Hopp til innhald

Fagstoff

Buddhisme – organisering

Den viktigaste institusjonen til buddhismen er sanghaen, eller klosterfellesskapen. Buddhistane har ikkje noko sentralt overhovud eller nokon leiar, men dei ulike klosterfellesskapa blir bundne saman av konkrete reglar for munkar og nonner.
Ei rekkje kvite hus med orientalske tak på ei klippe i ein bratt fjellvegg. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sangha

Sangha står sentralt i alle former for buddhisme, særleg theravada. Sangha er ordensfellesskapen av munkar og nonner – det vil seie dei religiøse spesialistane som er ordinerte, bur i kloster og har vigd livet til buddhismen. I moderne tid og særleg i Vesten kan sangha også bety heile fellesskapen av buddhistar i verda, då også inkludert vanlege folk som ikkje bur i kloster.

Sangha er også den tredje institusjonelle delen av dei tre juvelane i buddhismen. Dei tre juvelane kan kallast for truvedkjenninga i buddhismen – det vil seie kortversjonen av den viktigaste læra i buddhismen.

Munkar og nonner

I sangha’en har munkar og nonner halde Buddhas lære ved like i over 2400 år ved å skrive ned, memorere, samle, omsetje og forkynne dei buddhistiske skriftene til samfunnet elles.

Institusjonen fungerer dermed som eit bindeledd mellom samfunnet og "vanlege buddhistar" (lekfolk) på den eine sida, og buddhistiske spesialistar (munkar og nonner) på den andre sida. Munkane tilbyr teoretisk og praktisk rettleiing, leier rituelle seremoniar og spreier Buddhas lære til folket. Buddhistiske lekfolk på si side støttar sanghaen gjennom donasjonar av klede, mat og andre nødvendigheiter.

Ein ung buddhistmunk med gul kjortel stirer ut av vindauget. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Munkane og nonnene er levande moralske førebilete for andre buddhistar. Dei organiserer heile livet med det formålet å oppnå oppvakning og følgjer strenge levereglar som skal leggje til rette for dette. Desse levereglane for munkar og nonner er samla i ei rekkje skrifter som blir kalla for vinaya. Nokre få av vinaya-reglane inkluderer å avstå frå all seksuell aktivitet, dans, musikk, behagelege senger, parfyme og ei rekkje materielle godar. Vinaya-tekstane inneheld også detaljerte instruksar for korleis kvardagslivet til munkar skal organiserast, og kva som skjer viss nokon bryt reglane.

Maktstruktur

Ifølgje dei klassiske klosterreglane skal avgjerder i ein lokal sangha bli einstemmig og demokratisk vedtekne, men i praksis er det ofte dei eldste munkane som sit på toppen av hierarkiet som har det siste ordet. Dermed veg talet på år ein har vore ordinert munk eller nonne oftast mest i den indre maktstrukturen til sanghaen. Likevel er nonner alltid underordna munkar i klosterhierarkiet. Nonner må også følgje fleire reglar enn munkar.

Det finst ikkje nokon sentral leiar for nokon av dei buddhistiske retningane. Det er for eksempel ingen skikkelse tilsvarande paven i katolsk kristendom for alle mahayana-buddhistar. Likevel finst det mange førebilete og læremeistrar som også nyt anerkjenning utanfor den buddhistiske verda. Munkar har historisk sett ikkje fått lov til å ha direkte politisk makt, men det finst nokre unntak. Det mest kjende dømet er truleg leiaren for Gelug-skulen i tibetansk buddhisme, som blir kalla for Dalai Lama.

Dalai Lama

Dalai Lama er ein ærestittel brukt om Tibets tidlegare statsoverhovud som på same tid var åndelege leiarar for den største skulen innan tibetansk buddhisme. Lama er det tibetanske ordet for læremeister. Noverande Dalai Lama heiter Tenzin Gyatso og er nummer 14 i rekkja. Etter at Kina invaderte Tibet på 50-talet, har Dalai Lama vore i India. I 2011 sa han frå seg det politiske leiarskapet sitt over Tibet og held berre det åndelege leiarskapet sitt i hevd. Han blei tildelt Nobels fredspris i 1989 for sitt ikkje-valdelege arbeid for forsoning mellom Kina og Tibet.

Dalai Lama helsar på kong Olav V under utdelinga av Nobels fredspris i Oslo i 1989. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dalai Lama blir rekna som ein tulku, som betyr ein person som kan velje den neste reinkarnasjonen sin sjølv. Han blir sett på som ein reinkarnasjon av Avalokitesvara, ein bodhisattva som av medkjensle til alle levande skapningar har valt å atterfødast for å hjelpe menneska ut av det fengselet som lidinga og atterfødinga er.

Viktige omgrep

  • sangha
  • dei tre juvelane
  • vinaya
  • Dalai Lama
  • lama
  • tulku
  • Avalokitesvara
  • bodhisattva
CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Buddhismen