Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Utforsk kva som verkeleg eksisterer

Kva er det som verkeleg eksisterer? Somme religionar og livssyn trur på overnaturlege vesen og eit liv etter døden, mens andre ikkje har nokon slike førestillingar. I denne oppgåva skal du uforske ulike syn på dette spørsmålet i religion, livssyn og filosofi.
Ein statue av ein engel. Engelen ser til sides og held den eine fingeren mot nasen. Han har kjole, panneband, krøllete hår og venger. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 1. Utforsk kva som eksisterer

I desse oppgåvene skal du utforske kva verda består av ifølge ein religion eller eit livssyn. Vel eit trus- eller livssynssamfunn og svar på oppgåvene under:

  1. Kva er det som verkeleg eksisterer ifølge dette trus- eller livssynssamfunnet?

  2. Ofte kjem synet på kva som verkeleg eksisterer til utrykk i bygningar, kunst, ritual, levereglar og etikk i ulike religionar. Finn nokre konkrete døme på dette.

  3. Korleis kjem dette trus- eller livssynssamfunnet fram til eit svar på kva som verkeleg eksisterer? Kva er kjeldene til innsikt? Er det til dømes heilage tekstar, openberringar, personlege erfaringar eller vitskap?

Tips til kjelder

Ulike religionar om kva som verkeleg eksisterer:

Artikkel: Sikhismen – verdsbilete

Artikkel: Hinduismen – verdsbilete og menneskesyn

Artikkel: Buddhisme – verdsbilete

Artikkel: Islam – lære og skrifter

Artikkel: Kristendommen – verdsbilete og menneskesyn

Artikkel: Livssynshumanisme

Temasider om ulike religionar:

Emneartikkel: Sikhismen

Emneartikkel: Hinduismen

Emneartikkel: Buddhismen

Emneartikkel: Islam

Emneartikkel: Kristendommen

Emneartikkel: Jødedommen

Oppgåve 2. Kjelder til kunnskap om eksistensielle spørsmål

I denne oppgåva skal du samanlikne ulike tilnærmingar til eksistensielle spørsmål:

  1. Kva for kjelder blir brukt til å svare på eksistensielle spørsmål i filosofi?

  2. Kva for kjelder blir brukt til å svare på eksistensielle spørsmål i religion?

  3. Diskuter kva som er likskapane og forskjellane mellom filosofiske og religiøse tilnærmingar til eksistensielle spørsmål.

Tips til kjelder

Artikkel: Kva er filosofi?

Artikkel: Kjelder til kunnskap om eksistensielle spørsmål

Fordjuping:

Utforsk korleis Platons filosofi var med på å påverke fleire delar av verkelegheitsbiletet til kristendommen.

Relatert innhald

Introduksjon til filosofi. Kva er filosofi samanlikna med religion og vitskap?

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 01.09.2022

Læringsressursar

Verkelegheitsbilete