Platons holelikning
Platon skreiv holelikninga i eit av dei mest kjende verka sine "Staten". I dette verket bruker Platon holelikninga til å forklare korleis verkelegheita eigentleg heng saman.
Korleis trur du at du ville reagert viss nokon fortalde deg at alt det du trur på, i verkelegheita er ei løgn?
- Kvifor trur du at den frigitte fangen ikkje vil forlate hola?
- Kvifor trur du den frigitte fangen til slutt vender tilbake til hola og dei andre fangane?
- Kvifor er det så vanskeleg for den frigitte fangen å få dei andre fangane til å innsjå sanninga om verda utanfor?
- Kvifor trur du at den frigitte fangen til slutt blir drepen av dei andre fangane?
Er det noko i holelikninga som du kan kjenne igjen i ditt eige liv?
Kvifor er filosofi viktig? Bruk holelikninga som døme.
Ekstraoppgåve: holelikninga og Sokrates
Sokrates var læremeisteren for Platon. Ser du nokon likskapar mellom livet til Sokrates og nokon av personane i holelikninga?
Platon skil mellom ei sanseverd og ei idéverd (tankeverda) i filosofien sin. Idéverda er meir verkeleg enn sanseverda ifølgje Platon, og for å få innblikk i idéverda må vi bruke fornufta.
- Les Platons eiga forklaring på holelikninga under. Kva er det dei ulike delane av holelikninga symboliserer ifølgje Platon?
- Forklar med eigne ord korleis holelikninga illustrerer at det ifølgje Platon finst to ulike verder.
Vi kallar det eit ekkokammer når menneske innanfor ei lukka gruppe gjentek den same bodskapen overfor kvarandre, slik at han blir sterkare og sterkare.
- Finn nokre døme på ekkokammer frå ditt eige liv eller på nett.
- Finn du nokon likskapar mellom desse ekkokammera og holelikninga?
- På kva måte kan ein unngå at det utviklar seg ekkokammer som forvrenger verkelegheita?
Relatert innhald
Oppgåve der du blir kjend med Platon sin måte å tenkje på.