Hopp til innhald

Fagstoff

Sikhismen – verdsbilete

Sikhar si forståing av verkelegheita speglar ein filosofi som også hinduar, buddhistar og jainar til ein viss grad deler. Alle desse indiske religionane har felles førestillingar om samsara, karma og reinkarnasjon. Sikhar legg vekt på at Gud er éin og kjem til uttrykk også i andre religionar.
Mann i gul kjortel med turban sit under eit tre omgitt av to menn med kvit turban. Den eine speler eit instrument. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sidan sikh-tradisjonen har opphav i India, har også sikhar førestillingar om samsara (atterfødingssyklusen) og karmas lov, som uttrykkjer ein moralsk verdsorden der alle haustar konsekvensane av handlingane sine. Mennesket sitt problem er at det er fanga i samsara, og målet er å bli fri og foreina med Gud.

Førestillingar om Gud

Sikhar hevdar at Gud er éin. Det kjem blant anna til uttrykk i opningshymna, Mulmantra, i den heilage boka, Guru Granth Sahib. Der blir det erklært: ik-oankar, som tyder ‘det er éin gud’ eller ‘det er éi verkelegheit’. For sikhar inneber denne monoteismen eit mystisk medvit om ‘den eine som er uttrykt gjennom dei mange’.

Sidan Gud er éin, er det den same som gir seg til kjenne i alle religionar. Gud blir derfor omtala også med namn frå hinduisk tradisjon, som Shiva, Vishnu, Parvati, Ram. Bruken av både gude- og gudinnenamn signaliserer at guddommen er heva over alle skiljelinjer – også kjønn.

Eit av namna Gud blir omtala med, er niránkãr, ‘den formlause’. Gud blir òg omtala som ‘evig’, ‘utan begynning’, ‘uforanderleg’, ‘uutgrundeleg’. Eit vanleg namn på Gud i Guru Granth Sahib er Akal Purakh, ‘den tidlause’. Sidan Gud blir oppfatta både som formlaus og tidlaus, er det ingen bilete av Gud i gurdwaraen. Gud er likevel til stades i form av den heilage boka, Guru Granth Sahib.

Samtidig med å vere formlaus, blir Gud sett på som ‘skapar’, ‘oppretthaldar’ og ‘allmektig’. Ifølgje sikh-trua er Guds kraft i alt og overalt. Sidan Gud både er heva over verda og samtidig ein del av ho, er sikhisme ikkje berre monoteistisk, men har også panteistiske trekk.

Frigjering og foreining med Gud

Det er ingen mellommann mellom Gud og menneske, og alle kan bli eitt med den guddommelege krafta. Sidan Guds vilje står over karmaloven, er åndeleg utvikling gjennom meditasjon på Guds namn viktigare enn å streve etter god karma. Gjennom slik meditasjon blir mennesket mindre sjølvsentrert, og sjela blir gradvis frigjort frå samsara sin ‘fangenskap’.

Dei som når det øvste stadiet, blir fylte av Gud og frigjorde frå samsara. Dette er mukti-tilstanden. Den som har nådd dette nivået, kan gå inn i ein tilstand prega av fred, ein tilstand som varar utover døden når sjela blir foreina med Gud. Den som ikkje når dette nivået, må fortsetje i atterfødingssyklusen.

Sikhar ser på Gud som allmektig, og Guds vilje står over menneske sine ønske. I hymna Anand, som er ei av dei fem bønene khalsa-sikhar skal be i løpet av dagen, dreiar teksten seg om å stå fast uansett kva som skjer. Ein sikh skal alltid følgje Guds vilje og la seg leie av Guds ord, slik det kjem til uttrykk i Guru Granth Sahib.

Å sjå Gud i andre religionar

Då Guru Nanak kom med utsegna si om at ‘det ikkje finst hinduar eller muslimar’, ville han vise at skilje mellom religiøse grupper var kunstige, fordi alle søkte den eine og same Gud. Nanak sjølv hadde nært samarbeid med både muslimar og hinduar. Blant anna var den muslimske musikaren Mardana ein av dei nærmaste medarbeidarane hans. Fleire hymner skrivne av hinduar og muslimar blei tekne inn i Guru Granth Sahib.

Solidariteten med hinduar var sterk. Den niande guruen, Tegh Bahadur, lei martyrdøden fordi han prøvde å hindre at hinduar blei tvangsomvende til islam. Seinare har sikhar i periodar vore i eit spenningsforhold til både muslimar og hinduar. Dette var ei viktig årsak til at den tiande guruen, Gobind Singh, i 1699 innførte khalsaen – brorskapet av trufaste sikhar som skulle vere lojale mot han og forsvare sikhane mot ytre fiendar.

Respekt for andre religiøse tradisjonar

Sikhisme utvikla seg gradvis til ein eigen religion med eigne kjenneteikn: gudsforståing, skriftsamling, ritual, heilage hus, og sterkt medvit om ein felles skjebne. Korleis stiller sikhar seg til andre religiøse tradisjonar i dag?

Sikhane sin toleranse for andre religionar blei sett på prøve då eit islamistisk terrorangrep ramma mange sivile i Mumbai i 2008. "Terrorisme har ingen religion og ingen nasjonalitet", seier Amandeep Malhi, ei ung jente i det norske sikh-samfunnet, i dette videoklippet frå NRK skole:

Sikhar hevdar at dei har stor respekt for andre religiøse tradisjonar. Dette er tydeleg når ikkje-sikhar møter sikhar i gurdwaraen. Der blir det påpeikt det at dei ulike religionane representerer ulike vegar til Gud, og at det derfor ikkje er noko mål for sikhar å prøve å ‘omvende’ annleis truande til sikh-trua. Unge norske sikhar uttrykkjer det ofte slik: «Er du kristen, bli ein betre kristen; er du muslim, bli ein betre muslim». Døma er helst tekne frå religionar med ei monoteistisk gudstru.

Forholdet til hindutradisjonen er meir anstrengd, i alle fall når det gjeld khalsa-sikhar. Det heng saman med at khalsa-identiteten, som fekk ei fornying på slutten av 1800-talet, nettopp oppstod som reaksjon på det som blei opplevd som ein dominerande hindutradisjon.

Unge sikhar knytte til gurdwaraen gir uttrykk for at det ikkje er noko i vegen for at sikhar kan gifte seg med ikkje-sikhar, men at det er vanskeleg med tanke på barneoppsedinga. Nokon seier at dei ikkje nødvendigvis må gifte seg med ein sikh, men det må vere med ein som deler sikhismen sin grunnfilosofi.

Viktige omgrep

  • samsara

  • karma

  • mukti-tilstanden

Kjelder

Breidlid, H. (2020). Sikher. Oslo: Universitetsforlaget.

McLeod, H.W. (2009). The A to Z of Sikhism. London: The Scarecrow Press.

Nesbitt, E. (2016). Sikhism. A Very Short Introduction. Oxford University Press.

Sikher i Norge (u.å.). En samlingsportal for sikher i Norge. Henta 11. april 2019 frå https://www.sikher.no

CC BY-SASkrive av Halldis Breidlid. Rettshavar: Oslomet
Sist fagleg oppdatert 19.04.2022

Læringsressursar

Sikhismen