Kva eksisterer?
CC BY-SA 4.0Eit sentralt spørsmål i religion og filosofi er kva som verkeleg eksisterer. Finst det til dømes ein gud, og har mennesket ei sjel? Består naturen av ånder og overnaturlege krefter, eller er den fysiske verkelegheita det einaste som faktisk eksisterer?
I denne læringsstien skal du
- diskutere eksistensielle spørsmål
- bli kjend med den sokratiske metoden
- få kunnskap om sentrale trekk i Platons filosofi
- utforske filosofiske og religiøse svar på eit eksistensielt spørsmål
- reflektere over likskapar og forskjellar mellom filosofiske og religiøse tilnærmingar til eksistensielle spørsmål