Hopp til innhald

Fagstoff

Videoar og virtuelle ressursar om buddhismen

Her har vi samla videoar som handlar om ulike sider ved buddhismen. Under somme av videoane er det lenkjer til oppgåver og relevante ressursar. Her finn du òg eit virtuelt tempel med oppgåver til.

Buddhismens historie

Lær om korleis buddhismen oppstod og utvikla seg.

Artikkel: Buddhisme – opphav og utbreiing

Eg er buddhist

I denne videoen møter du ein buddhistmunk frå Vietnam og ein norsk konvertitt til buddhismen.

Forholdet til Gud

I jødedommen er forholdet til Gud heilt sentralt. Kva tenkjer ein buddhist om Gud? Jael og Nhu snakkar saman om dette og andre store spørsmål i ei lauvhytte under den jødiske lauvhyttefesten sukkot.

Oppgåver til videoen: Forholdet til Gud

Døden

Kva er forskjellane og likskapane mellom kristendommen og buddhismen sitt syn på døden? Sjå ein mahayana-buddhist og ein katolikk snakke saman om tankane sine om liv og død.

Oppgåver til videoen: Døden

Kjønn og religion

Kva skjer når to kristne, to muslimar og to buddhistar set seg saman for å snakke om religion og kjønn?

Oppgåver til videoen: Dialog om kjønn og religion

Karma Tashi Ling buddhistsenter i 360

Her kan du utforske Karma Tashi Ling buddhistsenter på Bjørndal i Oslo. Under finn du fleire oppgåver knytte til det virtuelle tempelet.

Oppgåve som innleiing til buddhismen: Utforsk eit buddhisttempel 1

Oppgåve der de kan finne døme: Utforsk eit buddhisttempel 2

Jobb med ei problemstilling: Utforsk eit buddhisttempel 3

CC BY-SASkrive av Eivind Sehested Zakariassen.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2022

Læringsressursar

Buddhismen