Hopp til innhald

Fagstoff

Sikhismen – menneskesyn

Gjennom meditasjon på Guds namn og gjennom å tene andre kan mennesket endre seg frå sjølvsentrering til kjærleik og foreining med Gud. Eit viktig trekk ved sikhisme er at ein legg vekt på likestilling både med tanke på kjønn og sosial status. Sikhar var difor tidleg ute med å fordømme kastesystemet.
Ein mann mediterer ved vasskanten i nattemørkret. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Å fjerne seg frå sjølvsentrering

Mange hymnar i Guru Granth Sahib viser sikhane sitt syn på mennesket. Nanak åtvarar mot å dyrke seg sjølv (egoet sitt). Den som blir oppslukt av egoet sitt, er spesielt utsett for å bli ramma av fem svakheiter: lyst, sinne, grådigheit, materialisme og stoltheit. Den som lèt seg styre av desse, blir fanga inn i ein illusjon som gjer at han ikkje ser kva som er viktig i livet, og det materielle blir verdsett framfor det åndelege. Ein av Nanaks hymnar sluttar slik: «å vinne over egoet sitt, er å vinne over verda».

I kontrast til ein manmukh (‘ein som ser mot egoet sitt’), er ein gurmukh (‘ein som ser mot guruen sin’) ein roleg og fokusert sikh, som mediterer på Guds namn. Men sikhar skal ikkje trekkje seg attende til einsemda, slik hinduiske asketar gjer. Dei skal utføre dei daglege gjeremåla og ta seg av familiesaker, arbeide hardt og ærleg og tene andre. Det bidreg til at egoet blir transformert frå ‘manmukh’ til ‘gurmukh’.

Kroppen er Guds skaparverk

Som skapar har Gud ikkje berre ei hensikt med det åndelege livet til mennesket, men også kroppen er i tråd med Guds vilje. Her utgjer håret ein viktig del. Ingen kan hindre håret i å vekse, og det skal derfor aksepterast som del av Guds skaparverk. Av den grunn avstår mange sikhar frå å klippe hovudhår og barbere kroppshår. Det gjeld ikkje berre dei som er innvia i khalsaen og som ber uklippa hår som eit av dei fem symbola, men også mange andre sikhar. Sidan kroppen er ei verdifull gåve frå Gud, skal ein heller ikkje tatovere eller pierce han.

Kjærleik, teneste og hardt arbeid

På heimesida til sikhar i Noreg blir tre grunnpilarar i sikhisme framheva:

  • Kirat Karna – arbeide ærleg og dedikert
  • Naam Japna – meditasjon (på Guds namn/Namnet)
  • Vand Ke Chakna – dele med andre

Sidan hardt og ærleg arbeid og aktiv deltaking i samfunnet blir sett på som viktig, er sikhar gjerne godt integrerte, også i vertslanda sine utanfor India. Mange tek høgare utdanning og får prestisjefylte jobbar. Dei to andre prinsippa, ‘meditasjon på Guds namn’ og ‘dele med andre’ utfyller kvarandre. Kjærleik og handling er to sider av same sak og kan ikkje skiljast. Å vere ‘sikh’ er ein livsstil der forholdet til Gud og medmenneske står i sentrum. I nær samanheng med idealet om å gå aktivt inn i samfunnet gjennom arbeid, finn vi idealet om å gå aktivt inn i familieliv med ansvar for ektefelle, barn og storfamilie.

Guru Nanak seier i ein av hymnane sin: Sanninga er høgare enn alt; men endå høgare er eit sant liv, og strekar med dette under at ein tenande og likestilt livsførsel er viktigare enn filosofiske sanningar.

Idealet om likestilling

Alle guruane var tydelege på likestilling mellom kjønn og mellom sosiale grupper. Det kjem godt til uttrykk i forteljinga om stormogulen Akbar som kom på besøk til den tredje guruen og måtte sitte på golvet og ete saman med kvinner og menn med ulik sosial bakgrunn. Likestillingsidealet står framleis sterkt hos sikhar. På bannerane i den årlege vaisakhi-prosesjonen i Oslo står skrive slagord som: «Sikhar er for likestilling» og «Sikhar er imot kjønnsdiskriminering». Likestilling er ein viktig del av menneskesynet til sikh-ideologien, sjølv om prinsippet blir utfordra i praksis.

Eit kjønnsperspektiv

Kvinne med turban og sverd til mest. Måleri.

Unge norske kvinner seier at dei stort sett opplever likestilling innanfor sikh-fellesskapet. På kurs og foredrag blir kvinnelege førebilete frå tradisjonshistoria trekte inn, sjølv om dei er få. To døme er krigsheltinna Mai Bhago som kjempa for Gobind Singh, og Mata Sundari, Gobind Singhs enke, som leia sikh-fellesskapet i fleire tiår etter mannen sin død.

Men dei fleste dominerande skikkelsane i tradisjonshistoria er menn. Formell språkbruk kan også vise korleis patriarkalske tenkemåtar og kulturelle koder framleis pregar kjønnsrelasjonane. (Omgrepet patriarkalsk stammar frå ordet patriark som betyr stamfar eller ein mann med faderleg autoritet).

I Sikh Rahit (etiske og kultiske retningslinjer) vender fleire av reglane seg til mannlege sikhar, som her: «Ein innvigd sikh bør også sørgje for at kona hans blir innvigd». Tilsvarande blir ikkje sagt om kvinner. Skeivskapen heng saman med at tradisjonar generelt har ein tendens til å behandle mannen som ‘normalen’ og kvinna som ‘den andre’. Trass i at likestillingsprinsippet er svært viktig for sikhar, kan vi altså finne spor av ein slik skeivskap også i Sikh Rahit.

Eit sosialt perspektiv

Guru Nanak talte for likestilling mellom ulike sosiale klassar. Mange forteljingar viser korleis han hadde sosial omgang med menneske utan å bry seg om kastetilhøyrsel. Alle guruane hadde same innstilling. Den tiande guruen, Gobind Singh, innførte fellesskapet av innvigde sikhar (khalsaen), der alle fekk same statusen, signalisert gjennom namna Singh og Kaur.

Men også her er kultur og praksis ei utfordring. I dag kjem spørsmål om kaste til uttrykk i samband med inngåing av ekteskap. Ein del sikhar er opptekne av kaste når det gjeld val av ekteskapspartnar. Somme nyttar seg av ekteskapsannonsar der kaste er eit av kriteria for ein god allianse. Dei oppfattar eit skilje mellom det ideelle kastelause fellesskapet i gurdwaraen og sosiale skilje i samfunnet utanfor, skapt av kulturelle tradisjonar.

Kjelder

Breidlid, H. (2020). Sikher. Oslo: Universitetsforlaget

Kaur, Harvir (2017). “En suksesshistorie”. I Reiss, Ellen (red.) (2017). Skal liksom liksompasset ditt bety noe. Minotenk: Frekk Forlag.

Sikher i Norge (u.å.). En samlingsportal for sikher i Norge. Henta 11. april 2019 frå https://www.sikher.no

CC BY-SASkrive av Halldis Breidlid. Rettshavar: Oslomet
Sist fagleg oppdatert 19.04.2022

Læringsressursar

Sikhismen