Hopp til innhald

Fagstoff

Buddhisme – verdsbilete

Buddhismen forstår tilværet som eit evigvarande krinsløp av atterfødingar i ulike former. Alle levande vesen, sjølv gudane, er fanga i dette krinsløpet. Buddha meinte at dette atterfødingsfengselet uunngåeleg inneber liding og smerte. Han meinte òg at han fann vegen ut av dette fengselet.
Mann i vogn med kvite hestar ser ein gammal, ein sjuk, ein døyande og ein asket mann. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verda til Buddha

For å forstå det buddhistiske verdsbiletet, er det viktig å hugse på nokre særdrag ved det indiske religiøse landskapet for 2500 år sidan. Tankar om eit univers utan byrjing og slutt, trua på mennesket sine evner til å trene seg opp til å bli supermenneske, og idéen om at alle handlingar har konsekvensar for ditt neste liv, var viktige i fleire indiske religionar. For å forstå desse tankane betre må vi sjå på tydinga av fire sentrale buddhistiske omgrep: samsara, karma, dharma, og nirvana.

Samsara – livets hjul

Samsara kan omsetjast til «kontinuerlig eksistens», og er læra om atterfødingsprosessen. Det er idéen om at alt som eksisterer, skiftar form i det uendelege. Det kan samanliknast med vatnet sitt krinsløp, berre oppgradert til å gjelde alle levande vesen. Akkurat som årstidene, dag og natt, liv og død, så forandrar levande vesen og sjølve universet seg alltid, i ein uendeleg rytmisk dans. Det finst ikkje nokon første byrjing eller endelege slutt, berre kontinuerleg forandring. Dermed har buddhismen i likskap med andre indiske religionar ei sirkulær tidsoppfatning, i motsetnad til dei abrahamittiske religionane som opererer med ei lineær tidsoppfatning.

Ifølgje buddhismen er det seks ulike tilværemåtar ein kan bli atterfødd som:

  • menneske
  • gudar (deva)
  • halv-gudar
  • dyr
  • sulten ånd (preta)
  • ulike typer vesen i helvete (niraya)

I buddhismen er samsara eit fengsel, der vankunne, grådigheit og hat bind menneske fast. Ein kan berre bryte ut ved å oppnå nirvana. Det som bind menneske til dette krinsløpet, og som avgjer kva som blir din neste atterfødsel, er karma.

Karma

Karma betyr hovudsakleg to ting: ei intensjonell handling, og ein moralsk lov om at handlingane dine alltid har konsekvensar for dette livet og seinare atterfødslar. Karmaloven gjeld alle levande vesen.

Kvar enkelt handling med intensjon fører til karma. Det er altså ikkje handlinga i seg sjølv, men impulsen eller intensjonen før handlinga, som produserer karma. Å tråkke på ein snigel ved eit uhell gir eksempelvis ikkje dårleg karma ifølgje buddhismen, fordi handlinga ikkje var villa.

Det som avgjer tilværet ein blir atterfødd i, er våre tidligare intensjonelle handlingar i menneskeform. Derfor produserer ein ikkje ny karma medan ein er atterfødd som enten gud, dyr, vesen i helvete, eller svolten ånd. Desse andre tilværeformene blir derfor sett som enten straff eller påskjønning for handlingar ein har gjort i tidligare menneskeliv.

Dharma – Buddha si lære

Hjul med åtte eiker. Maleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Buddha si lære kan kort samanfattast i Dei fire edle sanningane og i Den åttedelte vegen. Dei fire edle sanningane er analysen til Buddha om kvifor utilfredsheit eller liding er ein stor del av tilværet, kor lidinga kjem frå, og korleis ein kan gjere seg fri frå liding.

Dei fire edle sanningane som Buddha erkjente, er:

  1. Sanninga om lidinga: Alt er liding, alt er forgjengeleg, alt er utan evigvarande vesen.
  2. Sanninga om opphavet til lidinga: Vankunne, hat og begjær etter sanselege nytingar, eksistens eller øydelegging.
  3. Sanninga om opphøyr av lidinga: Ho opphøyrer når begjæret blir slokke, og vankunna (først og fremst i form av førestillinga om eit evig beståande «eg») forsvinn.
  4. Sanninga om vegen til opphøyr av lidinga: Hender ved at ein følgjer den åttedelte vegen.

Nirvana – vegen ut av liding

Nirvana er det endelege målet med buddhismen. Sjølve ordet betyr «utslokking», som refererer til utblåsing av begjæret, som er årsaka til liding. Nirvana er ein tilstand av total fridom frå liding, atterfødsel og vankunne. Det kan ikkje beskrivast språkleg, fordi det overgår alt, inkludert det språklege.

Vegen som fører til nirvana er åttedelt, men består av tre hovuddelar: visdom, etikk og meditasjon. Alle åtte delane heng saman og må balanserast for å oppnå nirvana:

Den åttedelte vegen

Tre hovuddelar

Rett syn

Rett intensjon

Visdom (prajna)

Rett tale

Rett handling

Rett levemåte

Etikk (sila)

Rett strev

Rett merksemd

Rett konsentrasjon

Meditasjon (samadhi)

For å utvikle visdom treng ein rett syn og rett intensjon. Rett syn handlar om tru og tillit til Buddha si lære, og å sjå røyndommen slik han verkeleg er. Rett intensjon betyr å gi avkall på all vondskap og fiendskap, og streve etter ikkje-vald som prinsipp.

Etikk og bestemte levereglar er sentralt i buddhismen. Rett tale betyr å beherske tunga – det vil seie ikkje lyge, baksnakke, sladre, snakke utan å tenkje. Rett handling inneber å følgje grunnleggjande reglar for god åtferd i buddhismen, som inkluderer forbod mot drap, tjuveri, skadelege seksuelle handlingar og så vidare. Rett levemåte er å unngå yrke som skadar andre, slik som slaktar eller våpenseljar.

Munkar i orange kappar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Meditasjon er buddhistane sin metode for å deprogrammere seg sjølve. For å meditere riktig trengst tre ingrediensar: Rett strev, som betyr å hindre og gi slepp på negative tankar og kjensler. Rett merksemd, som er å vere til stades og merksam på sine tankar og handlingar her og no. Og rett konsentrasjon, som betyr trening av evna til å ha full konsentrasjon over tid på eitt objekt eller éin tanke.

Kva for delar av den åttedelte vegen som blir mest vektlagde, varierer blant ulike buddhistiske retningar.

Viktige omgrep

  • samsara
  • sirkulær tidsoppfatning
  • lineær tidsoppfatning
  • karma
  • dharma
  • Dei fire edle sanningane
  • Den åttedelte vegen
  • nirvana
  • meditasjon
CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Buddhismen