Oppgåve
Oppgåver til den kopernikanske vendinga i filosofien
Kvifor trur du det er så lett for oss å førestille oss eit romeventyr som Star Wars i ein galakse langt, langt unna, full av ukjende vesen og ukjend teknologi, på same tid som det er så vanskeleg å førestille oss eit svar på spørsmåla nedanfor? Prøv å bruke Kants filosofi i svaret.
- Har universet ei byrjing?
- Finst det ei grense for universet?
- Finst det ei første årsak til at universet begynte å eksistere?