Hopp til innhald

Fagstoff

Buddhisme – opphav og utbreiing

Buddhismen har ei 2400 år gammal historie og er verdas fjerde største religion. Læra og tradisjonane til buddhismen har påverka store delar av Asias historie og har i moderne tid også nådd Vesten.

Slik byrja det

Buddhismen oppstod i India på 400-talet f.Kr. og blir rekna som den første universalreligionen. Det var prinsen Siddhartha Gautama som var grunnleggjaren av buddhismen. Legenda fortel at Siddhartha Gautama vaks opp i luksus, skjerma frå alt trist og vondt i livet. Då han som vaksen fekk vite at menneske kan bli gamle, sjuke og døy, bestemte han seg for å forlate palasset til faren for å finne meininga med livet. Siddhartha blei besett av spørsmålet: Er det mogleg å bli fri frå liding?

Gjennom testing og utprøving av dåtidas mange filosofiske system i fleire år fann Siddhartha omsider det han leitte etter – nemleg ein veg ut av lidinga. Via rett meditasjon, rett innsikt og rett moral utarbeidde Siddhartha ein metode, eit system, for å nå oppvakning. Han blei ein buddha (den oppvakna) – som betyr ein person som er totalt frigjord frå liding, atterføding og smerte.

Ei tjukk trestamme dekte til i oransje stoff. Buddhastatue på veggen ved sida av. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Tanken om at eit menneske kan trene seg opp til å bli noko heilt anna – ein buddha – var ein revolusjonerande tanke. Siddhartha avviste kastesystemet frå dåtidas rådande religion (tidleg hinduisme) og retta heller fokuset mot individet. I tidleg hinduisme var den rette livsførselen å følgje pliktene til kasta si. Viss du eksempelvis var fødd i ein krigarkaste, skulle du sjølv bli krigar. Men ifølgje Siddhartha spelte det inga rolle kva familie eller kaste du blei fødd inn i. Det einaste som hadde noko å seie, var at ein forbetra sin eigen oppførsel, både i handling, ord og tanke.

Dette særlege fokuset på individet, at ein sjølv er eksklusivt ansvarleg for kva som skjer i livet og etterlivet, skil buddhismen frå dei fleste andre religionar.

Buddha sit under eit tre omgitt av munkar i oransje kappar. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Utbreiing

Buddhismen er ein av verdas eldste levande religionar. Han har opphav i Nord-India for omtrent 2400 år sidan, men er i dag lite utbreidd i opphavslandet. Hovudårsaka er at buddhismen blei erstatta av hinduismen i India rundt år 1000 e.Kr. og flytta seg aust- og sørover. Resultatet er at buddhismen i dag omfattar om lag to prosent av befolkninga i India.

Buddhismen er ein misjonerande religion som spreier seg via handelsruter og blandar seg med lokale religionar. Han endrar dermed form etter lokale forhold. Dette er eit døme på synkretisme, som betyr samanblanding av religionar. Buddhismen har vist seg svært synkretistisk ved at han har teke opp mange ritual og førestillingar frå andre religiøse tradisjonar og gjort dei til ein akseptert del av buddhismen.

Til dømes nådde buddhismen Kina under Han-dynastiet på midten av det første hundreåret og blandar seg med kinesiske religionar som daoisme og konfusianisme. Til Japan kom buddhismen via Korea på 500-talet e.Kr. og tek her form som blant anna zenbuddhisme, som blir veldig populært i vår tid også utanfor Asia. Til Tibet kjem buddhismen først på 700-talet og blandar seg her med den gamle Bön-religionen. Dermed får han svært særeigne trekk som gjer at denne forma for buddhisme blir kalla for tibetansk buddhisme.

Japansk samuraikrigar til hest med sverdet heva. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

I heile verda finst det omkring 500 millionar buddhistar. Særleg har talet på buddhistar i Amerika og Europa auka sidan 1970-åra. I 2018 reknar vi med at det bur rundt 40 000 buddhistar i Noreg. Omtrent fem prosent av dei er etnisk norske.

Retningar

Buddhismen har tre hovudretningar: theravada, mahayana og vajrayana.

Theravada-buddhismen er eldst og meir konservativ, og betyr «Dei eldste si lære». Den vektlegg at berre dei som dedikerer seg fullstendig til meditasjon, etisk trening og klosterliv, kan nå det endelege målet, som er nirvana. Dette blir rekna som ekstremt vanskeleg, sjølv for munkar og nonner. Theravada blir kalla for sørleg buddhisme, fordi denne forma for buddhisme pregar særleg Sri Lanka, Thailand, Burma, Laos og Kambodsja.

Buddhistmunkar ber. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mahayana, den yngre retninga, er mindre konservativ og meir variert. Mahayana betyr «den store vogna» og vektlegg blant anna at også lekfolk kan nå nirvana, og at ein burde hjelpe andre med det same i tillegg til seg sjølv. Mahayana-buddhismen har blitt reformert fleire gonger. Den rommar eit hav av ulike praksisar (bøn, meditasjon, yoga, resitasjonsritual, osb.) og har vist seg svært tilpassingsdyktig. Mahayana blir også kalla for austleg buddhisme, fordi dei fleste tilhengjarane bur i Kina, Japan, Korea og Vietnam.

Statue av leande, tjukk mann som sit. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Vajrayana tyder «diamantvogna». Vajrayana-buddhismen er eigentleg ei undergruppe av mahayana, men blir ofte rekna som ei tredje grein av buddhismen på grunn av den særeigne praksisen og den geografiske utbreiinga. Derfor blir vajrayana-buddhismen også kalla for nordleg buddhisme, fordi han hovudsakleg er knytt til Tibet, Bhutan, Mongolia, Nord-Kina og Sibir.

Tre munkar lagar kunstverk av sand i ulike fargar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Basert på tal frå 2013 kan vi rekne med om lag 365 millionar Mahayana-buddhistar, 105 millionar theravada-buddhistar og 25 millionar vajrayana-buddhistar i verda.

Viktige omgrep

  • universalreligion
  • buddha
  • Theravada – sørleg buddhisme
  • Mahayana – austleg buddhisme
  • Vajrayana – nordleg buddhisme
CC BY-SASkrive av Knut Dæhli.
Sist fagleg oppdatert 17.06.2019

Læringsressursar

Buddhismen