Utforsk religiøse verkelegheitsbilete
Gå saman i grupper på fem elevar. Viss det ikkje går opp, kan de ha seks elevar på somme av gruppene. Då må to elevar på desse gruppene jobbe med same tema.
Fordel ulike religionar eller religiøse retningar på ulike grupper. Kvar gruppe skal bli ekspertar på éin religion.
Fordel temaa under på medlemmene i gruppa. Gruppemedlemmene skal no bli ekspertar på kvart sitt tema innanfor religionen i gruppa.
Tema 1: Kva er det som eksisterer?
Stikkord: gud(ar), englar, sjel, ånder, den materielle verda, åndeverda, paradis
Tema 2: Kvar kjem verda frå? Har historia ei byrjing og ein slutt?
Stikkord: lineært / syklisk historiesyn, undergangen i verda, dommedag, skapingssoge, skapargud
Tema 3: Kva skjer når vi døyr?
Stikkord: paradis, helvete, dom, atterføding, reinkarnasjon, frigjering, frelse
Tema 4: Korleis bør vi leve?
Stikkord: etikk, levereglar, synd, karma
Tema 5: Kva er dei viktigaste religiøse handlingane?
Stikkord: ritual, ritar, overgangsritar, høgtider, feiringar
Bruk 15 minutt på å setje deg inn i det spørsmålet du har fått ansvar for. Leit i kjelder på NDLA, andre pålitelege sider på internett eller i bøker. Stikkorda under spørsmålet kan vere til hjelp når du søker etter informasjon.
Set dykk tilbake i gruppene.
Presenter for kvarandre det de har funne ut. Presenter i rett rekkefølge. Kvar elev får 3–4 minutt til å presentere.
Finn samanhengar. Dei ulike delane av eit verkelegheitsbilete heng ofte saman og påverkar kvarandre. Til dømes kan synet på kva som skjer etter døden, påverke synet på korleis ein bør leve. Prøv å finne minst tre slike samanhengar mellom dei ulike tinga de har funne ut. Gi konkrete døme og prøv å få med flest mogleg av spørsmåla.
Indre mangfald. Er det nokon spørsmål det er stor ueinigheit om internt i religionen, til dømes mellom ulike retningar?
Kva er viktigast? Kva sider ved verkelegheitsbiletet til religionen er mest sentralt, meiner de? Lag ei topp-tre-liste.
No skal alle som har fordjupa seg i same spørsmål, setje seg saman i grupper.
Presenter for kvarandre det de har funne ut. Kvar elev får 3–4 minutt til å presentere.
Finn likskapar. Kva likskapar finn de mellom religionane? Er noko felles for alle? Er noko felles for enkelte religionar?
Finn forskjellar. Kva forskjellar finn de? Er det nokon religionar som skil seg heilt frå dei andre? Går det an å dele religionane i to eller tre grupper ut frå viktige forskjellar eller likskapar?
Samanfatt det de har komme fram til i klassen. Forslag til refleksjonsspørsmål:
Kva religionar har mest til felles?
Kvifor trur de desse religionane har mykje til felles?
Kva religionar har dei største forskjellane?
Kvifor trur de desse religionane er så ulike?
Var det noko som overraska dykk?