Hopp til innhald

Fagstoff

Verkelegheitsbilete

Mennesket forstår verda på ulike måtar. Innanfor ulike religionar, livssyn og filosofiske tradisjonar er det ulike bilete av verkelegheita. Det finst ulike syn på kvar verda kjem frå, kva ho består av, og kva det vil seie å vere eit menneske.
Ung dame ser inn i VR-briller. Ho løftar opp hovudet. Rundt henne flyter det av prikkar og strekar mot ein mørk og lys bakgrunn. Foto.

Kva er verkelegheitsbilete?

Vi har alle eit bilete av verkeleheita rundt oss, som seier noko om korleis vi forstår oss sjølv og verda. Ofte vil verkelegheitsbiletet vårt innehalde visse grunnleggjande førestillingar om kva verda består av, kvar ho kjem frå, og kva det vil seie å vere eit menneske.

Viss du tilhøyrer ein naturreligion, vil du kunne oppfatte naturen rundt deg som besjela og fylt med levande ånder og krefter. Ein kristen eller muslim som vurderer det same landskapet, vil sjå Guds skaparverk. Ein ateist vil kanskje oppfatte landskapet som ei vakker naturoppleving, men utan teikn til noko overnaturleg.

Biletet vi har av verkeleheita, er med på å forme tankane og kjenslene våre. Det vil igjen vere med på å forme korleis vi forstår og tolkar verda rundt oss, og korleis vi vel å handle i ulike situasjonar.

Ein ateist og ein truande kan ha heilt ulikt bilete av seksualitet. Ein truande kristen eller muslim vil til dømes kunne tenkje og føle at det er gale å ha sex før ekteskapet. Det bryt med Guds bod og kan føre til negative konsekvensar i det neste livet. Ein ateist ville derimot kunne tenkje og føle at sex berre handlar om samtykke her og no og vil ikkje tenkje at det fører til negative konsekvensar i eit seinare liv.

Ung dame med gul hijab og kvit laboratoriefrakk står oppstilt med ein kvit laptop i hendene. Ho har tannregulering og smiler mot kamera. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Verkelegheitsbilete i religion

Alle religionar har eit verkelegheitsbilete. I mange religionar blir viktige delar av verkeleheitsbiletet skildra i sentrale læresetningar. I kristendommen og i islam blir desse læresetningane samanfatta i til dømes truvedkjenningane.

Truvedkjenningar i islam og kristendommen

Truvedkjenninga i islam

”Det er ingen gud utanom Allah, og Muhammed er Hans sendebod.”

Truvedkjenningar i kristendommen

I kristendommen finst det fleire ulike truvedkjenningar. Den som er mest brukt av Den norske kyrkja, er den apostoliske.

Den apostoliske truvedkjenninga

Eg trur på Gud Fader, den allmektige,
som skapte himmel og jord.

Eg trur på Jesus Kristus, Guds einborne son, vår Herre,
som vart avla ved Den heilage ande,
fødd av Maria møy,
pint under Pontius Pilatus,
vart krossfest, døydde og vart gravlagt,
fór ned til dødsriket,
stod opp frå dei døde tredje dagen,
fór opp til himmelen,
sit ved høgre handa åt Gud, den allmektige Fader,
skal koma att derifrå og døma levande og døde.

Eg trur på Den heilage ande,
ei heilag, allmenn kyrkje,
eit samfunn av dei heilage,
forlating for syndene,
oppstoda av lekamen
og evig liv.
Amen.

Verkeleheitbiletet til ein religion vil likevel ikkje berre komme til utrykk i sentrale skrifter og læresetningar, men i alle delar av religionen, som moralske påbod, sentrale ritual, mytar og forteljingar, musikk, kunst og religiøse bygningar og i måten religionen er organisert på. Skal vi forstå eit religiøst verkelegheitsbilete, må vi derfor forstå korleis alle desse ulike sidene verkar saman og er med på å forme ein heilskap. Det er denne heilskapen som utgjer dei truande sitt verkelegheitbilete.

Verkeleheitsbilete i filosofi

I filosofien blir det stilt grunnleggjande spørsmålsteikn ved verkelegheitsbileta våre, og dei blir undersøkte ved hjelp av fornufta. Den delen av filosofien som først og fremst undersøkjer verkelegheitsbileta våre, blir kalla metafysikk.

I metafysikken blir strukturen og vesenet til verkelegheita undersøkt. Metafysikken stiller spørsmål som: Kva er tid? Kva er bevisstheit? Har mennesket fri vilje? Er den fysiske verkelegheita som omgir oss det einaste som eksisterer, eller finst det ei anna verkelegheit vi ikkje kan sjå? Sidan metafysikken stiller dei mest grunnleggjande spørsmåla om verkelegheita, undersøkjer han kva som ligg til grunn for alle dei andre disiplinane innan filosofien.

Livets hjul der tredje sirkel er utheva. Sirkelen symboliserer karma. Det er bilete av mange ulike guddommelege figurar inni hjulet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentrale spørsmål

Når vi skal forstå og kartleggje eit verkelegheitsbilete, kan vi ta utgangspunkt i nokre sentrale spørsmål, som til dømes: Kvar kjem verda frå? Kva består ho av? Har vi fri vilje? Svara vil ofte kunne gi oss innsikt i verkelegheitsbiletet til ein religion, eit livsyn eller ein filosofi.

Kvar kjem verda frå?

På spørsmålet om kvar verda og verkelegheita kjem frå, finst det to svært ulike svar. For det første kan vi svare at verda og verkelegheita ikkje kjem frå nokon stad, fordi dei alltid har eksistert. For det andre kan vi svare at verda og verkelegheita kjem frå noko anna enn seg sjølv.

