Hopp til innhald

Fagstoff

Buddhisme – estetiske uttrykk

Buddhismen er mangfaldig, og det er ikkje berre den historiske Buddha ein finn avbildningar av. Himmelbuddhaen Amitabha, bodhisattvaen Avalokisteshvara og framtidsbuddhaen Maitreya viser noko av dette mangfaldet i buddhismen.
Gullfarget hode og skuldre på en Buddhastatue. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Den eldste buddhistiske kunsten

Buddhismen sitt eldste materielle eller estetiske uttrykk er stupaene, store gravhaugar frå rundt 200 f.Kr. Slike finst i dag over heile den buddhistiske verda, men med ulikt særpreg i forskjellige kulturområde. Aust- og nordover i Asia blir dei kalla pagoder.

Dei indiske stupaene blei etter kvart dekorert med relieff som viser scener frå Buddha sitt liv. Buddha er rett nok ikkje avbilda, men han er representert ved til dømes fotavtrykket sitt, treet han satt under då han oppnådde nirvana, eller Læra sitt hjul (dharmachakra) som han sette i rørsle. Mange relieff viser også buddha i eit av sine mange tidlegare liv (jfr. jataka-litteraturen).

Buddhaer

Dei første hundreåra e.Kr. blei dei første buddha-statuane skapte, nokon av dem med bart, i det som no er det nordlege Pakistan. Ikkje så lenge etterpå blei det produsert buddhaer med ein meir indisk utsjånad, og innan 400-talet e. Kr. hadde ein i landa langs kysten mellom India og Vietnam utvikla ulike særpreg i buddhaframstillingane. Dette blei kjerneområdet for theravada, som er den einaste gjenverande av dei eldste retningane i buddhismen.

Frå Nord-India spreidde buddhismen seg i si mahayana-form til Kina, og kinesisk buddhisme blei utgangspunkt for den vidare utviklinga i Aust-Asia. Tibetansk buddhisme blir nokon gonger rekna som ei grein innanfor mahayana, men har eit såpass særeige estetisk uttrykk at det gir meining å definere han som ei eiga hovudretning, vajrayana.

Ei av dei mange retningane som er samla under mahayana-paraplyen, er Det reine lands buddhisme. Her er himmelbuddhaen Amitabha sentral i kult og kunst, men for utanforståande er det vanskeleg å sjå forskjell på himmelbuddhaer, medisinbuddhaen og Shakyamuni, som den historiske buddha gjerne blir kalla i mahayana-sammenheng. Dei er alle kledde som munkar og har same frisyre.

To- og tredimensjonale buddhaer røper likevel nokon gonger kven dei er ved hjelp av ulike teikn og gestar (mudraer) eller i lys av korleis dei er plasserte i forhold til kvarandre i tempelet. Både Amitabha og Shakyamuni er sentralt plasserte i sine respektive tempel, men berre Amitabha har ein fyrsteleg kledd figur på kvar side. Dei er det også umogleg å sjå forskjell på, men dei er bodhisattvaer som endrar form oftare enn buddhaene.

Bodhisattvaer

Mens buddhaene «blir borte» når dei har oppnådd nirvana, vel bodhisattvaene å utsetje nirvana for sin eigen del, og i staden å leve vidare som vesen (sattvaer). Det gjer dei av rein medkjensle med alle dei som lir i samsara.

Sitjande Buddha i midten, med ein figur på høgre side og ein på venstre. Skulptur.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ein av bodhisattvaene som blir avbilda med Amitabha er som regel Avalokiteshvara (sanskrit), den viktigaste av alle bodhisattvaene og eit dominerande motiv i mahayana-kunsten. Han er kjend under namn som Kuanyin (kinesisk), Kannon (japansk og koreansk), Qan Am (vietnamesisk) og Chenrezig (tibetansk). Han blir kalla Palmepadi («med lotus i handa»), og har ein lotus som attributt. Han kan sjå ut som ein fyrste, men kan også minne om den hinduiske guden Shiva når han sit i djup meditasjon på eit tigerskinn ute i villmarka. Han (eller ho) er også mor, eventuelt med barn, og kan opptre som krigar eller monster som beskyttar dharma (Buddha si lære).

Avalokiteshvara har også ei esoterisk form, med 1000 armar og eit auge i kvar handflate, slik at han kan sjå og hjelpe alle som treng hans hjelp samtidig. Eit av tilnamna hans er «Den som ser ned i nåde».

Buddhistisk statue med mange armar. Skulptur.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Maitreya som Budai

Buddhistisk figur i sitjande stilling. Skulptur.

Innanfor theravada er nemninga bodhisattva brukt på ein litt annan måte enn i mahayana. Ein bodhisattva er her «ein kommande buddha», og nemninga brukast primært om to personar. Den eine er Siddharta Gotama, som i denne tydinga av ordet var ein bodhisattva som gjennomlevde mange liv før han til sist opphaldt seg i ein eigen himmel der han venta på sin aller siste fødsel.

Den andre er Maitreya, som no sit i den same himmelen og ventar på sin siste fødsel. Den vil finne stad når Buddha si lære (dharma) er gløymt, og ein ny buddha skal setje «Læra sitt hjul» i rørsle igjen. Han er i likskap med Avalokiteshvara kjend under mange namn og i mange former. Eit kjenneteikn er stupaen han kan ha i håret på toppen av hovudet. Han er dessutan den einaste buddhaen som kan avbildast sitjande på ein stol, ofte med høgre fot på venstre kne mens han støttar haka i høgre hand.

Ein årsak til å trekkje fram Maitreya her, er at han ifølgje legenda gjorde så sterkt inntrykk i eit av sine tidlegare liv at han sidan 1000-talet har vore eit hovudmotiv i buddhistisk kunst – som den tjukke, eksentriske og lattermilde Budai (eller Hotei).

Leande, tjukk mann som sit. Statue.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Viktige omgrep

stupa

pagode

læra sitt hjul (dharmachakra)

buddha-statuar

mudra

bodhisattva

Avalokiteshvara

Maitreya

Relatert innhald

Hva tror du finnes i et buddhisttempel? Utforsk en interaktiv 360-modell av Karma Tashi Ling buddhisttempel på Bjørndal utenfor Oslo.

CC BY-SASkrive av Geir Winje.
Sist fagleg oppdatert 14.01.2022

Læringsressursar

Buddhismen