Hopp til innhald
Fagartikkel

Buddhisme – ritual og teknikkar

Buddhismen er ein praktisk religion med fokus på religiøse handlingar og teknikkar. Ritual er religiøse handlingar som gjentek seg, slik som dagleg tilbeding eller bøn. Buddhismen sitt kanskje viktigaste bidrag til verdsarven kjem frå utviklinga og utforskinga deira av meditasjonsteknikkar.

Dei tre tilfluktene

Det vanlegaste utførte ritualet i buddhismen er resitering (høgtlesing) av heilage ord. Den buddhistiske truvedkjenninga, kortversjonen av Buddha si lære og praksis, blir kalla for dei tre tilfluktene eller dei tre juvelane (triratna). Ho går slik:

  • Eg tek tilflukt til Buddha.
  • Eg tek tilflukt til læra (dharma).
  • Eg tek tilflukt til munke- og nonnefellesskapen (sangha).

Desse orda blir ofte resiterte i byrjinga av eit buddhistisk ritual. Dei blir også resiterte når munkar og nonner blir innvigde til klosterlivet. Tilflukt til Buddha kan vise til den historiske Buddha og hans eksempel, men kan òg bety tilbeding av andre buddhaer, eller sjølve prinsippet om oppvakning. Tilflukt til læra omfattar både den etiske livsførsla og den mentale treninga buddhismen oppfordrar til. Tilflukt til sangha viser til den institusjonelle delen av buddhismen, fellesskapen av munkar og nonner som er førebilete for lekbuddhistar og som er verdige til å ta imot gåver.

Viss du resiterer og aksepterer dei tre tilfluktene, samt følgjer dei fem viktigaste moralske pliktene desse fører med seg, kan du reknast som ein buddhist.

Ritual – faste øvingar for å forbetre eigen karma

Ritual er sentrale i buddhismen, både for lekfolk og for munkar og nonner. Blant dei viktigaste er ritual for å få vern mot ulykker, tilbedingsritual knytt til bestemte guddommelege vesen, og pilegrimsreiser. Felles for alle desse rituala er at dei skal bidra til å betre utøvaren sin karma.

Fleire delar av buddhismen si viktigaste tekstsamling, Tripitaka, blir rekna for å ha magisk kraft til å verne. Desse tekstane blir kalla for paritta-tekstar. Ein buddhist som resiterer desse skal få ein helbredande og beskyttande effekt, og resiteringa av paritta-tekstar skal fungere spesielt godt som førebyggjing mot ulykker av alle slag.

Å bruke blomar, særleg lotusblomar, for å utsmykke tempel og stupaer er eit anna populært ritual. Ein stupa er eit gravbygg som inneheld beinrestar og oske etter heilage menn, såkalte relikviar.

Innanfor ei mindre buddhistisk retning som blir kalla tantrisme, er bruken av visualisering og heilage lydar svært viktig. Tantrismen lærer at kosmos òg finst i mennesket, og at mennesket kan oppleve dette ved hjelp av resitasjonsritual, visualiseringsmeditasjon og hemmeleg rettleiing av ein læremeister. Slik kan mennesket oppnå overnaturlege evner og oppvakning, eller nirvana.

Tilbedingsritual (puja), då særleg av den historiske Buddha og andre guddommelege vesen, er svært utbreidd i buddhismen. Slike ritual har røter i hinduismen. Særleg mahayanabuddhismen vektlegg tilbeding av bodhisattvaer og himmelske buddhaer, slik som Amithaba og Avalokitesvara. Sjølv om det finst skepsis til liknande tilbeding av Buddha som noko meir enn eit menneske blant særleg munkar innan theravadabuddhismen og zenbuddhismen, er puja blant dei mest utbreidde rituala i alle buddhismen sine retningar.

Heilage stader

Eit anna viktig ritual er pilegrimsreise til heilage stader. Det er tre stader som er spesielt heilage for buddhistar. Truande valfartar til desse stadene for å få god karma, minnast Buddha sitt liv, og få vern frå gudane som høyrer til dei heilage stadene. Alle stadene nemnt under er direkte knytt til Buddha sitt liv:

  1. I byen Bodh Gaya finn vi tempelet Mahabodhi. Rett ved sida av tempelet står eit tre som markerer staden der det opphavlege fikentreet sto, det treet Buddha sat under då han mediterte seg fram til oppvakninga.
  2. I byen Lumbini blei Siddharta Gautama, Buddha, fødd. Det finst ei steinsøyle som markerer fødestaden. Her er det gunstig for den enkelte buddhist å meditere, for lettare å nå målet om oppvakning.
  3. I Kushinagar døydde Buddha. Her finn vi ein stupa, som skal minne om slutten på Buddha sitt jordiske liv. Dei første stupaene inneheldt beinrestar og oske av Buddha eller gjenstandar knytt til han.

Meditasjonsteknikkar – mental trening for å realisere nirvana

Meditasjon betyr i buddhismen alle teknikkar som blir brukte for å disiplinere, trene opp og kultivere vårt mentale tankeapparat. I moderne ordbruk kan vi kalle meditasjon ei form for deprogrammering av våre feilaktige oppfatningar om oss sjølve, andre vesen, og verda rundt oss. Målet med meditasjon er å verkeleggjere nirvana og personleg oppleve buddhismen si lære, som er eit praktisk arbeid som må gjerast via trening.

For å meditere korrekt må ein gjere sinnet fleksibelt, balansere og finne ein middelveg mellom rett strev, merksemd og konsentrasjon medan ein mediterer. Dette krev mykje trening og eksperimentering.

I løpet av si over 2000 år lange historie som teksttradisjon har buddhismen sine ulike skular produsert ei rekkje meditasjonsmanualar. Forenkla kan alle meditasjonsteknikkar bli kategoriserte i to undergrupper: djupmeditasjon (samadhi) og innsiktsmeditasjon (vipasyana).

Innsiktsmeditasjon er kunnskapsorientert, og handlar om å finne ny innsikt om røyndommen. Djupmeditasjon er tilstandsorientert, og gjer det mogleg å få fram ein tilstand av lykke, hyperfokus, indre ro, og ekstase. Ifølgje buddhistisk tradisjon krevst ein kombinasjon av desse formene for meditasjon for å oppnå nirvana.

Sjølv om buddhismen ofte blir presentert som eit meditasjonsfokusert filosofisk system framfor ein ritualistisk religion, er det viktig å hugse på at dei fleste buddhistar legg vekt på utføring av ritual framfor meditasjon. I praksis ser ein realiseringa av nirvana som såpass vanskeleg at det berre er nokre få eksepsjonelle munkar, nonner eller meditasjonsspesialister som kan oppnå det.

Fagomgrep

  • Dei tre tilfluktene/tre juveler (triratna)
  • dharma
  • sangha
  • meditasjon
  • tripitaka
  • stupa
  • relikvie
  • tantrisme
  • puja
  • innsiktsmeditasjon (vipasyana)
  • djupmeditasjon (samadhi)