Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Den sokratiske metoden

Sokrates utforska filosofiske spørsmål ved hjelp av vanlege samtalar med menneska rundt seg. Samtalekunsten hans blei eit førebilete for andre, og han fekk stor innverknad på utviklinga av vestleg filosofi. Utforsk den sokratiske metoden og gjennomfør ein sokratisk samtale.

Oppgåve 1. Den sokratiske metoden

Sjå filmen over og svar på spørsmåla:

  1. Kva betyr det å vere rasjonalist?

  2. Korleis prøvde Sokrates å finne svar? Kva er den sokratiske metoden?

  3. Kvifor meinte Sokrates at det var viktig å stille spørsmål og få innsikt?

  4. Kva er forskjellen mellom Sokrates og den sokratiske metoden hans og religion og religiøse leiarar?

  5. Sokrates' elev Platon samanlikna Sokrates med ein klegg. Kvifor trur du han gjorde det?

  6. Ifølgje Sokrates må du anerkjenne at du ikkje veit noko for å oppnå verkeleg visdom. Diskuter denne påstanden. Er du einig eller ueinig?

Oppgåve 2. Gjennomfør ein sokratisk samtale

Set dykk i par eller små grupper på tre personar.

  1. Fordel roller
    Den eine skal vere Sokrates og stille spørsmål, han (eller dei) andre skal svare på spørsmåla.

  2. Finn eit tema
    Finn eit eksistensielt og/eller filosofisk tema. Hugs at den eller dei som skal svare på spørsmåla, må ha nokre meiningar eller synspunkt om dette temaet.

    Tips til tema:

    • Kva betyr det å vere fri?

    • Kva er rettferdig?

    • Eksisterer det noko anna enn den fysiske verkelegheita vi kan ta og kjenne på?

    • Kva er lykke?

    • Kva er eit godt liv?

    • Kva er eit godt menneske?

    • Kva er eit godt samfunn?

  3. Utforsk temaet undrande
    Den som har rolla som Sokrates, skal late som hen ikkje veit noko om temaet dei andre skal snakke om og stille opne og undrande spørsmål for å finne ut kva dei meiner.

    Tips:

    • Still opne spørsmål som gir den som svarer rom til å reflektere, til dømes: Kan du forklare det litt nærare? Kva tenkjer du om det?

    • Samanfatt gjerne det den andre seier undervegs og spør om du har forstått det rett.

  4. Utforsk temaet i djupna
    Den som har rolla som Sokrates, skal prøve å grave djupare i det den andre seier for å finne ut om det verkeleg er sant.

    Tips:

    • Be den andre grunngi synspunkta sine og gjerne komme med presise definisjonar av det de snakkar om.

    • Utforsk grunngivingane og definisjonane. Kva er alternativa? Finst det andre måtar å forstå det på? Er det nokre motdøme til det den andre seier?

    • Be personen setje seg inn i perspektiva til nokre andre menneske og spør om hen ville meint det same som dei. Kvifor? Kvifor ikkje?

    • Undersøk om det er nokon sjølvmotseiingar eller uklarleikar i det den andre seier og spør hen om det.

  5. Evaluer samtalen
    Sokrates såg på seg sjølv som ein fødselshjelper som skulle hjelpe menneske til å få ny innsikt. Diskuter kva de sjølv lærte i denne samtalen. Fekk de nokon nye innsikter? Var det noko de forstod på ein litt annan måte enn før?

  6. Byt roller
    Når de har gjennomført ein samtale, kan de byte roller, finne eit nytt tema og gjennomføre øvinga på same måten ein gong til.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 24.08.2022

Læringsressursar

Verkelegheitsbilete