Hopp til innhald
Fagartikkel

Sikhismen – organisering og autoritetar

Sikhane legg vekt på likestilling. Derfor har ingen menneske status som mellommann mellom Gud og menneske. Den einaste absolutte autoriteten er boka Guru Granth Sahib. Men dei har likevel valt leiarskap i Punjab. Leiarskapet har myndigheit over gurdwaraer rundt om i verda.

Sikhar som globalt fellesskap

Rundt ti prosent av alle sikhar bur utanfor Punjab. Mange av desse opplever likevel Punjab som ‘heimlandet’ sitt. Sikhar er knytte saman i eit transnasjonalt fellesskap med Punjab og Amritsar som sentrum, og mange sikhar dreg på besøk til viktige heilagstader der.

Det andre som bind dei saman, er Guru Granth Sahib. Mange sikhar i diaspora får same hukam (ord frå Guru Granth Sahib), tekne i Harimandir Sahib (Det gylne tempel) i Amritsar, direkte inn på mobilen om morgonen. På sikhnet.com kan alle lese og lytte til dagens hukam på gurmukhi, punjabi og engelsk. At hukamen blir gitt på engelsk, viser at nettsida er tenkt for eit global sikh-fellesskap.

Kva er dagens hukam på nettstaden SikhnNet?

Diskuter betydinga av denne teksten med ein medelev.

Organisering i lokale gurdwaraer

Dagleg samlast sikhar over heile verda i dei lokale gurdwaraerane sine, der dei utgjer eit ‘heilag fellesskap’, sadhsangat (sadh = heilag og sangat = fellesskap). Samlinga i gurdwaraen er viktig i sikhane sitt liv. Her kan dei lytte, dele og diskutere i eit likeverdig fellesskap.

Sidan sikhar meiner at ingen menneske står mellom Gud og den enkelte, finst det ikkje presteskap, og det blir ikkje kravd ei eiga teologisk utdanning for å utføre religiøse ritual. Slik sett er sikhisme ein lekmannsreligion (lekmann = ikkje-prestevigd). I kvar gurdwara er det likevel ein granthi, som er ansvarleg for å gjennomføre rituala. I Noreg kjem desse stort sett på turistvisum som varer for tre månader. I periodar der gurdwaraen ikkje har ein eigen granthi, blir oppgåvene utførte av ein amritdhari-sikh (ein som er innvigd i khalsaen).

Dei praktiske aktivitetane er overlatne til forstandaren og styret. Alle som sit i styret skal vere innvigde i khalsaen. I gurdwaraene i Noreg er styra demokratisk valde og er dei som har mest makt. I gurdwaraen i Oslo er det ni medlemmar i styret. Leiaren har hovudansvaret for å følgje opp aktivitetane og for at desse følgjer retningslinjene som blir gitte frå leiarskapet i Amritsar.

Leiarskap og autoritet i Amritsar

Rett etter første verdskrig blei det danna ein sikh-allianse i Punjab, kalla Shiromani Gurdwara Parbandhak Committee (SGPC). Hovudhensikta var å få kontroll over gurdwaraene og sørgje for at khalsa-sikhar blei innsette som leiarar. Gjennom ei lov i 1925 fekk SGPC ansvar for organisering av gurdwaraene. SGPC har seinare fått ansvar også for å følgje opp retningslinjene som er vedtekne i Sikh Rahit Maryada, den moderne utforminga av sikh-reglane.

Senteret for sikhane sin øvste verdslige myndigheit blir kalla Akal Thakat. Her blir alle viktige avgjerder for det globale sikh-fellesskapet tekne. Senteret held til i ein av bygningane som omgir Harimandir Sahib. I starten møttest sikhane sitt råd framfor Akal Thakat, og i dag blir viktige kunngjeringar frå SGPC annonsert herifrå i form av hukam-namaer (‘kommandoar’) for sikhar rundt i verda. Gurdwaraene, også i diaspora, skal implementere kunngjeringane. Det er khalsa-sikhar som føler seg sterkast forplikta på desse retningslinjene.

Leiinga i Amritsar har hatt stor innverknad på sikhar både i India og i diaspora, der det blant anna blir diskutert kven som skal få tilgang til bryllupsritualet, anand karaj. Rahit Maryada krev at dei som giftar seg begge er khalsa-sikhar, og i 2007 kunngjorde SGPC at ritualet berre skulle vere for desse.

I diaspora opplever mange unge sikhar at Rahit Maryada på ein del område er forelda når det gjeld dagens dilemma, og at dei derfor ikkje kan følgje alle reglane. Dei hevdar til dømes at bryllupsritualet burde vere ope også for sikhar som ikkje er innvigde. Leiinga i Amritsar står likevel på kravet om at seremonien berre er for dei sikhane som er innvigde i khalsaen. Dette har stor innverknad på lokale sikhar og gurdwaraer, men retningslinjene frå leiinga blir også debattert blant sikhar rundt om i verda.

Nye nettverk og fleire autoritetar

Sjølv om sikhar har stor geografisk spreiing, har internett bidrege til danning av globale nettverk og framvekst av fleire tusen nettstader og fleire hundre diskusjonsgrupper. Slike transnasjonale sikh-nettstader gjer også at dei som bur langt frå andre sikhar kan oppleve globale sikh-fellesskap.

Trass i at Guru Granth Sahib er den absolutte autoriteten i sikhane sitt liv, gir unge sikhar i diaspora uttrykk for at dei treng å diskutere med andre sikhar for å finne svar på dagsaktuelle spørsmål og dilemma som Guru Granth Sahib ikkje kan gi direkte svar på.

Når sikh-filosofi og praktiske løysingar blir diskutert på internett, blir det danna nye nettbaserte sikh-fellesskap, og det blir skapt nye retningslinjer og nye autoritetar. Sidan alle kan starte eller delta i debattane her, fungerer internett demokratiserande i kontekstar som elles er dominerte av tradisjonelle autoritetar.

Den tradisjonelle sikh-historia har dessutan fokusert på mannlege sikhar. Nettmagasin for og av kvinnelege sikhar kan kompensere for dette – både gjennom å portrettere kvinnelege sikhar som utmerkjer seg på ulike område – og gjennom eit globalt nettforum der ein diskuterer aktuelle spørsmål som gjeld kvinnelege sikhar. Dette blir gjort i lys av tradisjonelle autoritetar og i lys av nye situasjonar.

Studer framsida til nettstaden Kaur life

Ordet "kaur" betyr prinsesse og er eit etternamn som blir gitt til mange kvinnelege sikhar.

Kva for problemstillingar tek nettstaden opp?

Kjelder

Breidlid, H. (2020). Sikher. Oslo: Universitetsforlaget.

Kaur Life (u.å.). Online magazine. Henta 19. april 2022 frå https://kaurlife.org/

McLeod, W. H. (2009). The A to Z of Sikhism. London: The Scarecrow Press.

Nesbitt, E. (2016). Sikhism. A Very Short Introduction. Oxford University Press.

Reichelt, Vilde (2012): Makt og lederskap i sikhismen, teori og praksis. I Døving, Cora Alexa og Berit Thorbjørnsrud (red): Religiøse ledere. Makt og avmakt i norske trossamfunn. Oslo: Universitetsforlaget.