Dei som hevdar at verda og verkelegheita alltid har eksistert, ser på dei som evige og tidlause. Denne verkelegheitsoppfatninga finn vi til dømes i buddhismen og hinduismen. Dei har eit syklisk historiesyn og meiner at historia gjentek seg i eit evig kretsløp utan noka absolutt byrjing eller nokon slutt.

Dei som hevdar at verda og verkelegheita kjem frå noko anna enn seg sjølv, har ulike forklaringar på kvar dette er. I dei monoteistiske religionane – kristendommen, islam og jødedommen – er svaret at verda kjem frå Gud. Desse religionane har eit lineært historiesyn. Dei meiner at Gud skapte verda, og at vi beveger oss framover mot eit mål som er slutten i historia.

Lysande eksplosjon på mørk bakgrunn. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Kva består verda av?

Kva er det som verkeleg eksisterer? Somme meiner at verda berre består av fysiske ting eller noko som er grunnlagt i noko fysisk. Du kan til dømes ha ei førestilling om eit troll, men denne førestillinga er grunnlagd i den fysiske hjernen din. Andre meiner at verda også består av ting som ikkje er grunnlagde i noko fysisk, som matematiske tal, moralske verdiar eller psykiske eigenskapar.

Det er også nokon som meiner at verda berre består av psykiske eigenskapar, og at alt er grunnlagt i noko psykisk. Verkelegheita er derfor noko som berre finst i bevisstheita vår.

Den franske filosofen René Descartes hevda at verkelegheita både bestod av fysiske og psykiske eigenskapar. Han meinte at mennesket bestod av ein kropp og ei sjel. Denne måten å forstå verda på blir kalla dualisme. Det filosofiske problemet med dualismen er likevel å kunne forklare korleis noko som ikkje er fysisk, kan påverke noko som er fysisk.

I ulike trussamfunn finn vi mange førestillingar om at det eksisterer noko ut over det reint fysiske. Det kan vere forfedrane sine ånder, skjulte krefter i naturen, overnaturlege vesen eller ei udødeleg sjel. Ifølgje kristendommen og islam eksisterer Gud og englar, og vi har ei sjel som overlever etter at vi er døde.

Statuer av tre svartkledde kvinner som held eit tau står på eit fast underlag. I bakgrunnen ser vi mark, tre og hus. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Har vi fri vilje?

Kven styrer livet ditt? Har du sjølv fridom til å velje mellom ulike alternativ i livet? I antikken var det ei utbreidd oppfatning at liva våre var bestemde på førehand, medan vi i samfunnet vårt i dag har ei utbreidd førestilling om at vi er frie til å velje våre eigne liv.

I fleire religionar har det vore diskutert om mennesket verkeleg kan ha ein fri vilje. I kristendommen, islam og jødedommen er Gud både allmektig og allvitande. Men viss Gud er allvitande, så betyr det at Gud kjenner til kva som vil skje med alle menneske i framtida. Ifølgje somme truande er derfor skjebnen vår allereie fastlagd. Gud veit allereie kven som vil bli frelste, og kven som ikkje vil bli det. Vi har derfor ingen verkeleg fri vilje til å velje eitt liv framfor eit anna. Andre truande meiner derimot at Gud har gitt menneska fri vilje og ei reell moglegheit til å forme eigne liv.

I moderne filosofi har det blitt diskutert om fri vilje samsvarer med eit vitskapleg verdsbilete. Ifølgje vitskapen er alt som eksisterer fysisk, og alt som er fysisk, er styrt av naturlover. Ved hjelp av naturlovene kan vi føreseie korleis alle fysiske gjenstandar vil oppføre seg. Det betyr at det tilsynelatande ikkje er noko rom for ein fri vilje i bevisstheita vår. Sidan bevisstheita vår er direkte knytt til nervecellene i hjernen, og alle desse nervecellene er styrte av naturlover, er det ikkje mogleg å tenkje eller velje noko anna enn det naturlovene bestemmer.

Mange filosofar har foreslått ulike forklaringar på korleis ein fri vilje kan sameinast med eit vitskapleg verkelegheitsbilete. Dei aller fleste menneska opplever jo at dei tek frie val. Nokre filosofar har derfor foreslått at det ved sida av dei fysiske årsak-verknad-forholda som blir beskrivne i vitskapen, også finst menneskelege handlingar baserte på fri vilje. Mennesket har derfor moglegheit til å handle fritt og starte nye årsaksrekkjer.

Fri vilje og kvantefysikk

To silhuettar av menneske omkransa av raude og grøne lyslinjer med kvantefysikk-formlar skrivne over. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Ifølgje klassisk fysikk er naturen deterministisk. Det vil seie at vi kan føreseie korleis fysiske gjenstandar vil oppføre seg. Dette synet har blitt utfordra av nye teoriar om kvantefysikk. Ifølgje kvantefysikken kan vi ikkje heilt nøyaktig måle og føreseie korleis fysiske gjenstandar bevegar seg. Men gir det mennesket større fri vilje at naturen til ei viss grad blir styrt av "slump" eller sannsyn?

Kjelder

Baggini, J. (2018). How the world thinks. A global history of philosophy. Granta.

Bøhn, E.D. (2021). Hva er metafysikk? Universitetsforlaget.

Svendsen, L.F.H & Säätelä, S. (2010). Det sanne, det gode og det skjønne. En innføring i filosofi. Universitetsforlaget.

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen.
Sist fagleg oppdatert 03.09.2022

Læringsressursar

Verkelegheitsbilete