Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Platons holelikning

Holelikninga er den mest kjende illustrasjonen av Platons filosofi. Det er ei forteljing om kor vanskeleg det er å finne fram til sanninga, og ho er like aktuell i dag som for 2500 år sidan.

Platon skreiv holelikninga i eit av dei mest kjende verka sine "Staten". I dette verket bruker Platon holelikninga til å forklare korleis verkelegheita eigentleg heng saman.

Før du ser filmen

Korleis trur du at du ville reagert viss nokon fortalde deg at alt det du trur på, i verkelegheita er ei løgn?

Oppgåve 1. Holelikninga

  1. Kvifor trur du at den frigitte fangen ikkje vil forlate hola?
  2. Kvifor trur du den frigitte fangen til slutt vender tilbake til hola og dei andre fangane?
  3. Kvifor er det så vanskeleg for den frigitte fangen å få dei andre fangane til å innsjå sanninga om verda utanfor?
  4. Kvifor trur du at den frigitte fangen til slutt blir drepen av dei andre fangane?
  5. Er det noko i holelikninga som du kan kjenne igjen i ditt eige liv?

  6. Kvifor er filosofi viktig? Bruk holelikninga som døme.

Ekstraoppgåve: holelikninga og Sokrates

Sokrates var læremeisteren for Platon. Ser du nokon likskapar mellom livet til Sokrates og nokon av personane i holelikninga?

Oppgåve 2. Sanseverda og idéverda

Platon skil mellom ei sanseverd og ei idéverd (tankeverda) i filosofien sin. Idéverda er meir verkeleg enn sanseverda ifølgje Platon, og for å få innblikk i idéverda må vi bruke fornufta.

  1. Les Platons eiga forklaring på holelikninga under. Kva er det dei ulike delane av holelikninga symboliserer ifølgje Platon?
  2. Forklar med eigne ord korleis holelikninga illustrerer at det ifølgje Platon finst to ulike verder.
Platons eiga forklaring på holelikninga

"Fengselet i hola er den synlege verda, elden som lyser opp i det, er krafta til sola. Fangen som stig opp og ser tinga der oppe, er sjela som stig opp til tankeverda" (Platon, 2001, s. 272)

"Meininga mi går ut på at i tankeverda dannar det godes idè det avsluttande toppunktet som ein vanskeleg får auge på. Men har ein det, så må ein komme til den overtydinga at alt rett og skjønt går ut frå den. I den synlege verda frambringar det lyset og herren til lyset, i tankeverda kunngjer han seg sjølv som herre, sanning og fornuft. " (Platon, 2001, s.272)

Platon (2001). Platons samlede verker. Bind V Kleitofon Staten. Oslo: Vidarforlaget.

"Liker ikkje" på sosiale medium. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Oppgåve 3. Ekkokammer

Vi kallar det eit ekkokammer når menneske innanfor ei lukka gruppe gjentek den same bodskapen overfor kvarandre, slik at han blir sterkare og sterkare.

  1. Finn nokre døme på ekkokammer frå ditt eige liv eller på nett.
  2. Finn du nokon likskapar mellom desse ekkokammera og holelikninga?
  3. På kva måte kan ein unngå at det utviklar seg ekkokammer som forvrenger verkelegheita?

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Karl Henrik Aanesen og Eivind Zakariassen .
Sist fagleg oppdatert 27.12.2019

Læringsressursar

Verkelegheitsbilete