Hopp til innhald

Fagstoff

Sikhismen – praksis og ritual i gurdwaraen

Guru Granth Sahib er sentrum i sikhane sitt gudshus. Musikarar leier synging av hymnar frå denne heilage boka, som blir teken fram kvar morgon og lagd til kvile kvar kveld. Fellessamlingane blir avslutta med eit ord for dagen etterfølgt av eit gratis måltid.

I videoen under kan du sjå glimt frå ulike sider ved det rituelle livet i ein gurdwara. Videoen er frå Dehli i India.

Kirtan

Kirtan betyr tilbeding gjennom song og inneber synging av hymnar frå Guru Granth Sahib. Gjennom resitering og song prøver trufaste sikhar å nå målet om å komme på bølgjelengde med Guds ord (gurbani). Kva for hymnar som blir songe, avheng av når på dagen det er. Ofte er songen leia av ei gruppe på tre musikarar (ragiar) som spelar på tradisjonelle indiske instrument, som tabla og harmonium. I Noreg hyrer ein inn dyktige ragiar frå India, som kan følgje kirtan-aktiviteten i gurdwaraen.

Sikhar trur at Gud er til stades i forsamlinga gjennom Guru Granth Sahib og kirtan. Mange gir derfor uttrykk for at det først og fremst er kirtan-samlinga som gir dei religiøse opplevingar. I Noreg er det størst oppslutning sundag føremiddag, då mange kjem til gurdwaraen med familien. Sidan kirtan er noko som helst skal gjerast i fellesskap, får dette ekstra stor tyngde under denne samlinga.

Praksis og ritual knytte til Guru Granth Sahib

Om dagen kviler den heilage boka på ei forhøgning framme i rommet og er dekt av eit fargerikt klede. Over boka er reist ein baldakin, ei kvelving av fint stoff i same farge. Når boka er oppslått, er det alltid ein som viftar over henne med ein chauri, ei vifte laga av hår frå halen på ein yak eller eit esel. I India blei dette tradisjonelt brukt overfor høgtståande personar. Ein slik praksis viser derfor at den heilage boka blir tillagd stor autoritet.

Mann med turban utfører eit rituale føre ei bok som ligg under eit raudt klede og ein baldakin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Guru Granth Sahib blir oppfatta som ein levande guru og behandla deretter. Det er bakgrunnen for rituala knytte til morgon- og kveldsseremoniane. I nokre gurdwaraer har Guru Granth Sahib eit eige kvilerom, slik det er i gurdwaraen på Alnabru i Oslo. Kvar morgon blir boka boren frå kvilerommet og plassert på den opphøgde plassen i gurdwaraen, og kvar kveld blir boka lagd til kvile for natta etter at ho er blitt pakka inn i reine tøystykke og bestemte bøner er bedde.

Mens gurdwaraer i India blir fylte av trufaste sikhar i samband med desse seremoniane, kjem sikhar i Noreg først og fremst sundag føremiddag. Det er likevel alltid nokon som har ansvar for å gjennomføre dei daglege rituala. Uansett om det er mange eller få, utgjer dei som er der eit fellesskap, ein sangat.

Å ‘ta ein hukam’

Hukam betyr ‘ordre’, og uttrykket hukam laina betyr ‘å ta ein ordre’, populært omtalt som ‘å ta ein hukam’. I praksis betyr det at ein opnar Guru Granth Sahib på ei tilfeldig side og les den første hymnen som viser seg øvst på venstre side. Denne hymnen fungerer som ein hukam, ein ‘ordre’. Det blir alltid teken ein hukam mot slutten av ei samling i gurdwaraen.

Utdeling av karah prasad

Når Ardas (bøna som blant anna lister opp martyrane i sikhane si historie) er ferdig, blir det delt ut karah prasad (ein søt pudding). Den blir laga av 1 del kveitemjøl, 1 del sukker, 1 del klarna smør og 2 delar vatn. Puddingen blir dekt med eit reint tøystykke og plassert på ein stol framfor Guru Granth Sahib.

Den som deler ut karah prasad, skal dele han ut til alle som har vore til stades, både sikhar og ikkje-sikhar, noko som illustrerer ideen om likeverd og likestilling. Ikkje-sikhar som blir tilbydde karah prasad, må ikkje ta imot. Men viss ein tek imot, skal det gjerast ved å halde fram hendene som ein kopp og ete den heilage puddingen med høgre hand, slik den sørasiatiske skikken er.

Indian Food Forever: Slik lager du karah prasad

Langar for alle

Langar er eit gratis fellesmåltid, laga til i kjøkenet til gurdwaraen. I India serverer gurdwaraer mat heile dagen, og i andre land blir langar servert etter samlingar i helgane. Sikhar gir råvarer til gurdwaraen som ei form for seva (teneste for andre). Også dei som lagar maten, serverer og vaskar opp, gjer seva. Under måltidet skal ein ikkje ta imot meir mat enn ein klarer å ete. Mat skal ikkje sløsast bort.

Mange menneske sit på rekke og et. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Skikken med langar starta tidleg og var i alle fall etablert under den 3. guruen. Det blir fortald om stormogulen Akbar at han kom på besøk til Guru Amar Das og blei plassert på golvet saman med alle andre. Plasseringa illustrerte prinsippet om likeverd og var ein protest mot kastesystemet og hinduiske reinleiksforskrifter i India. Desse systema innebar blant anna at ein ikkje kunne ete saman med folk frå lågare kastar, av frykt for å bli ureine. Likestillingsprinsippet, som også inkluderer likestilling mellom kjønna, er sentralt også i dag.

Reglar for åtdferd i gurdwaraen

Alle som kjem til ein gurdwara skal vise respekt og følgje nokre retningslinjer, som: ha på klede som gjer det mogleg å sitje med beina i kryss, dekkje hovudet med sjal, skjerf eller lue – om ein ikkje allereie ber turban, ta av seg skoa, leggje att eventuell tobakk i garderoben, vise respekt for Guru Granth Sahib – blant anna ved at ein unngår å ha føtene i retning av den heilage boka.

Kjelder

Breidlid, H. (2020). Sikher. Oslo: Universitetsforlaget.

Jacobsen, Knut A. (2012). «Tuning Identity in European ‘Houses of the Guru’. The Importance of Gurdwaras and Kirtan among Sikhs in Europe”. In: Jacobsen, Knut A. & K. Myrvold (eds.) (2012). Sikhs Across Borders: Transnational Practices of European Sikhs. London & New York: Bloomsbury.

Jacobsen, K. (2006). Sikhisme. Historie, tradisjon, kultur. Kristiansand: Høyskoleforlaget.

McLeod, W. H. (2009). The A to Z of Sikhism. London: The Scarecrow Press.

Nesbitt, E. (2016). Sikhism. A Very Short Introduction. Oxford University Press.

CC BY-SASkrive av Halldis Breidlid. Rettshavar: Oslomet
Sist fagleg oppdatert 19.04.2022

Læringsressursar

Sikhismen