Hopp til innhald

Fagstoff

Sikhismen – heilag skrift og legendariske forteljingar

Sikhane si heilage skrift er Guru Granth Sahib. Den blei utpeikt til øvste autoritet etter dei ti menneskelege guruane, som til då hadde vore rettleiarane. Boka er sentrum i alle gurdwaraer og blir æra som ein levande guru. Andre viktige skrifter er janamsakhiane, om den første guruen Nanak.
Ein mann med turban føre ei oppslått bok som ligg på eit kvitt klede. Foto
Opne bilete i eit nytt vindauge

Guru Granth Sahib

Guru Granth Sahib er sikhane sin øvste autoritet. Før han døydde i 1708, bestemte den tiande guruen, Gobind Singh, at det etter hans død ikkje skulle peikast ut nokon ny menneskeleg guru. Derimot skulle sikhane si skriftsamling, Adi Granth, bli utvida med nokre hymnar skrivne av den niande guruen, og deretter få status som ‘guru’ – under namnet Guru Granth Sahib. Sikhar ser derfor på boka som den ellevte og siste guruen, ein åndeleg rettleiar som formidlar Guds bodskap til menneska. Utanfrå kan Guru Granth Sahib sjåast som ei skriftsamling på linje med dei heilage skriftene i andre religionar. Men ingen gir den heilage boka si så høg status som sikhane, som ser på Guru Granth Sahib som ein guddommeleg guru.

Gudshuset til sikhane blir kalla gurdwara, som betyr ‘døra inn til guruen’. Gurdwaraen har fått namnet sitt fordi den rommar Guru Granth Sahib, som er sentrum for sikhane sin rituelle praksis.

Språk og opphav

Guru Granth Sahib er skriven på språket punjabi, men bruker på same tid eit spesielt gurmukhi-alfabet, som er krevjande for sikhar i dag. Boka består av ei rekkje hymnar skrivne av dei fem første, i tillegg til den niande guruen. Tradisjonen fortel at då Nanak fekk inspirasjonen over seg til å komponere dikt, kalla han til seg sin muslimske ven og musikar Mardana og sang dei nykomponerte hymnane sine mens venen spela. Etter kvart blei hymnane skrivne ned, og samlinga av dette skriftlege materialet begynte sannsynlegvis allereie på Nanaks tid.

Innhald og struktur

I hymnane står truskap til Gud og meditasjon på Guds namn i fokus. Hovudmotivet er mennesket sin lengsel etter Gud. Moglegheita for å oppnå frelse og foreining med Gud er ikkje avhengig av sosial status eller utøving av ritual. Alle menneske kan oppnå ei slik foreining ved å meditere på Guds namn og ved å vende merksemda bort frå sitt eige ‘eg’ (egoet sitt) og til Gud. Sjølv om Gud er éin, blir det brukt mange namn på Gud i Guru Granth Sahib. Vanlege namn er Akal Purakh, Nam, Ram og Hari. Ein sjeldan gong blir Vahiguru brukt, men det er helst i gudstenester i gurdwaraen.

Guru Granth Sahib er bygd opp av innleiande hymnar, ein hovuddel og ei avslutning. Dei innleiande hymnane er viktige i dei daglege rituala, som morgonritual og kveldsritual.

Hovuddelen av Guru Granth Sahib består av hymnar som er kopla saman i såkalla ragaer, og blir sungne på melodiar som er assosiert med spesielle stemningar og tider på dagen. Nokre av hymnane blir brukte ved bestemte anledningar. Hymnen Lavan er til dømes ein viktig del av bryllupsritualet til sikhane, mens Sukhmani Sahib, som også blir kalla ‘fredsperla’, blir resitert som del av rituala ved dødsleiet.

Guruen sitt ord på internett

I dag les og høyrer fleire og fleire sikhar tekstar frå Guru Granth Sahib på internett. Skriftsamlinga blir også trykt som fleire bind. Men det store eittbinds-verket på 1430 sider, som er installert i alle gurdwaraer, har framleis høgast status. Somme sikhar har også slike eittbinds-verk installert i sine egne heimar.

Tekster i Guru Granth Sahib i engelsk oversettelse

Janamsakhiar

I Guru Granth Sahib finn vi dikt og hymnar, men ingen forteljingar om guruane. I starten blei slike forteljingar formidla gjennom biletlege framstillingar både i gurdwaraer og sikh-heimar. Etter kvart kom også tekstlege forteljingar til. Vi finn omfattande forteljingsstoff om spesielt Guru Nanak i tekstsamlingar som blir kalla janamsakhiar (‘augevitneskildringar’).

Som i andre religiøse tradisjonar ligg nokre av desse forteljingane tett opp til historiske fakta, mens andre først og fremst er skrivne for å streke under den betydninga guruane har. Janamsakhiane dreier seg altså ikkje først og fremst om å dokumentere historiske hendingar, men om å framheve Nanak og det han står for. Vi snakkar om ein type ‘heilage’ forteljingar som har eit religiøst, moralsk eller oppdragande formål.

Ofte dreier forteljingane seg om mirakuløse hendingar, som i forteljinga om den fattige snikkaren Lalo:

Nyheitene spreidde seg i landsbyen om at Guru Nanak, ein heilag person, budde i huset til ein snikkar som heitte Lalo. Ein meir velståande borgar, skatteoppkrevjaren Malak Bhago, som tilhøyrde khatri-kasten liksom Guru Nanak, heldt akkurat då ein imponerande religiøs fest til ære for forfedrane sine. Arrangementet innebar blant anna at han skulle gi kyr i gåve til fleire brahminar. Han insisterte på at Guru Nanak skulle komme heim til han for å delta på festen han hadde førebudd for brahminane. Då Nanak kom, sette Bhago eit overdådig måltid framfor han og spurde kvifor han, som var ein så viktig heilag mann, hadde ete med ein snikkar av låg kaste i staden for å ete med folk frå høgare kastar, som khatriar og brahminar. Guru Nanak bad då nokon om å hente mat frå Lalos heim. Då han fekk maten, tok han denne i den eine handa og ein av Bhagos chapatiar i den andre – og klemde til. Mjølk draup frå Lalos mat, mens blod draup frå chapatien. Guru Nanak forklarte at Lalo hadde tent til maten gjennom ærleg arbeid, mens Bhago prøvde å ære forfedrane med det han hadde stole frå andre. Han baud så Bhago å betale for dei kyrne han hadde stole. (Omsett frå Nesbitt & Kaur, 1998: s. 47)

Den tydelege forteljingsforma gjer janamsakhiar godt eigna til munnleg attforteljing. Med dei klare moralske poenga er dei viktige i oppsedinga, og det gjer dei populære blant vanlege sikhar, sjølv om dei ikkje har den same statusen som Guru Granth Sahib.

Kjelder

Breidlid, H. (2020). Sikher. Oslo: Universitetsforlaget

Breidlid, H. og T. Nicolaisen (2011). I begynnelsen var fortellingen. Oslo: Universitetsforlaget

McLeod, W. H. (2009). The A to Z of Sikhism. London: The Scarecrow Press. Nesbitt, Eleanor (2016). Sikhism. A Very Short Introduction. Oxford University Press.

Nesbitt, Eleanor & Gopinder Kaur (1998). Guru Nanak. Indic Values Series 2. Bayeux Arts.

CC BY-SASkrive av Halldis Breidlid. Rettshavar: Oslomet
Sist fagleg oppdatert 19.04.2022

Læringsressursar

Sikhismen