Hopp til innhald

Fagstoff

Hinduisme – åndelegheit og oppleving

Hinduismen rommar eit hav av åndelege treningssystem, der yoga utvilsamt har blitt det mest populære og velkjente omgrepet. Yoga er eit av hinduismen sine viktigaste bidrag til menneskeætten sin religiøse felles arv.
Stor folkemengde sit saman på golvet med levande lys framom seg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Hinduismen har ei rekkje mytar som handlar om direkte opplevingar og møte mellom menneske og gudar. I tillegg finst det mange religiøse treningssystem som skal hjelpe mennesket med å finne sanning, glede og frigjering frå atterføding. I denne artikkelen skal vi sjå på dei mest kjende døma på åndelege treningssystem og gudsopplevingar i hinduismen.

Moksha

Moksha betyr i hinduismen fridom frå karma og lausriving frå samsara, den uendelege rekkja av atterfødingar. Dette er ein tilstand som reknast som det høgaste målet for alle hinduar. Kva moksha inneber utover fridom frå samsara, avheng av kva for retning i hinduismen ein høyrer til. For nokon betyr det å kome nær Gud, bli ein del av Gud, føle Guds sæle eller kome til himmelen. For andre kan det bety foreining mellom sjela (atman) og verdssjela (brahman), ein tilstand som fullstendig overskrid språk, tid og stad. For andre kan frelse vere ein tilstand av absolutt separasjon mellom det materielle og det åndelege, som berre kan skildrast negativt, ut ifrå kva det ikkje er. Sistnemnde tolkingar har nokre likskapar med nirvana i buddhismen.

Yoga

Ordet yoga kjem frå verbalrota yuj. (frå sanskrit, «å disiplinere»). Yoga betyr mental og fysisk disiplin som blir praktisert med religiøse føremål. Det særskilde med yoga er at kroppen blir brukt som eit middel til frelse, at både mental og fysisk trening blir foreinte for å oppnå religiøse mål. Eit overordna mål i klassisk yoga er frigjering frå atterfødinga sitt krinsløp, samsara.

Indisk tekst med illustrasjon som viser mann som ligg på magen og held i anklane sine bak ryggen. Måleri.

Yogatrening inneber at ein skal følgje visse etiske levereglar, trene opp kontroll av kroppen gjennom bestemte kroppsstillingar (asana) og pusteteknikkar (pranayama), og ulike typar mental trening, slik som fokus på berre eitt objekt eller andre former for meditasjons- og konsentrasjonsøvingar.

Ordet yoga har også fleire betydningar i hinduismen – yoga kan bety ein bestemt teknikk for å kontrollere kroppen og sinnet, og det kan bety både metodane brukte i yoga og sjølve målet for yogapraksisen. Dei fleste hinduar meiner at yoga betyr foreining, mellom sjela (atman) og ein gud eller verdsaltet (Shiva eller brahman). I den klassiske yogateksten Yogasutra av Patanjali er yoga definert som «opphør av sinnets aktiviteter». Det finst med andre ord stor variasjon i betydning av omgrepet yoga, og av dei ulike formene for fysisk og mental trening i dei ulike yogatradisjonane.

I kombinasjon med andre ord, slik som mantra («lyd») eller hatha («kraft»), kan yoga også referere til spesifikke tradisjonar som har spesialisert seg på bestemte yogateknikkar (sjå under).

Yoga har blitt populært også utanfor India, sjølv om få i Vesten knyter yogaøvingar til ønsket om å oppnå kontakt med noko guddommeleg. Her blir yoga oftast brukt ikkje-religiøst, men i høve med fysisk trening og velvære.

Les meir og sjå video om korleis yoga blei moderne hos religionsoraklene.no.

Gudsopplevingar og bhaktiyoga

I ein av dei mest kjende og lesne heilage tekstane i hinduismen, Bhagavadgita, blir ein av dei mest kjende gudsopplevingane i religionshistoria skildra. I teksten openberrar guden Krishna seg for krigaren Arjuna. Heile teksten er ein samtale der Krishna lærer Arjuna om løyndomane i livet. Ei slik plutseleg og kortvarig gudsopenberring kallast for ein teofani.

Det er i Bhagavadgita vi finn skildringa av dei tre frelsevegane, eller disiplinane, som alle ser på som legitime i hinduismen. Krishna underviser Arjuna om forskjellen mellom handlingsyoga (karmayoga), erkjenningsyoga (jnanayoga) og tilbedingsyoga (bhaktiyoga). Yoga betyr her ein disiplinert måte å oppnå eit mål.

Krishna fremjar tilbedingsyoga som den enklaste, sikraste og beste vegen til frelse. Uansett bakgrunn, tidlegare handlingar, kaste, kjønn eller yrke, vil Krishna hjelpe og frelse den som tilber og gir seg til han fullstendig.

Sadhu og askese

Ein sadhu er ein asket, ofte omreisande, som har gitt avkall på eit vanleg familieliv og som trener seg i å oppnå moksha. Denne treninga består i yogaøvingar og askese, til dømes faste frå mange typar mat og vanlege klede, smørje seg inn i oske for å vise avstand til det materielle, og ulike former for sjølvpining. Dei er spesialistar på åndelege teknikkar, og mange utøver denne tidvis ekstreme treninga for å oppnå overnaturlege evner.

I India i dag finst det truleg fleire millionar sadhuar, både menn og kvinner, sjølv om dei fleste er menn. Sadhuane reknast ofte som heilage personar.

Menn med kvit kroppsmåling står rundt eit bål. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Guruar og tantrismen

Ein guru er ein religiøs læremeister som har oppnådd høg åndeleg innsikt. Guruen er ein åndeleg rettleiar som hjelper tilhengarane sine med religiøs innvigsle, undervisning og trening. Guruen kan også hjelpe disiplane sine med meir kvardagslege saker, slik som samlivsproblem, yrkesval, inngåing av ekteskap og så vidare. I fleire skular og retningar er det å ha ein kvalifisert guru heilt nødvendig for frelse.

Ei rørsle i hinduismen som særleg vektlegg guru-institusjonen, er tantrismen. Tantrismen blir sett på som ein snarveg til frelse, noko som du kan oppnå i løpet av eitt menneskeliv. For å få til dette treng du rettleiing frå ein guddommeleg guru, innvigsle i ei løynd lære av denne guruen, praktisering av løynde ritual med fokus på kroppen og energisentera i kroppen (chakra), og tilbeding av Guden Shiva og Gudinna Shakti.

Indisk mann med stort hår og skjegg omgitt av medlemmane av The Beatles. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktige omgrep

  • samsara
  • moksha
  • nirvana
  • yoga
  • asana
  • pranayama
  • atman
  • brahman
  • Yogasutra
  • hathayoga
  • mantrayoga
  • Upanishadene
  • Bhagavadgita
  • teofani
  • karmayoga
  • jnanayoga
  • bhaktiyoga
  • sadhu
  • guru
  • chakra

Kjelder

  • Jacobsen, Knut A. (2003). Hinduismen. Pax Forlag A/S, Oslo.
  • Jacobsen, Knut A. & Thelle, Notto R. (1999). Hinduismen og buddhismen. Høyskoleforlaget AS.
CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 25.03.2022

Læringsressursar

Hinduismen