Hopp til innhald

Fagstoff

Sikhismen – materielle og estetiske uttrykk

Materielle og estetiske dimensjonar i sikhismen kjem til uttrykk i utforminga av gurdwaraen og den heilage skrifta, men også i musikk, i biletlege framstillingar, symbol og heilagstader.
Gyllen bygning med tårn og spir ved vatnet. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Gurdwaraen

Opphaveleg blei gurdwara brukt om ‘døra inn til den menneskelege guruen’. Ein idé utvikla seg om at staden guruen sat på, var heilag, og sikhar skulle derfor gni støvet frå denne heilage staden på pannen sin. Når guruen kunne gjere ein geografisk stad ‘heilag’, blei desse bestemte stadene naturlig nok viktige. Då sikhar fekk større politisk makt mot slutten av 1700-talet, etablerte ein gurdwaraer på stadene der guruane hadde vore. I Punjab finst mange slike ‘historiske gurdwaraer’, som på sett og vis reflekterer ei materialisering av historia til sikhane.

Ingen gurdwaraer i diaspora (land utanfor India) kan knytast direkte til ein guru, men ber ofte namnet til den første guruen, Nanak, slik gurdwaraen i Oslo, Sri Guru Nanak Dev Ji, gjer. Eitkvart hus som rommar den heilage boka, Guru Granth Sahib, har status som ‘gurdwara’, og khalsa-flagget (nishan sahib) som vaiar utanfor, signaliserer nettopp dette.

Guru Granth Sahib

Sjølv om sikhar ser på tekstsamlinga Guru Granth Sahib som den siste og ellevte guruen, har boka også status som den heilage skrifta til sikhane. Slik er ho, på linje med andre religionar sine heilage bøker, eit materielt uttrykk for trua og livsfilosofien til sikhane.

Ei stor menneskemengde i prosesjon ber ein gjenstand med forgylt kuppel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sentrale symbol

Bortsett frå Guru Granth Sahib og den utsmykka plattforma boka kviler på, går to symbol igjen i gurdwaraen: Ik oankar (= éin gud) og khanda-symbolet, symbolet til khalsaen. Sidan alle gurdwaraer er styrt av khalsa-sikhar, har khanda-symbolet gjerne ei framtredande plassering der.

Khanda-symbolet finst også som emblem på khalsa-flagget, nishan sahib. Også bannerane som blir borne i vaisakhi-prosesjonen på Turbandagen i Oslo, har eit khanda-emblem.

Musikkuttrykk

Sikhar sin religiøse musikk er hovudsakeleg vokal, idet den menneskelege stemma er hovudinstrumentet. Dei fleste hymnane blir sungne i fellesskap i gurdwaraen, og det er vanlegvis ei gruppe på tre musikarar (ragiar) som akkompagnerer sangen (kirtan). Dei spelar på harmonium og tabla og bruker ulike melodiar ut frå kva som er angitt i Guru Granth Sahib for dei enkelte hymnane.

Eksempel på kirtan

Vimeo: Kirtan

Billedlege framstillingar

Gud, som er formlaus og ikkje kan avbildast, har på same tid gitt seg fysisk til kjenne i historia gjennom dei ti menneskelege guruane. Billedlege framstillingar av desse er ein naturleg konsekvens av ei slik oppfatning. Dei fleste gurdwaraer har avbildingar av ein eller fleire av dei ti guruane. Plakatane eller måleria kan dekorere veggen inni sjølve tilbedingshallen (diwan-hallen), eller vere plasserte utanfor denne, slik som i gurdwaraen i Oslo.

Vanlegast er framstillinga av den første guruen, Nanak, og den tiande guruen, Gobind Singh, men mange gurdwaraer har også bilete av den femte guruen, Arjan, som leid martyrdøden. Han blir ofte framstilt sitjande på ei gloheit jernplate, som del av torturen. Også andre martyrforteljingar blir framstilte gjennom folkeleg kunst.

Mann med turban på glødande steinhelle omgitt av menn og kvinner. Måleri.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Mest populær er plakaten av soldaten Baba Dip Singh, som i 1757 fortsette å forsvare ‘Det gylne tempel’ i Amritsar, sjølv etter at han var halshogd. Plakaten viser han med hovudet i den eine handa og sverdet i den andre. Sikh-butikkar som deler ut gratis kalendarar med slike bilete, bidreg også til å vedlikehalde martyrtradisjonen som eit referansepunkt for sikhar i dag.

Dei ‘heilage geografia’ til Sikhane

Sikhar har nært forhold til stader som er knytte til guruane sitt liv. I India, og spesielt i Punjab, utgjer gurdwaraene ein ‘heilag geografi’, sidan dei er bygde på viktige stader i sikhane si historie. Her er to av dei viktigaste:

Harimandir i Amritsar

Sjølv om dei ikkje blir sett på som eigentlege pilegrimsmål, er heilagstadene populære reisemål for sikhar. Ikkje minst har ‘Det gylne tempel’ (Harimandir Sahib) i Amritsar hatt ein spesiell appell, både til sikhar og ikkje-sikhar. Mange sikhar understrekar at dei ikkje trur at eit gudshus eller gurdwara er heilagare enn andre, men at Harimandir Sahib er spesielt viktig på grunn av historia og alt som har skjedd der. Andre reiser dit for å få ei religiøs oppleving.

Ein mann står til livet i vatn med turban på hovudet og ber. I bakgrunnen er eit tempel. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Sikhar som kjem til Harimandir Sahib, besøkjer ikkje berre gurdwaraen, men vandrar også rundt på promenaden som går rundt vassbassenget som omgir gurdwaraen, og som forbind dei ulike bygningane. Dei besøkjer også dei mange minnestadene og musea knytte til sentrale skikkelsar i sikh-historia, der historiske gjenstandar som dokument, våpen, bruksreiskapar, klede og møblar er oppbevarte. Somme tek bad i sarovaren (bassenget). Den unike kombinasjonen av sosial arena, tilbeding, ritual og vandring i historia gjer gurdwara-komplekset til eit viktig besøksmål for sikhar frå heile verda.

Billedlege framstillingar av Harimandir-komplekset – i ulike format – er for øvrig vanleg både i gurdwaraer og i sikh-heimar.

Anandpur

Mange sikhar, også norske, kombinerer gjerne eit besøk i Harimandir i Amritsar med eit besøk i Anandpur. Ifølgje tradisjonen var det der Guru Gobind Singh oppretta khalsaen, og i dag besøkjer ikkje minst khalsa-sikhar gurdwaraen som er bygd på staden. Det finst også ein annan gurdwara her, Gurdwara Sis Ganj, som er bygd på staden der hovudet til den niande guruen blei kremert etter at han var blitt halshogd i Delhi. Den niande guruen, Tegh Bahadur, var den andre sikh-guruen som enda som martyr.

Kjelder

Breidlid, H. (2020). Sikher. Oslo: Universitetsforlaget.

Johannessen, Ida Therese (2014). Pilegrimsreise til Det gylne tempel. Kontinuitet og endring i norske sikhers relasjon til sikhismens helligste sted. IKOS, UiO.

Murphy, Anne (2012). The Materiality of the Past. History and Representation in Sikh Tradition. Oxford University Press. Indian edition.

CC BY-SASkrive av Halldis Breidlid. Rettshavar: Oslomet
Sist fagleg oppdatert 04.05.2022

Læringsressursar

Sikhismen