yngre del av Vedaene er Upanishadane. Desse blir også kalla for Vedanta, som betyr den siste delen av Veda. Upanishade-tekstane blei til om lag 700 f.Kr., og tek føre seg spekulasjonar om meditasjon og filosofi framfor utføring av ritual. Det er i Upanishadane vi finn omtalt for første gong omgrep som karma, atterføding (samsara), frigjering frå atterføding (moksha), yoga og meditasjon. Fokuset i Upanishadane handlar om forholdet mellom menneskesjela eller sjølvet (atman) og verdssjela eller det kosmiske sjølvet (brahman). Det finst over 200 Upanishadar, og dei har blitt produsert heilt opp til tida vår.

Vedaene, dei openberra tekstane, er felles for dei aller fleste hinduar. I tillegg til Vedaene har ulike grupper og retningar i hinduismen ei rekkje menneskeskapte tekstar, som avheng av kva for gruppe ein høyrer til.

Smriti – menneskeskapte tekstar

Smriti betyr «det som er hugsa,» og kjenneteiknar alle tekstar som blir knytt til ein bestemt forfattar og dermed er menneskeskapt. Denne typen tekstar består blant anna av episke forteljingar om gudane, lovtekstar, og filosofiske grunnlagstekstar.

Yogasutra

Yogasutra er ein viktig filosofisk grunnlagstekst for mange av yogatradisjonane i hinduismen. Patanjali er ført opp som forfattar, og han beskriv ulike typar yoga og fordelar med yogapraksis, som inkluderer total kroppskontroll, overnaturlege evner, og fridom frå samsara.

Manus lovbok

Lovbøker utgjer den største kategorien tekstar i hinduismen, med over 2000 ulike tekstar. Den mest kjende er Manus lovbok, Manusmriti. Denne lovboka skildrar pliktene knytt til dei fire ulike kastane og livsstadia, og detaljerte skildringar om korleis ein konge skal styre, forholdet mellom mann og kvinne, strafferett, overgangsritual og religiøs praksis.

Puranaene

Purana-tekstane er namnet på samlingar av mytar og legender om gudane, særleg dei mest kjende, slik som Vishnu, Shiva, Krishna, Rama, Ganesha og gudinner som Devi og Parvati. Purana-litteraturen er også massiv, med over 400 000 vers fordelte på over hundre bind.

Mann og kvinne sit på eit fjell. Mannen ser ned på ein annan mann ved foten av fjellet. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ramayana og Mahabharata

Hender held statue av elefantguden Ganesha. Foto.

Dei mest kjende diktverka frå India som også handlar om gudane, er Ramayana og Mahabharata. Ramayana er om lag like lang som Bibelen, og handlar om livet til guden Rama. Det rettferdige styret hans som konge, «Kongedømet til Rama», har blitt eit døme på det ideelle samfunnet i hinduismen.

Mahabharata er verdas lengste diktverk, med over 200 000 vers, om lag fire gonger så langt som Bibelen. Storverket handlar om to kongebrør og sønene deira sin kamp om eit kongerike i Nord-India. I historia kjem viktige gudar som Shiva og Krishna direkte inn som sentrale hovudpersonar. Nokre av kapitla i diktverket har fått status som eigen heilag tekst, særleg kapittel 23–40 av Mahabharatas sjette bok, som blir kalla for Bhagavadgita.

Bhagavadgita

Bhagavadgita er ein samtale mellom guden Krishna og krigarprinsen Arjuna, ein av kongssønene. Arjuna er i ferd med å leie ein hær mot delar av sin eigen familie og tidlegare vener, men blir motlaus når han ser dei på slagmarka. Vognføraren hans viser seg å vere guden Krishna, som hjelper Arjuna å få motet tilbake ved å forklare dei tre frelsesvegane i hinduismen – handlinga sin veg, erkjenninga sin veg og tilbedinga sin veg. Eit av hovudpoenga i teksten er at ingen eigentleg døyr i krigen, fordi det individuelle sjølvet (atman) skiftar kropp etter døden, akkurat som ein skiftar klede når dei gamle er utbrukt.

Viktige omgrep

  • guru
  • shruti
  • Veda
  • Rigveda
  • Upanishadane/Vedanta
  • smriti
  • Manus lovbok
  • Purana
  • Ramayana
  • Mahabharata
  • Bhagavadgita

Relatert innhald

Kjelder

Jacobsen, Knut A. (2003). Hinduismen. Pax Forlag A/S, Oslo.

Jacobsen, Knut A. & Thelle, Notto R. (1999). Hinduismen og buddhismen. Høyskoleforlaget AS.

CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2022

Læringsressursar

Hinduismen